Hopp til innhold

Over 400.000 har lasta ned Smittestopp: – For få, meiner forskar

FHI meiner appen har ein nytteverdi, sjølv med lågt brukartal. Forskar er ueinig.

Folkehelseinstituttets nye app «Smittestopp»

MÅTTE RELANSERAST: FHI måtte skrota den tidlegare Smittestopp-appen. I desember lanserte dei den nye appen med same namn.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I litt over tre veker har FHI sin smittesporingsapp Smittestopp vore tilgjengeleg. Den tidlegare appen, med same namn, blei skrota då han fekk personvernkritikk og dårlege resultat.

Frå lanseringsdagen 21. desember fram til søndag 10. januar, er det 419.600 personar som har lasta appen ned, viser tal som FHI nyleg har publisert.

Les også: Tre uker til lansering: Slik skal FHI unngå ny Smittestopp-flopp

Assisterande FHI-direktør Gun Peggy Knudsen seier det vil vera nytte knytt til Smittestopp, sjølv med ein lågare andel brukarar, som no.

– Men vi ynskjer at endå fleire skal ta han i bruk, seier Knudsen.

Gunn Peggy Knudsen, assisterende direktør FHI

Assisterande FHI-direktør: Gun Peggy Knudsen.

Foto: Paal Wergeland / NRK

På spørsmålet om kor mange som bør lasta appen ned for å få maksimalt utbytte av han, svarar assisterande FHI-direktør:

– Vi har ikkje sett eit måltal for dette. Dess fleire som brukar han, dess høgare nytte for den einskilde brukaren og for befolkninga, seier ho.

Er redd appen gjev falsk tryggleik

Frode Strisland er seniorforskar i Sintef Digital. Han meiner FHI ikkje kan vera nøgde med dei om lag 420.000 nedlastingane.

– No har ca. 10 prosent av befolkninga til Noreg som er over 16 år, som er dei som kan bruka appen, lasta han ned. Det vil igjen seia at det berre er så lite som eitt prosent av møta som skjer i samfunnet som appen i beste fall klarer å fanga opp, seier han.

Strisland meiner at appen i dag har svært avgrensa nytte, fordi det er så få som nyttar han og at det dermed er så få tilfelle som blir registrerte.

Skeptisk: Sintef-forskar Frode Strisland meiner Smittestopp-appen har avgrensa nytte.

Skeptisk: Sintef-forskar Frode Strisland meiner Smittestopp-appen har avgrensa nytte.

Foto: Werner Juvik / Sintef

– Det finst ikkje eit svar med to strekar, men eg meiner at minst 70 prosent må bruka appen. Om sju av ti nyttar appen, vil halvparten av møta i samfunnet i beste fall bli registrerte.

– Eg er også redd at appen kan gje brukarane ein falsk tryggleik som går ut over nytteverdien. Appen erstattar ikkje andre viktige smitteverntiltak, som å halda avstand, god handhygiene og unngå andre om du har symptom, seier han.

Eit supplement

– Dette er eit tiltak som skal supplera manuell smittesporing og andre smitteverntiltak, presiserer assisterande FHI-direktør Gun Peggy Knudsen.

Ho seier at det vidare målet med appen, er at endå fleire tar han i bruk, slik at fleire smittekjelder kan stoppast.

– Det vil vera situasjonar der ein ikkje kjenner, eller hugsar dei ein har vore i nærleiken av. Då vil Smittestopp kunna gje ein unik tilleggsverdi utover det manuell smittesporing klarer å avdekka, meiner ho.

AKTUELT NÅ