Hopp til innhold

Listhaug om regjeringa sitt fossilbilmål: – Urealistisk

Alle dei fire regjeringspartia har vedteke eit mål om at nye bensin- og dieselbilar skal vekk frå 2025. No går Sylvi Listhaug ut mot målet. Ho meiner det er urealistisk.

Sylvi Listhaug

HAR TRUA PÅ BENSIN: Sylvi Listhaug og Framstegspartiet har trua på at bensinbilar kjem til å vere i bruk i lang tid framover.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Det er fint å setje seg mål, men måla må også vere realistiske. Vi trur ikkje det er realistisk at elbilar skal erstatte bensin- og dieselbilar innan 2025, seier nestleiar i Frp, Sylvi Listhaug.

Ho eig sjølv ein elbil, men når ho skal heim til Sunnmøre lyt ho nytte bensinbil, for dei 574 kilometerane til heimegarden i Ørskog på Sunnmøre er utanfor rekkevidde for dei aller fleste elbilar.

– Og slik er det for veldig mange. Elbilen kan vere ein god bil nummer to, men vi kjem til å vere avhengige av både bensin- og dieselbilar i lang tid framover, seier Listhaug.

Stadig fleire kjøper seg elektriske bilar, og i Oslo og Bergen er no rundt 80 prosent av bilane som blir selde elbilar. Også i resten av landet skjer det same, og totalt er snart kvar tiande bil heilelektrisk.

Eit samla Storting har vedteke at innan 2025 skal alle nye bilar vere nullutsleppsbilar, det vil seie elektriske eller bilar som går på hydrogen. Det er ikkje tale om eit forbod, men eit mål for korleis utviklinga skal gå.

Frp har skrive under på målet fleire gonger

Frp har vore med på dette vedtaket, og det står både i regjeringa si Nasjonal transportplan og i regjeringserklæringa frå januar i år. I Granavollplattformen står det dette:

«Måltala inneber at alle nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppskøyretøy, og at alle nye bybussar skal vere nullutsleppskøyretøy eller bruke biogass i 2025»

Har de forandra meining sidan de skreiv under på dette, og vil de no gå vekk ifrå målet?

– Det vi vil gjere er å signalisere at målet er urealistisk, og at folk mål velje å køyre dei bilane dei vil etter 2025, seier Listhaug.

Ho understrekar at ho ikkje ønskjer å ta målet vekk i frå regjeringsplattformen, men at ho meiner at målet er urealistisk.

– Listhaug tek feil

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen tek ikkje utspelet til Listhaug så tungt.

– Frp har ikkje noko val, for dei har allereie signert på dette målet, så dei må berre ta omsyn til det, seier Elvestuen.

Han er rykande usamd med Sylvi Listhaug i at målet er urealistisk.

– Ho tek feil. Det er heilt realistisk, og vi er godt i rute til å klare det, seier Elvestuen.

Er det irriterande at Frp går ut mot dette målet, som de har kjempa for å få dei med på?

– Det stemmer at det er vi som har kjempa det igjennom, og Frp har gått med på det. Det må dei ta omsyn til, seier Elvestuen.

Ola Elvestuen på Slottsplassen

HAR TRUA: Ola Elvestuen meiner at det er heilt realistisk å nå målet om å fase ut fossilbilar i nybilsalet etter 2025.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Trafikkforskar: – Målet kan vere er realistisk

Men hjå Veitrafikkens opplysningsråd i Oslo er dei ikkje samde med Frp i at det er heilt urealistisk å bli kvitt dei fossile bilane innan 2025.

– Eg vil seie at målet er innan rekkevidd, og faktisk er vi nærare målet enn det vi trudde at vi kom til å vere for eit par år sidan, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen.

Han seier at utviklinga innan elbilar no går veldig fort, og at allereie om eit par år vil det vere bilar i marknaden som gjer at dei aller fleste kan velje ein elektrisk bil.

– Utfordringa no er rekkevidda som bilane klarer å køyre, særleg om vinteren. Innan nokre år vil det kome mange bilar på marknaden som har ein rekkevidd på meir enn 500 kilometer per ladning. Då vil dei aler fleste kunne finne seg ein elbil som passar, seier Thorsen.

Trafikkforskaren håpar politikarane held på målet sitt.

– Det er altså ikkje sikkert at vi kjem til å nå målet akkurat i 2025, men vi meiner at det er lurt av politikarane å halde på målet, som vi meiner er realistisk.

Listhaug og Frp står likevel på sitt.

– Elbil kan vere veldig bra for mange, men ikkje for alle. Vi vil vere krystallklare på at det ikkje vil kome noko forbod mot bensinbilar, og at det vil vere mogleg å kjøpe slike bilar i lang tid framover.

AKTUELT NÅ