Hopp til innhold

FHI stoppar all innsamling av data i Smittestopp

FHI slettar alle data frå appen Smittestopp og stoppar midlertidig innsamlinga av data etter varsel om forbod frå Datatilsynet.

Smittestopp

STOPPAR «SMITTESTOPP​​​​​​​»: FHI har sletta alle data frå appen Smittestopp.

Foto: Folkehelseinstituttet

– Vi meiner det ikkje er uforholdsmessig inngripande. Vi meiner det vil svekkje delar av beredskapen vår når vi slettar data, seier Camilla Stoltenberg til NRK.

FHI slettar no alle data frå appen Smittestopp og stoppar inntil vidare innsamling av data etter varsel om forbod frå Datatilsynet.

Dette vil gje dårlegare beredskap fordi vi taper tid til utvikling og testing av appen, og også dårlegare kontroll over smittespreiinga i Noreg, skriv direktør Camilla Stoltenberg i ei pressemelding som måndag morgon vart publisert på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

– Vi er ikkje samde i Datatilsynets vurdering, men ser oss no nøydd til å slette alle data og setje arbeidet på pause som følgje av varselet. Vi svekkjer med dette ein viktig del av beredskapen vår mot auka smittespreiing, fordi vi taper tid til utvikling og testing av appen, skriv ho.

Appen har ifølgje Folkehelseinstituttet vorte lasta ned 1,6 millionar gonger, og har nesten 600 000 aktive brukarar som delar data med FHI, ifølgje tal frå 3. juni.

Camilla Stoltenberg

Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

FHI kan halde fram med å samle inn data

– At dei tek ned løysinga frå i dag av er deira val, vi har sendt dei eit varsel og skal diskutere dette nærare med dei på fredag, seier direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon.

Han understrekar at FHI framleis kan halde fram med å samle inn data, om dei gjer det på ein meir forsvarleg måte med tanke på personvernet til brukarane av appen. Varselet om forbod betyr derfor ikkje at smitteappen forsvinn for godt.

– No har FHI moglegheit til å komme med tiltak, som gjer personverninngrepa mindre, og vi har gjeve dei ein frist til 23. juni. Det er først etter det at vi eventuelt kjem til å fatte det endelege vedtaket vårt, seier Thon.

Datatilsynet sende fredag eit varsel til FHI om mellombels forbod mot å behandle personopplysningar gjennom appen Smittestopp.

Der skriv dei:

«Ut fra dagens situasjon med lav smitteutbredelse, lav oppslutning om Smittestopp og
mangelfull oppnåelse av formålene om smittesporing og evaluering av smitteverntiltak,
anser vi imidlertid ikke lenger Smittestopp som et forholdsmessig inngrep i den enkelte
brukers personvern».

zOpX66qDD_o

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Meir inngripande enn nødvendig

Datatilsynet er særleg kritisk til FHI sin bruk av GPS til å samle inn posisjonsdata:

– Vi må heile tida vurdere den tekniske løysinga, og no meiner vi ho er meir inngripande enn nødvendig. Mellom anna har FHI valt å bruke GPS i smittesporingsdelen. Å bruke GPS til det er i strid med det WHO og det europeiske personvernrådet tilrår sidan det er eit så pass stort inngrep i personvernet til folk, seier Thon.

– Kan brukast til overvaking i stor skala

Datatilsynet grunngir òg varselet om forbod med at smittesituasjonen i Noreg no er mindre alvorleg, og at omsynet til personvern derfor veg tyngre enn behovet for å spore smitta:

«Gjennom Smittestopp samler FHI inn svært store mengder personopplysninger, til dels av sensitiv art. FHI kan blant annet overvåke bevegelsesmønsteret til den enkelte som har tatt appen i bruk. I tillegg samler Smittestopp inn opplysninger om brukernes kontakter med andre brukere av appen. Avhengig av hvor mange som laster ned og bruker appen, kan overvåkingen skje i stor skala», skriv dei i varselet.

– Ein viktig del av beredskapen

Camilla Stoltenberg meiner derimot at appen framleis har ei så viktig rolle i smittevernarbeidet at det veg opp for inngrepet i personvernet til brukarane:

– Vi meiner det ikkje er uforholdsmessig inngripande. Vi meiner det vil svekkje delar av beredskapen vår når vi slettar data, seier direktøren i Folkehelseinstituttet

Ho meiner varselet om forbod hindrar testinga av appen.

– Appen er ein viktig del av beredskapen i den situasjonen vi er i no, vi planla å teste han ut sjølv om det er eit lågt tal på smitta. Den utviklinga av appen får vi ikkje testa ut no, seier Stoltenberg.

– No har appen 600.000 aktive brukarar. Skal dei slutte å bruke den?

– Først og fremst bestemmer kvar enkelt det sjølv. Vi håper flere vil behalde den, slik at vi kan reaktivere den raskt, seier Stoltenberg før ho svarar:

Men det er lurt å deaktivere appen, gå inn og trykk på deaktiver.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Vidar Ruud

Nakstad: – Eit veldig viktig verkemiddel for framtida

– Eg håpar appen kan bli relansert som ein god smittesporingsapp. Den vil vere eit veldig viktig verkemiddel for framtida, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Nakstad trur FHI no vil leggje stor innsats i å forbetre appen og ta han i bruk igjen. Han meiner han vil spele ei viktig rolle om koronasmitten blussar opp igjen:

– Ikkje minst viss vi kjem i ein situasjon der vi har lite andre smittebegrensende tiltak, då blir det å fange opp sjuke personar òg gjennom app ein viktig måte å avgrense smitte i Noreg på.

AKTUELT NÅ