Hopp til innhold

Økokrim åtvarar næringslivet om «deepfake»-svindel

Ein finansmann i Honkong vart nyleg lurt til å overføre kring 272 millionar kroner frå firmaet sin bankkonto ved bruk av «deepfake»-teknologi. – Det er ingen grunn til å tru at vi er mindre utsette, seier avdelingsdirektør.

NDawIx8H2So

Deepfake-teknologi breier om seg. Bildet viser ein person som går forbi ei framsyning av deepfake-teknologi med den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump i Bejing i Kina under sikkerheitskonferansen the Security China 2023 expo i fjor.

Foto: AP

I helga fortalte politiet i Hongkong om svindelåtaket retta mot ein finansmann i eit stort internasjonalt selskap i januar.

Han skal ha blitt kontakta av finansdirektøren i selskapet, som sa han ville diskutere nokre sensitive transaksjonar, ifølge den nasjonale kringkastaren RTHK.

Les også Så lett er det å gjøre Abid til Einar

FFI-forsker Eskil Sivertsen

«Deepfake»-teknologi i angrep

Finansmannen hadde først vore i stuss over førespurnaden. Då han seinare i eit videomøte diskuterte saka med det han trudde var fleire av hans eigne kollegaer, snudde han.

Svindlarane brukte «deepfake»-teknologi i angrepet, ifølge politiet i Hongkong. Ved hjelp av teknologien forfalska dei både video og stemmene til kollegaane, og rundlurte finansmannen.

Han gjorde til slutt 15 transaksjonar på totalt kring 272 millionar norske kroner etter dagens kurs.

Les også Ekspertar trur 2024 blir året for «deepfakes»

omEqo9vaKmY

– Gjer åtaka svært truverdige

No ber Økokrim både folk og næringsliv i Noreg om å vere på vakt.

Avdelingsdirektør for forebygging og etterretning i Økokrim, Lone Charlotte Pettersen

Avdelingsdirektør for forebygging og etterretning i Økokrim, Lone Charlotte Pettersen.

Foto: Økokrim

– Kriminelle har starta å ta i bruk «deepfake»-teknologi, som gjer åtaka svært truverdige, seier avdelingsdirektør for forebygging og etterretning i Økokrim, Lone Charlotte Pettersen.

– Det er forventa at kriminelle vil nytte seg av teknologien i fleire bedrageriformer framover

Økokrim registrerer at svindelåtaka blir meir og meir målretta og sofistikerte. Dei siste åra har det vore ein vesentleg auke i talet digitale bedrageri, og Økokrim meiner det no er eit samfunnsproblem.

Vil nyttast i direktørbedrageri

I si trusselvurdering trekk Økokrim fram at det svært sannsynleg at «deepfake» vil nyttast i auka omfang ved direktørbedrageri.

– Det er ingen grunn til å tru at vi er mindre utsette for slike bedrageri her enn i Hongkong, seier Pettersen.

Les også Lydklipp av Labour-leder kan være deepfake

Labour-leder Keir Starmer på Labour-konferanse i Liverpool 8. oktober 2023

NRK har tidlegare skrive at fleire forskarar trur at 2024 blir året for «deepfakes», etter at det i januar vart spreidd fleire falske nakenbilete av Taylor Swift.

Problematikken rundt «deepfake» blir tema i Urix onsdag klokka 21.20 i NRK TV eller på NRK1.

Les også Nær halvparten av svindelforsøkene mot Norge kommer herfra: – Overraskende

Bilde av Lusaka, hovedstaden i det afrikanske landet Zambia.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger