Seinast i februar gjekk Justisdepartementet ut og åtvara mot ein falsk Grete Faremo-profil på nettsamfunnet Twitter.
Den gongen blei det tvitra følgjande melding frå den falske kontoen: «Jeg er positiv til KRF, AP, SV og Sp sammen i regjering».
No har det skjedd igjen.
«Government of Norway receives now the news of the death of Aung San Suu Kyi».
Dette var det usanne bodskapet som blei tvitra frå kontoen til det som framstår som den norske justisministeren Grete Faremo (Ap) i ettermiddag.
Profilen, med bilete av justisministeren, blir presentert som GRETE FAREMO, Justisminister, Norge. Official Twitter Account Oslo, Norway.
– Ingenting med Faremo å gjera
– Dette har ingenting med korkje Grete Faremo eller Justisdepartementet å gjera, seier kommunikasjonsrådgjevar i departementet si informasjonsavdeling, Steffen Aagedal til NRK.
Justisdepartementet ønskjer ikkje å kommentera om det er beklageleg at dette skjer med nettopp justisministeren.
– Det er diverre slikt som skjer iblant iblant. Det er ikkje vanskeleg for folk å oppretta falske profilar og gje seg ut for å vera ein annan person på nettet. Det viktigaste for oss er å formidla at dette ikkje har noko med justisministereren eller justisdepartementet å gjera, opplyser Aagedal.
Justisdepartementet kjem no til å rapportera til Twitter om den falske statsråd-profilen.
Aftenposten-redaktør gjekk fem-på
Den falske meldinga skapa full forvirring om den burmesiske demokrati- og fridomsforskjemparen. Det tok berre minuttar før den uriktige opplysninga fór som ein farsott rundt blant medlemmene av nettsamfunnet og mikrobloggingstenesta.
Ein av dei som vidareformidla meldinga var kultur- og debattredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås. Etter å ha fått kjennskap til at meldinga var usann, ser han på hendinga som ei viktig påminning.
– Dette viser at ein må vera like kjeldekritiske i sosiale media som i alle andre media. Det er viktig å rapportera om spam, og ta avstand og blokkera for slikt.
– Det negative med sosiale media er at falske rykte kan spreia seg lynraskt, men det positive er at ting også blir korrigerte veldig fort, legg redaktøren til.
Kva tenkjer du om at du som er ein truverdig stemme i samfunnsdebatten har spreidd dette ryktet vidare?
– Det viser at ein må ta ansvar og tenkja seg om før ein «retweetar» slike ting. Eg er generelt forsiktig med sånt, og kjem nok ikkje akkurat til å bli mindre forsiktig i framtida, seier Åmås.