Hopp til innhold

Advokat om Mette-Marit-kontakt: – Det er mi erfaring at det ikkje er uvanleg

Mette-Marit har snakka med fornærma i valdssaka mot sonen Marius. No får ho støtte frå erfaren bistandsadvokat.

Prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag feires med festarrangement på hovedbiblioteket

NÆRT FORHOLD: Kronprinsesse Mette-Marit og sonen Marius på biblioteket Deichman i Oslo.

Foto: Lise Åserud / NTB

Marius Borg Høiby har framleis ikkje forklart seg til politiet, etter råd frå sin eigen forsvarar. Men mor Mette-Marit har snakka med den fornærma kvinna i saka.

Tysdag stadfesta Slottet til NRK at kronprinsesse Mette-Marit personleg har hatt kontakt med den fornærma kvinna etter hendinga med sonen Marius Borg Høiby. Dei kommenterte ikkje kven som tok kontakt med kven.

– Vi ønsker ikkje å gå inn i detaljar då det er privat, skriv Guri Varpe, kommunikasjonssjef for Slottet til NRK.

Advokat Anette Skjerven Arnkværn

Advokat Anette Skjerven Arnkværn meiner det høyrer absolutt til rariteten at familiemedlemmer av valdsutøvarar prøver å negativt påverke fornærma i slike saker.

Foto: Elden Advokatfirma

– Livskrise

Anette Skjerven Arnkværn i Elden Advokatfirma er ein av dei mest brukte bistandsadvokatane i Oslo.

Ho vil ikkje kommentere Høiby-saka konkret, men seier at det ikkje er overraskande at det har vore ein kontakt.

– Det er mi erfaring at det ikkje er uvanleg at familiemedlemmer av valdsutøvar utviser omsorg og omtanke for den fornærma, snarare tvert imot, seier Arnkværn.

Til VG seier den erfarne advokaten Gunhild Lærum at slik kontakt ikkje er ulovleg i seg sjølv.

– Om det er lurt, er noko anna, skriv ho i ein SMS til avisa.

Advokat Arnkværn påpeiker at påverknad av vitner er straffbart, men at kontakt ikkje behøver bety påverknad. Ho minner om at slike saker er ei livskrise ikkje berre for valdsutøvar og valdsoffer.

– Det er det også for deira næraste familie som ofte er nært kjenslemessig knytt til kvarandre som svogre, svigerinner, svigerforeldre og så vidare.

Krimkommentator i VG, Øystein Milli, meiner det er spesielt at det har vore ein kontakt mellom fornærma og kronprinsessa.

– Hensikta vil eg gå ut frå er god, men det kan jo vere nokon som reagerer på at det finst ein sånn kontakt. Men foreløpig veit vi lite om, eller ingenting om kva som er sagt, seier Milli.

Politiet om Marius Høiby

Politiinspektør Henriette Taxt Røstadli stilte til intervju tysdag.

Foto: Hanna Johre / NRK

Dette veit vi om saka til no:

Åstaden

Det Høiby er sikta for skal ha skjedd i ei leilegheit på Frogner i Oslo, på den fornærma kvinna si folkeregistrerte adresse.

Klokka 12.30 søndag 4. august fekk politiet melding om ei valdshending på Frogner i løpet av natta. Basert på opplysningar frå fornærma og undersøkingar på staden, meldte politiet Høiby.

Det skriv politiet i ei pressemelding tysdag føremiddag.

NRK får opplyst at det var ei venninne av kvinna som tok kontakt med politiet. Det stadfestar også politiet til NRK tysdag.

– Det var fornærma si venninne som først tok kontakt med politiet og då var klokka 12.30, seier politiinspektør Henriette Taxt Røstadli til NRK.

Ifølgje NRKs kjelder skal Høiby ha vore på staden i tidsrommet ein gong mellom klokka 01.00 og 03.00 natt søndag.

Ifølgje siktinga til politiet skal Høiby ha utsett kvinna for vald og han skal ha gjort skade i leilegheita. Han er sikta for:

  • Kroppskrenking
  • Skadeverk

I leilegheita skal politiet ha teke beslag i ein kniv.

Prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag feires med festarrangement på hovedbiblioteket

Marius Borg Høiby er i hardt vêr etter at han no er sikta for vald og skadeverk.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ifølgje NRKs kjelder, som har kjennskap til saka, skal ikkje kniven ha blitt brukt mot den fornærma kvinna, men sett i veggen slik at veggen fekk skade. Den fornærma kvinna skal ifølgje NRKs kjelder ha blitt slått.

Fleire gjenstandar skal også ha blitt øydelagde i leilegheita.

NRK har vore i kontakt med Høiby sin forsvarar Øyvind Bratlien som viser til det han kommenterte førre veke.

– Det er viktig at prosessen får gå sin gang på riktig måte, og at media respekterer min klient sitt behov for ro og privatliv, sa han då.

Les også Marius Borg Høiby møtte politiet etter avtale – arrestert ved Jansløkka skole

Marius Borg Høiby og hans mor kronprinsesse Mette-Marit

Heller ikkje den fornærma kvinna sin bistandsadvokat, Mette Yvonne Larsen, vil kommentere saka.

Til NRK seier politiinspektør Røstadli at det dei er i ei tidleg fase av etterforskinga.

– Det er rammer og grenser for kva eg kan kommentere.

Den fornærma

Politiet opplyste i ei pressemelding førre veke er det er ein relasjon mellom Høiby og den fornærma kvinna.

Politiet har tidlegare opplyst om at dei blei varsla om det som hadde skjedd søndag føremiddag. Ifølgje NRKs opplysningar skal politiets patrulje ha kome til leilegheita like før kl. 13.00.

I ei pressemelding i dag skriv politiet at dei fekk melding kl. 12.30.

Bilde tatt på Frogner i august.

Det var i ei leilegheit på Frogner at hendinga skjedde.

Foto: Johanna Hauge

Der tok dei eit kort avhøyr av henne og sikra spor i leilegheita.

I løpet av dagen fekk den fornærma kvinna legetilsyn, men blei ikkje innlagt på sjukehus, som ulike medium har meldt.

Dette har også blir tilbakevist av kvinna sin bistandsadvokat, Mette Yvonne Larsen. Ho skreiv fredag at kvinna er sjukmeldt.

Mette Yvonne Larsen:Fornærmede ønsker å unngå spekulasjoner i saken og ber også om ro til å stå i prosessen som saken innebærer. Av hensyn til etterforskingen kan hun ikke utdype annen informasjon om fysiske skader enn at hun er sykemeldt og både har og har hatt legetilsyn. Hun har ikke vært innlagt på sykehus- og har heller ikke ønsket besøksforbud. Partene er i dialog.

Arrestasjonen

Høiby vart ifølgje NRKs opplysningar arrestert på utsida av Skaugum, ved Jansløkka skole, søndag ettermiddag i 16-tida. Politiet stadfestar no at dette skjedde klokka 16.10.

Han skal ha møtt politiet etter avtale, ifølgje NRKs kjelder. Dette stadfestar også politiet no.

«Han møtte der etter avtale med politiet, som hadde kontakta han per telefon kort tid i førevegen. Pågripinga gjekk roleg», skriv politiet.

– Han blei kontakta kort tid i førevegen, og det skjedde roleg og utan noko form for dramatikk, seier Røstadli i politiet til NRK.

Ein patrulje frå Utrykkingseininga (UEH) skal ha plukka han opp og køyrde han til sentralarresten på Grønland.

PST stadfesta tysdag at dei fekk varsel frå Oslo politidistrikt søndag. PST har til vanleg tilhald på Skaugum, men berre når nokon dei beskyttar er der.

Ifølgje NRKs kjelder var ikkje PST der i dette tidsrommet. Alle dei andre i kronprinsfamilien var bortreist.

Høiby sit i arresten over natta. Det er politiet som har oppretta sak mot Høiby.

Det blir då tatt blodprøve av Høiby:

Kva viser blodprøvene?

– Førebels har vi ikkje fått svar på desse blodprøvene, så det kan eg heller ikkje kommentere, seier Røstadli i politiet til NRK.

Årsaka til at Marius Borg Høiby blei sett i arresten var faren for at han skulle øydelegge bevis. Det opplyser pressesjef Unni Grøndal i Oslo politidistrikt skriv i ei melding til NRK

AKTUELT NÅ