Hopp til innhold

– Det er ganske ekkelt at det er eit pass der ute, som er vår son sitt

Daniel Egge Roux og sambuaren bestilte pass til sonen, men fekk to pass til ukjende i posten. Det viste seg å vera starten på ei lengre rekke av pass på avvege.

Daniel Egge Roux står føre postkassa i Stavanger og held dei to passa som ikkje tilhøyrer sonen hans, men som han fekk tilsendt i posten.

BESTILTE EIT, FEKK TO: Daniel Egge Roux (på bildet) og sambuaren Veronica Opheim bestilte pass til sonen sin. I posten fekk dei to pass som høyrde til personar som overhovud ikkje var sonen.

Foto: Privat

– Det er ganske ekkelt at det er eit pass der ute, som er vår son sitt, som me ikkje veit kor er, seier han til NRK.

Som ein del av førebuingane til sommarferien, bestilte Daniel Egge Roux og sambuaren Veronica Opheim pass til barna. Siste som mangla var minstemann.

Dei var heldige og fekk tak i ein time, og etter ei stund fekk dei beskjed om at passet var sendt ut.

Då dei henta passet som hadde kome i posten, fann dei plutseleg to.

– Me lurte på om dette var noko nytt dei hadde begynt med, at ein skulle få dobbelt opp.

Kartet viser kven som har fått passa til kven. Opheim (1) har fått passet til Opkvitne (2) og ein person på Austlandet (3), og Opkvitne (2) har fått passet til Christine Opland (4). Opland fekk igjen passet til eit barn i Trønderlag.

Men i konvoluttane låg det to pass som overhovud ikkje var deira son.

Det eine tilhøyrde ei kvinne i Bergen, og det andre ein person på Austlandet. Opheim og Roux bur i Stavanger.

Dei klarte å spora opp begge, men Opheim er bekymra for passet til sonen.

– Vår son er ikkje lika lett å spora opp, så me håper jo at det er ærlege folk der ute som vil levera frå seg det passet til politiet.

Ei mogleg forveksling

Fredag kontakta dei kvinna i Bergen, Marta Seim Opkvitne. Dei kjende ikkje kvarandre frå før.

Veronica Opheim spurte Opkvitne om ho hadde bestilt nytt pass. Bergensaren bekrefta.

Då fekk ho beskjed at passet hennar var sendt til Opheim.

– Det syntest eg var veldig spesielt, seier Opkvitne.

Opkvitne synest det var uhyggeleg.

– Du veit jo aldri kva som kunne skjedd med passet.

Martha Seim Opkvitne

Marta Seim Opkvitne i Bergen bestilte nytt pass, men fekk passet til Christine Opland i Oslo i posten.

Foto: Privat

Ho sa at ho skulle sjekka sin eigen postkasse, for å sjekka om passa deira hadde blitt forveksla.

I postkassa hennar låg passet til Christine Opland adressert til Opkvitne i Bergen. Opland bur i Bærum.

– Det er tydeleg at dette er ei svikt, seier Opkvitne.

Ho tok kontakt med Opland, som først tenkte at det måtte vera tull.

– Men så skjønte eg jo at det var riktig, og då blei eg litt forbausa over at det gjekk an å gjera ein slik feil, seier Opland.

Ho sjekka sin eigen postkasse og fann passet til eit barn som høyrer til Trøndelag politidistrikt.

Nytt norsk pass liggande på ein konvolutt. Konvolutten er adressert til ein person som har bestilt pass, men passet inni tilhøyrer eit barn som høyrer til eit heilt anna politidistrikt.

Passet til eit barn i Trøndelag blei sendt til Christine Opland i Oslo.

Foto: Christine Opland / Privat

Attraktive opplysningar for kriminelle

Administrerande direktør Lars-Henrik Gundersen i Norsk senter for informasjonstryggleik (Norsis) meiner det er alvorleg at ein etat som politiet sender personopplysningar til feil person.

– Det er openbert behov for ei gjennomgang og forbetring av rutinane ved utsending av pass.

Eit pass inneheld opplysningar som er attraktive for kriminelle, fortel Gundersen.

Opplysningane kan brukast til å opna ein bankkonto, ta opp forbrukslån eller teikna eit mobilabonnement, såkalla identitetstjuveri.

– I tillegg er eit pass i seg sjølv handelsvare blant kriminelle.

Administrerende direktør i NorSIS, Lars-Henrik Gundersen står i en gulbrun ufokusert gang. Han har på mørk blå dressjakke, hvit skjorte og briller med tynn, sort innfatning. Han ser inn i kameraet. Bildet er tatt i portrettformat.

Administrerande direktør i Norsis Lars-Henrik Gundersen.

Foto: Fotografene BeckBack

Gundersen oppfordrar personar som har fått passet sitt på avvege om å vera ekstra merksame på informasjon frå banken eller offentlege instansar.

Politiet: Feil hos leverandøren

Norske pass blir produsert og levert av selskapet Thales i oppdrag frå Politidirektoratet.

Då NRK tar kontakt med Politidirektoratet (Pod), sa dei at dei ikkje kjente til desse feilleveringane. Etter ein sjekk med leverandøren Thales, kom dei fram til at det var ein feil hos leverandøren.

Ifølge politiet skal passa ha blitt putta inn i feil konvolutt.

NRK har tatt kontakt med Thales, men har førebels ikkje fått svar på kva som har skjedd.

Passa blir ifølge avdelingsdirektør Bjørn-Eirik Vandvik i Pod pakka manuelt.

Nye ID-kort og pass

Avdelingsdirektør Bjørn-Eirik Vandvik viser fram eit norsk ID-kort og pass. Bildet er tatt i samband med ei anna sak.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Det skjer av og til, ein sjeldan gang i blant, og gjeld normalt veldig få pass. Det er rett og slett ein feil som har skjedd hos leverandøren.

Førre gong det skjedde var i vinter. Då skal 16 pass ha kome på avvege, ifølge Vandvik.

Dei veit førebels ikkje kor mange pass det er snakk om denne gongen.

– Så er det veldig viktig at det er politiet som får dokumentet, og at ein ikkje sender dokumentet til den rette eigaren, for dette er eit viktig verdipapir som politiet må ha kontroll på.

Vandvik seier at politiet vil varsla Datatilsynet om passa dei veit har kome på avvege.

Er det ein feil de lever godt med?

– Me lever aldri godt med når pass kjem på avvege. Samtidig er det heldigvis veldig sjeldan dette skjer. Me utferder fleire hundre tusen dokument kvart år.

Han fortel at det alltid er ein risiko med å senda pass i posten.

– Normalt får det ingen uheldig konsekvensar for personen, men dette skal jo eigentleg ikkje skje

– Kjem de til å gjera nokon endringar etter desse sakene?

– Nei, det er jo heile tida ein kvalitetssikringsprosess som skjer hos leverandøren i forhold til at riktig pass kjem i riktig konvolutt, og som sagt dette skjer svært, svært sjeldan.

Vandvik seier at dei vil melde frå om feilen til Thales og reknar med at dei vil gjera det dei kan for å unngå at dette skjer på nytt.

AKTUELT NÅ