Prisane på matvarer har auka kraftig den siste tida. Ein må tilbake til 80-talet for å finna liknande prisvekst.
Fred i Europa eller ein konkurskonkurranse mellom daglegvarekjedene er det som kan få prisane til å søkka igjen.
Det trur professor ved NHH, Tor Wallin Andreassen.
– Viss matvareprisane skal bli lågare må det vera fordi at kostnadane inn mot det å laga mat i alle deler av verdikjeda vil falla. Det kan vera på grunn av at ein får ein hurtig slutt på krigen i Europa, seier Andreassen.
Eventuelt ser han eit anna scenario.
– Ei anna forklaring på at dei kan gå ned er at desse aktørane, altså Norgesgruppen, Rema og Coop, vil konkurrera seg til døde gjennom priskonkurranse. Då vil prisauken vera mykje lågare enn kostnadsstiginga er elles i samfunnet.
Prisen på mat har gått kraftig opp det siste året
Foto: PÅL TEGNANDER / NRKHar nådd toppen
Fredag klokka åtte oppdaterte Statistisk sentralbyrå (SSB) konsumprisindeksen.
Inflasjonen er nå på 6,3 prosent. I januar var prisveksten på 7 prosent.
– Me meiner me truleg har nådd toppen, seier forskingsleiar SSB, Thomas von Brasch.
Samtidig som prisane framleis er høge, trur han situasjonen nå vil snu.
– Nå meiner me at me er ved eit vendepunkt. Inflasjonen skal ned og arbeidsløysa skal opp.
Von Brasch trur renta vil bli heva vidare fram mot sommaren, og enda på 3,25 prosent på topp. Det vil også ta tid å dempa prisveksten, trur SSB.
Denne matpakka var i gjennomsnitt 17 prosent dyrare i februar i år enn i fjor. Berre melonen var 35,2 prosent dyrare i år.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Matprisane er framleis høge
I starten av året var matvareprisane 12 prosent høgare enn i januar i fjor. I februar har prisauken minka, men matprisane er framleis høge.
Dei er nå 8,8 prosent høgare enn på same tid i fjor.
– Dette betyr ikkje at matvareprisane har gått ned, men at prisveksten ikkje var like høg som i fjor, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i SSB.
Samtidig er fleire varer framleis mykje dyrare enn dei for eit år sidan. Prisen på fleire kornprodukt har auka med meir enn 10 prosent.
Mjøl har auka med 20,5 prosent, og brød har auke med 13,8 prosent.
Ein del kornprodukt var over 10 prosent billegare i fjor enn i år. Rundstykke var i snitt 13,8 prosent dyrare i februar 2023 enn i fjor.
Foto: Gorm Kallestad / NTBMatvarene som har auka mest i pris sidan februar i fjor er melon (35,2 prosent), kål (24,9 prosent) og svinekjøtt (24,7 prosent).
Sjå full oversikt over prisveksten på matvarer nedst i saka.
– Godt nytt
Vanlegvis er det i februar og juli ein ser dei største endringane i matvareprisane. Då kan leverandørane justera prisane inn mot matvarekjedene.
Fleire i næringa hadde venta at matvareprisane ville stiga med 10 prosent frå januar til februar.
Men fasiten viser at prisane steig med 1,6 prosent samanlikna med førre månad.
Det er næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) glad for å høyra.
– Det er godt nytt for norske forbrukarar over heile landet, seier han til NRK.
Sjå heile pressekonferansen der SSB la fram sine prognosar for norsk og internasjonal økonomi.
Han seier det tyder på at det har vore god konkurranse, men at det framleis er viktig at dei følger vidare opp for å sikra at norske forbrukarar får billige matvarer.
– Me veit det er for lite konkurranse i norsk daglegvaremarknad, seier Vestre.
Dyrt å driva butikk
Prisane på mat, drikke og drivstoff auka mindre i februar enn januar. Det var den største årsaka til at prisveksten i februar var lågare enn månaden før, forklarte seksjonsleiar Kristiansen i SSB på pressekonferansen fredag.
– Dette speglar av at butikkane har strokke seg langt. Nokon kjeder meir enn andre, seier direktør for Handel i NHO Service og Handel, Linda Vist i ei pressemelding.
Ho legg til at det framleis er ei dyr tid, som både næringa og forbrukarane merker.
– Det er dyrt å driva butikk i dag. I daglegvare er situasjonen nå så tøff for enkelte aktørar at fortsettinga kan bli meir spennande enn me ønsker, seier Vist.
Professor Andreassen ved NHH er bekymra for at priskrigen mellom butikkane skal gå for langt.
– Ingen er tent med ein daglegvarebransje som ikkje tener pengar og går konkurs.
Utlandet påverkar
Den norske økonomien er ein liten og open økonomi, noko som gjer at han lett blir påverka av det som skjer i utlandet, fortel von Brasch.
– I fjor blei prisveksten her heime løfta fordi prisane steig internasjonalt. No er prisane internasjonalt på veg ned, og då går prisane også ned her heime.
Noregs Bank ønsker å halda inflasjonen stabilt på 2 prosent. Eit av verktøya dei bruker for å prøva å dempa prisveksten er å justera styringsrenta.
Det siste året har dei sette opp denne renta fleire gonger, og han ligg nå på 2,75 prosent.
Det har vore med på å styra inflasjonen nedover, fortel von Brasch.
– I tillegg bidreg dei høge prisane til å dra inn kjøpekrafta til folk. Dei får mindre å rutte med. Det legg ein dempar på den økonomiske aktiviteten. Derfor går arbeidsløysa noko opp, seier han.
Fleire lågprisbutikkar
Andelen av lågprisbutikkar på marknaden haldt fram med å auka i 2022.
Samtidig som talet på daglegvarebutikkar haldt seg stabilt på 3855, auka andelen lågprisbutikkar.
Butikkane Kiwi, Rema 1000, Coop Extra, Coop Prix og Bunnpris utgjorde i fjor 69,9 prosent av marknaden. Det er ei auke på 1,1 prosent frå året før.