Hopp til innhold

Norwegian har sendt ut permitteringsvarsel

Før dei tilsette i Norwegian tok helg fekk dei eit varsel om permisjon. For om ikkje helgas forhandlingar fører fram til eit resultat vil det råke mange fleire enn dei 603 pilotane som vert tekne ut i streik.

Norwegian-fly

På måndag kan mange Norwegian-fly bli sette på bakken, om ikkje dei to partane finn fram til ei eining på konflikten.

Foto: Nilsson, Johan / NTB scanpix

Lasse Sandaker-Nielsen

– Det er for tidleg å seie noko om omfanget og tidspunktet for eventuelle permitteringar, seier kommunikasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.

Foto: Margret Helland / NRK

Natt til måndag er fristen. Vert ikkje leiinga i Norwegian einige med pilotane i konsernet, så vil 603 skandinaviske flygarar bli tekne ut i streik frå byrjinga av neste veke. Naturleg nok kan det gi store ringverknader også for resten av konsernet.

– Det er sendt ut permitteringsvarsel til dei tilsette. Det er for tidleg å seie noko om omfanget og når det eventuelt kan trø i kraft. Vårt hovudfokus er på forhandlingane og å få dei i hamn, seier kommunikasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.

Ny tariffavtale er kjelda til konflikt

Sandaker-Nielsen kallar permisjonsvarselet for rein prosedyre, og har tidlegare gjort det klart overfor NRK at flyselskapet har set seg mål om å kome fram til ei eining som ikkje råkar dei tilsette og passasjerane.

Konflikten mellom pilotane og Norwegian har bakgrunn i at Norwegian ønskjer å danne ein ny struktur, som medfører at tariffavtalen som har vore gjeldande fram til no vert avslutta. Forhandlingane om ein ny tariffavtale fall saman i midten av oktober.

Det er arbeidstakarorganisasjonen Parat som forhandlar på vegner av Norwegian Pilot Union. Dei meiner at pilotane kan miste rettar som dei har bygd opp over tid, når ein ny tariffavtale skal bli vedteken.

Parats forhandlingsleiar, Thore Halvorsen, har tidlegare sagt at dei stiller med ope sinn og ventar ei løysing på konflikten.

Streik vil råke mange direkte

Nestleiar i Parat, Vegard Einan, meiner det ikkje ligg noko dramatikk i at Norwegian har sendt ut varsel om permitteringar.

– Det skjer i dei fleste konfliktar kor det er streikefare. Det er heilt vanleg at bedriftene gjer dette for at dei ikkje skal bli nøydde til å betale ut personalkostnadar til tilsette som likevel ikkje kan gjere jobben sin, seier Einan.

I tillegg til Norwegian sine pilotar organiserer Parat også 1.200 kabintilsette i Norwegian. No er det sendt ut råd om kva dei bør gjere om forhandlingane skulle ende i streik.

– Me gir råd om at dei må kontakte NAV og melde seg som arbeidssøkjar. Dette er standard prosedyrar, og ikkje noko nytt, seier Einan, som ikkje kjenner til at det har kome inn nokre uromeldingar frå andre tilsette i Norwegian.

Partane har frist til midnatt, søndag kveld, med å kome til ei eining. Om dei ikkje lukkast vil mange av konsernets 79 fly stå på bakken, og fleire av dei 3.000 vil bli tvungne ut i permisjon.

AKTUELT NÅ