Minst eitt års venting for å få asyl i Norge

Det vil ta over eitt år - kanskje to - før nye asylsøkjarar har fått behandla søknaden om opphald i Norge. Sjølv om UDI tilset mange nye saksbehandlarar, blir ikkje apparatet stort nok til å handtera den store asylstraumen.

Minst ett års venting for å få asyl i Norge.

- Det blir mykje ventetid. Dei må først vente til dei kjem til intervju og så må dei vente til asylsøknaden er behandla, seier Vesna Curk, fungerende avdelingsdirektør i UDI

Fungerande avdelingsdirektør Vesna Curk i Utlendingsdirektoratet seier at ingen av dei som no søkjer asyl her i landet kan rekna med å vera ute i det norske samfunnet i løpet av kort tid.

Tar lang tid

Det vil nok ta ganske lang tid. Slik situasjonen er no, vil det sikkert ta langt over eitt år, vil eg tru.

Og det er ein grunn til at dei som truleg skal bli våre nye landsmenn må venta seier ho:

Vi er nødt til å begrense tilstrøyminga av dei som ikkje har krav på vern. Derfor må vi behandle dei sakene svært raskt.

150 nye stillingar

For sjølv om UDI skal vekse med 150 nye stillingar no, og ytterlegare 100 neste år, er asyltilstrøyminga så stor at det vil ta lang tid å tøme asylmottaka og få nye landsmenn busett ute i samfunnet. Apparatet er rett og slett ikkje stort nok.

– Vi må nok finne måtar på å jobba enklare. Vi må sjå på korleis vi jobbar, kva vi kan gjera på andre måtar, utan at dette går ut over rettstryggleiken for dei som søkjer asyl.

Les også: Russland åpen for å ta tilbake flyktninger

Les også: Solberg og KS ber kommunene løse asylkrisen

Og det er ikkje sjølve saksbehandlinga som tar så lang tid, det er køen.

- Det blir mykje ventetid. Dei må først vente til dei kjem til intervju og så må dei vente til asylsøknaden er behandla.

700 søkjer jobb i UDI

UDI har lyst ut ledige stillingar som saksbehandlarar i etaten. Dei fleste nye stillingane blir lagt til Oslo, nokre i Trondheim og Kirkenes, og responsen er stor. 700 har søkt.

Det er svært gode kandidater, seier Vesna Curk.

SISTE NYTT

Siste meldinger