Ved utgangen av juni var oljefondet investert i 61 israelske selskap.
11 av disse har ikkje vore på Finansdepartementet si «handleliste», men selskap fondet sjølv aktivt har investert i. No har dei selt seg ut av alle desse 11, opplyser oljefondet i ei pressemelding.
– Disse tiltaka tek vi i ein heilt spesiell konfliktsituasjon, seier oljefondssjef Nicolai Tangen.
– Situasjonen på Gazastripa er ei alvorleg humanitær krise. Vi er investert i selskap som opererer i eit land som er i krig, og forholda på Vestbreidda og Gaza har forverra seg den seinare tida. Difor styrkar vi aktsemda vår ytterlegare.
Tangen seier dei med nedsalet reduserer risiko ved at det då er færre israelske selskap fondet og Etikkrådet treng å følgje med på.
Framover vil oljefondet også berre investere i israelske selskap som står på Finansdepartementet si «handleliste».
NRK har bedt oljefondet om namna på dei 11 selskapa dei no har selt seg ut av. Fondet svarer at det vil kome med meir informasjon under ein pressekonferanse tysdag klokka 8.
Stoltenberg varslar ytterlegare tiltak
– Dette er ei viktig avgjerd. Eg er glad for at banken har følgt oppmodinga og handla raskt, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap).
Under pressekonferansen seier Stoltenberg at dette er første viktige steg, og at det vil kome ytterlegare tiltak. Det vere seg å trekke seg ut av fleire israelske og ikkje-israelske selskap.
Finansministeren understrekar på nytt at det i dei etiske retningslinjene oljefondet skal følgje, står klart at fondet ikkje skal vere investert i selskap som medverkar til statar sine brot på folkeretten.
– Difor skal ikkje oljefondet ha eigardelar i selskap som medverkar til Israel si krigføringa på Gaza, seier Stoltenberg.
Opposisjonen på Stortinget meiner dette løyser lite, og fleire meiner Noreg må selje seg ut av alle israelske selskap:
- Gorm Kallestad / NTB
Kirsti Bergstø, partileiar i SV
– For oss er det uforståeleg at ein ikkje trekkjer alle investeringar frå eit land som akkurat no gjer eit folkemord, seier Bergstø.
Ho meiner oljefondet sine handlingar kjem for seint.
– Oljefondet er framleis tungt investert i folkemordet, og når regjeringa etter snart to år med krav seier at dei skal rydde opp, så er ein liste på 11 israelske selskap ikkje nok, seier Bergstø.
- William Jobling / NRK
Marie Sneve Martinussen, partileiar i Rødt
– Den siste veka har vist med all tydelegskap at Noregs sparepengar fungerer som bidrag til Israels folkemordøkonomi, og at vi ikkje kan vere trygge på at vi følgjer våre folkerettslege forpliktingar.
Martinussen viser mellom anna til tidlegare oljefondssjef Knut Kjær, som har teke til orde for å trekkje oljefondet ut av Israel.
– Vi må trekkje oljefondet heilt ut av Israel, seier Martinussen.
- Ismail Burak Akkan / NRK
Guri Melby, partileiar i Venstre
– Eg synest det er heilt utruleg at det måtte eit medieoppslag til for å få Arbeidarpartiet til å sjå på dette, og at det måtte ein partileiardebatt til for å få dei til å ta nokre grep, seier Melby.
Ho seier at det er Jens Stoltenberg sitt ansvar.
– Regjeringa si avgjerd om nedsal er verken ei avklaring eller ei innstramming. oljefondet held fram med dei same reglane som før.
- Henrik Einangshaug / NRK
Tina Bru, nestleiar i Høgre
– Det er svært overraskande at Finansdepartementet og Jens Stoltenberg har visst om dette i ein månad utan å gjere noko, seier Bru.
Ho meiner det er klokt at oljefondet har gått ein ekstra runde.
– Vi må kunne stole på at oljefondet og Etikkrådet gjer fortløpande vurderingar av utviklinga i selskap, særleg i så kompliserte og konfliktfylte område.
- William Jobling / NRK
Une Bastholm, stortingsrepresentant MDG
– Dette tyder på at regjeringa og oljefondsjefen endeleg har fått opp augo. Det er eit viktig første steg, sjølv om dei er oppsiktsvekkjande seint ute. Det neste som no må skje, er at vi trekkjer oss ut av alle israelske selskap og selskap som sel våpen til Israel, for å hindre at vi er delaktige i eit folkemord. Grusamheitene på Gaza og Vestbreidda blir berre verre og verre, seier Bastholm.
Men Stoltenberg er tydeleg på at det ikkje er aktuelt å selje seg ut av alle israelske selskap.
Seier opp avtalar med eksterne forvaltarar
Eit av selskapa som har fått mykje fokus den siste veka, er Bet Shemesh Engines.
Det skjer etter at Aftenposten sette søkelyset på oljefondet sin storgevinst i selskapet – eit selskap som også FriFagbevegelse stilte spørsmålsteikn ved i starten av juli.
Selskapet leverer delar og driv med vedlikehald av flymotorar, blant anna på fleire av Israel sine kampfly som slepp bomber over Gaza.
Dette selskapet stod ikkje på Finansdepartementet si «handleliste», men er eitt oljefondet aktivt har valt å investere i. Det var ikkje tilsette i Oslo som plukka ut selskapet, men ein ekstern israelsk forvaltar.
Meiner tilliten til oljefondet er svekka
No varslar oljefondet at dei tek heim alle israelske investeringar, og seier opp avtalane sine med dei eksterne israelske forvaltarane.
På spørsmål om kva Stoltenberg meiner denne saka har gjort for nordmenn sin tillit til oljefondet, svarer han følgjande:
– Eg trur denne saka sjølvsagt har bidrege til å svekke tilliten til oljefondet, og difor er det så ekstremt viktig at vi gjer dei tiltaka som er naudsynte for å rette opp igjen tilliten så raskt som råd, seier Stoltenberg.
Stoltenberg seier han framleis har tillit til oljefondssjef Tangen.
Varslar møte i kontrollkomiteen
No varslar også kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget at dei vil halde eit ekstraordinært møte tysdag som følgje av saka.
– Det er aktuelt å sende eit brev med ei rekke spørsmål til finansministeren om investeringane Statens Pensjonsfond Utland har i Israel. Dette er første steg før komiteen eventuelt opnar ei kontrollsak på eit seinare tidspunkt, skriv leiar Peter Frølich (H) i ein SMS til NRK.