– Dette held ikkje, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre i Stortingets spørjetime i dag. Han meiner regjeringa har tapt viktig tid, når dei venta med å offentleggjere rapporten.
Tirsdag kunne NRK fortelje at rapporten om smitteverntiltaka sine konsekvensar for sårbare barn var klar den 20 april.
Men regjeringa offentleggjorde den ikkje før på ei pressekonferanse den 29 april. Ekspertgruppa bak rapporten peika på at tenestene til barn var blitt kraftig redusert og at mange etatar har gjennomført strengare smitteverntiltak enn nødvendig.
SV-leder Audun Lysbakken meiner viktig tid kan ha gått tapt fordi rapporten vart liggjande.
Foto: Terje Pedersen– Eg må seie at eg vart opprørt når eg såg kor lenge rapporten om svikt i tenestetilbodet for sårbare barn vart liggjande på regjeringas bord, før det passa å ta det ut i ein pressekonferanse, seier Audun Lysbakken, leiar for Sosialistisk Venstreparti.
- LES OGSÅ:
Det har gitt store konsekvensar.
Direktør Mari Trommald i Barne – og ungdoms og familiedirektoratet leiia ekspertgruppa som konkluderte med at sårbare barn og unge ikkje har fått tilbodet dei har krav på under krisa.
Foto: Tine PoppeRapporten omhandla dei som kanskje er aller mest råka av smitteverntiltaka, nemleg sårbare barn og unge. Direktør i barne – og ungdoms og familiedirektoratet Mari Trommald leiia ekspertgruppa og konkluderte slik:
– Kommunar og sjukehus har stramma inn meir enn det som Folkehelseinstituttet har anbefalt, og det gir store konsekvensar for barn og unge, sa Trommald.
Kvar dag tel
Audun Lysbakken kan ikkje forstå korleis regjeringa kunne vente med å offentleggjere så viktige funn:
– Her tel jo kvar einaste dag, og vi kan ikkje ha ein situasjon der kjempeviktig informasjon for almennheita, for kommunar og for opposisjon, ikkje kjem ut til folk før det passar med regjeringas kommunikasjonsstrategi.
Frp forarga
Også Frp er kritiske til regjeringa i handtering.
– At det har tatt no dagar før denne rapporten blei offentleggjort, det forargar oss i Frp, sa Silje Hjemdal stortingsrepresentant for Frp i Stortinget i dag.
– Normal prosedyre
Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad svara at dette er normal prosedyre og at det tek tid for departementet å kvalitetssikre slike rapportar.
– Når det er fem direktorat som leverer på oppdrag av meg som koordinerer dette i regjering, treng me gå gjennom rapporten. Det er i alle fall fire departement som direktoratene ligg under. At regjeringa får behandla saka og har ein felles kommunikasjon for oppfølging, det er heilt normalt, seier han til NRKs Politisk kvarter i dag tidleg.
Men det held ikkje meiner SV-leiaren, som krev meir openheit frå regjeringa.
– No synest eg begeret byrar bli meir enn fullt. No må me få meir openheit, og viktig informasjon om koronatiltaka må ut i offentlegheita med ein gong, seier han.