«Nei til 85 milliardar til krig i Ukraina», står det på store raude banner på T-banen i Oslo.
Bak kampanjen står partiet Fred- og rettferd (FOR) som blei starta i 2023.
Eit parti som uttrykkjer motstand mot Nato, og som meiner at Noreg ikkje bør bidra med midlar til krigføringa i Ukraina.
Sporveien opplyser til NRK at kampanjen blir ståande på T-banen fram til komande fredag.
Kostar mykje
Ein slik omfattande reklamekampanje på T-banen kostar mykje pengar, men partiet nektar å opplyse om kva dei har betalt eller kven som har betalt.
Til VG opplyser partiet at kampanjen inkluderer 8600 plakatar og skal vare fram til 25. mai.
Sporveien, som driftar T-banen, har sett vekk arbeidet med reklame til byrået JCDecaux.
Ifølgje deira prislister kostar ein tilsvarande kampanje over 1,4 millionar kroner for ei veke.
Det er før eventuelle rabattar:
Dette er prislista for kva det kostar å ha reklame på offentleg transport i Oslo. Uthevinga gjort av NRK.
Foto: Skjermdump JCDeauxSjef for JCDecaux, Gisle Holst Roness, vil ikkje seie noko om kva partiet har betalt.
– Det er sjølvsagt konfidensielt, skriv han i ein SMS.
Sporveien stadfestar at det er framforhandla ein rabatt for det politiske partiet.
– Men endeleg pris er konfidensiell, skriv Sporveien til NRK.
Må melde frå
Partiet nektar å fortelje kven som har gitt dei pengane som skulle til for å setje i verk ein slik kampanje.
Dette trass i at regelverket for pengar til valkamp er krystallklar.
Det er lovpålagt å opplyse om alle bidrag på over 10.000 kroner til eit politisk parti i eit valår.
På Kommunaldepartementet si side partifinansiering.no, står det ordrett:
«I samband med valår har partia ein særleg plikt til å rapportere inn bidrag over 10.000 kroner som er motteke i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.»
All slik støtte må registrerast. Her skal alle kunne sjå kor mykje dei ulike partia får i støtte.
Det einaste økonomiske bidraget til partiet som er registrert i år er ei gåve på 50.000 kroner.
Marielle Leraand er leiar for det nye partiet.
Foto: Pressefoto / partiet FOR.Nektar å svare
Partileiar Marielle Leraand vil ikkje svare på spørsmål om korleis dei har klart å finansiere ein så stor sum.
– Eg ønskjer ikkje å vere i nokon form for dialog med noko medium som berre vil ha teknisk info om finansiering, skriv Leraand til NRK.
Partiet sin toppkandidat i Akershus, Glenn Diesen, hevdar også hardnakka at han ikkje veit kven som har kome med pengane.
– Eg har ikkje oversikt over finansane eller kvifor denne informasjonen ikkje er delt. Eg har absolutt ingenting med dette å gjere, skriv Diesen til NRK.
Han har lenge vore kritisk til Nato og han har blant anna skrive fleire artiklar for den russiske nettstaden Russia Today.
Sterke reaksjonar
Innhaldet i kampanjen til partiet FOR har vekt sterke reaksjonar blant politikarar frå fleire parti.
Lars Haltbrekken (SV) ber kommunal- og distriktsministeren svare.
– Korleis ser valministeren på dette og kva vil statsråden gjere for å få på det reine kven som står bak finansieringa av denne kampanjen? spør Haltbrekken i eit skriftleg spørsmål på Stortinget.
Han meiner kampanjen ligner på russisk propaganda.
Partiet FOR hevdar blant anna at krigen blei utløyst av Nato sitt mål om å ta Ukraina inn som medlem, og kan stansast ved å skrinlegge dette målet.
Mathilde Tybring-Gjedde (H)
Foto: Emilie Holtet / NTBStortingspolitikar Mathilde Tybring-Gjedde frå Høgre kallar det eit ekko av russisk propaganda.
– Om ein ikkje støttar Ukraina militært og sivilt, så blir det ikkje fredsforhandlingar og fred, seier Tybring-Gjedde til NRK.
Vil vite summen
Eivor Evenrud er fraksjonsleiar i bystyret for kultur og utdanning for Oslo Arbeidarparti.
Ho peikar på at det er lov å kjøpe seg politisk reklameplass og ho sjølvsagt ikkje er i mot ytringsfridom.
Men ho meiner at det er eit lovbrot at dei ikkje vil seie kven som har betalt.
– Dei følgjer ikkje lovverket om offentleg informasjon om partifinansiering, meiner Evenrud.
Sporveien, som driv T-banen i Oslo, vil heller ikkje gje ut opplysningar om kva det nye partiet har betalt for kampanjen.
– Kampanjen det blir vist til, har vore gjennom ei vurdering, og som det er konkludert med at ho er innanfor gjeldande regelverk, skriv Sporveien.
Plakatar rivne ned
Sundag kveld var fleire av plakatane til partiet FOR rivne ned i fleire vogner på T-banen i Oslo. På Tøyen T-banestasjon såg NRK mellom 30 og 40 plakatar langs veggen på perrongen, og nokre var stappa ned i søppeldunkar i vognene.
Pressekontakt Tone S. Tuhus i Sporveien stadfestar sundag kveld til Avisa Oslo at dei er kjende med at nokon har fjerna plakatar frå T-banevognene. Dei oppmodar alle reisande om å la plakatane henge.
– Det er ytringsfridom i Noreg, og reklamekampanjen er godkjend i samsvar med gjeldande retningslinjer, seier Tuhus til Avisa Oslo.
Ho seier vidare at dei vil vurdere kva tiltak som skal setjast i verk etter hendingane sundag
Plakatar som har blitt rivne ned, stod langs veggen på perrongen på Tøyen T-banestasjon.
Foto: Simon Zetlitz Nessler / NRK