Hopp til innhold

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit opnar tilsynssak etter lekkasje til media

Etter fleire medieoppslag med informasjon som er gradert om norsk våpeneksport, vil Nasjonal sikkerheitsmyndigheit, NSM, etterforske lekkasjane.

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Aftenposten og andre medium har omtalt dokument dei ikkje skulle hatt tilgang til frå Utanriksdepartementet. Her ved utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Denne veka avslørte Aftenposten at UD godkjende våpeneksport til Emiratane, trass i at landet braut folkeretten. Informasjonen kom frå ein gradert rapport.

No opprettar Nasjonal sikkerheitsmyndigheit, NSM, tilsynssak på bakgrunn av informasjonen som har lekka i media.

– Kompromittering av sikkerheitsgradert informasjon er eit alvorleg brot på lov om nasjonal sikkerheit, og kan ha vesentlege skadefølger, seier avdelingsdirektør Vigdis Grønhaug i NSM til NTB.

Skal kontakte kjelder

Dei har enno ikkje hatt tilgang til den graderte informasjonen, og kjenner saka berre frå omtalen i media.

– Oppgåva vår er å føre tilsyn med sikkerheitstilstanden i verksemder som er underlagt sikkerheitslova. Dette omfattar ikkje Riksrevisjonen, som er eit av organa til Stortinget. Men vi vil no ta kontakt med relevante kjelder for å få saka opplyst best mogleg, seier ho.

Dei som bryt sikkerheitslova med vilje eller er grovt aktlause skal bli straffa med gebyr, tvangsmulkt eller straff.

Aftenposten seier dei valde å publisere opplysningane fordi dei meiner dei var av stor offentleg interesse.

– Det handlar om å gjere dei same presseetiske vurderingane som vi gjer med alle kjelder. Utover det er det naturleg å understreke at kjeldevernet er absolutt, seier nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten til NTB.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger