Hopp til innhold

Kraftig nordlys over Noreg i natt: – Eg ville sjekka himmelen i kveld òg

I dag truar skydekket utsikta, men meteorologen aner håp: – Det er definitivt forhold for nordlys i kveld òg, skyene må berre samarbeide.

Nordlys over Sandhornøy i Nordland
Foto: Bård Einset

Det var heftig nordlys-aktivitet over nær heile Noreg natt til onsdag. Det syner dei flotte bilda NRK-brukarar har sendt oss frå heile landet.

Vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis fortel at KP-indeksen er på 5 – det indikerer kraftig nordlys som når langt sør i dag òg.

En bil som kjører gjennom et grønt nordlys

Eit fantastisk lysshow pryda himmelen i natt. 

Foto: Andreas Sande

Men meteorologen har ein nedslåande beskjed til alle som håpar på å faktisk få sett nordlyset.

– Det er generelt ganske overskya i heile landet. Vestlandet og Trøndelag må nok berre gløyme å sjå nordlys i kveld, seier Sarchosidis.

Best sjansar for å sjå nordlys, har ein i Finnmark – men det kjem nok ikkje som den største overraskinga.

Charalampos Sarchosidis

Vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis meiner det kan vere verdt å vende blikket oppover i kveld òg.

Foto: Privat

Når det gjeld Sør-Noreg, aukar sjansane for å sjå lysshowet desto lengre aust ein kjem.

– I Oslo, og austover mot svenskegrensa, ville eg sjekka himmelen i kveld òg. Det kan vere skyene er tynne nok til at ein får sett nordlyset. Det er definitivt forhold for nordlys i kveld òg, skyene må berre samarbeide.

Har du bilder av nordlyset? Du kan sende inn ved å trykke her.

AKTUELT NÅ