Snapchat sin nye tekstrobot «My AI» har gjort kunstig intelligens tilgjengeleg for alle, også dei yngste brukarane.
Tekstroboten fungerer slik at du kan stille han dei spørsmåla du lurer på, som kor næraste matbutikk er, eller når sola går ned. Då får du eit svar tilbake generert av statistiske algoritmar.
«My AI» ser ut som ein Snapchat-ven, men er ein robot.
Foto: Alvilde Flaa / NRKSnart skal Snapchat byrje med reklame i tekstroboten. Då kan kommersielle selskap betale for at «My AI» anbefaler produkta deira og sender lenker til brukarane.
Selskapet skriv at dei eksperimenterer med korleis «My AI» kan komme med «nyttig informasjon på riktig tidspunkt» i samtalane sine.
– Det inneber tidleg testing av sponsa lenker. Slik kan vi kople brukarar med partnarar som er relevante for samtalen i same augneblink. Samtidig hjelper vi samarbeidspartnarane våre med å nå brukarane («Snapchatters», journ. anm.), som har vist interesse for det dei sel.
– Baklengs inn i framtida
Finn Myrstad er fagdirektør for digitale tenester i Forbrukerrådet. Han er særleg bekymra for korleis unge brukarar blir påverka av reklame i tekstroboten.
– «Venen» er tilgjengeleg heile døgnet og svarar deg med det same. Svara er tilpassa kvar enkelt, og difor kan born og unge lett bli knytt til tekstroboten. Då er brukarane ekstra sårbare og kan lettare bli manipulerte, seier han.
Finn Myrstad er fagdirektør for digitale tenester i Forbrukerrådet.
Foto: ForbrukerrådetMyrstad syns det er rart at Snapchat skal byrje med betalte lenker, samtidig som EU arbeider med eit nytt regelverk om reklame retta mot born.
– Ein må vere varsam med slik reklame. Snapchat legg opp til ei stor og automatisk marknadsføring retta mot born, som kjem til å bli ulovleg med nye reglar frå EU. Det verker som at Snapchat går baklengs inn i framtida, meiner Myrstad.
Frå pratemaskin til seljar
Leonora Onarheim Bergsjø, førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold, har spesialisert seg på forholdet mellom ny teknologi og etikk.
Leonora Onarheim Bergsjø har forska på digital etikk og kunstig intelligens.
Foto: Martin H. W: Zondag / NRKHo er svært kritisk til at tekstroboten til Snapchat etter kvart skal gi betalte svar til brukarane sine.
– Chatbotar har til no vore pratemaskiner, som no også skal vere seljarar. Dei sel produkt til born og vaksne i situasjonar der dei kanskje heller treng tillit enn reklamar.
Krev at statsråden kjem på bana
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad krev no at regjeringa kjem på bana.
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Foto: Kristian Skårdalsmo / NRKRopstad ber borne – og familieminister Kjersti Toppe (Sp) svare på korleis statsråden «skal sikre at reklameforbodet mot barn held fram i kanalar der kunstig intelligens blir tatt i bruk, og der barn og unge samstundes opplever at dei snakkar med ein ven som gir objektive anbefalingar».
– Vi er bekymra for at born blirr utsett for reklame. Det er ikkje lov i Noreg. Dette er ein chatrobot som på mange måtar utgjer seg for å vere ei ven, som ein kan utvikle eit nært venskap til og kanskje snakkar med dagleg. Då er ein jo enda meir sårbar for anbefalingar eller reklamar som kommersielle aktørar har betalt for, som ein blir utsett for. Derfor må det bli regulert og forbode, seier Ropstad til NRK.
Toppe har foreløpig ikkje svara på spørsmålet frå Ropstad. Ho ønskjer ikkje å kommentere det før ho har svara på spørsmålet.
– Tidleg fase
NRK har vore i kontakt med den nordiske delen av Snapchat, som skriv i ein e-post at selskapet er i byrjinga av å teste ut sponsa lenker i chatten med «My Ai».
Vidare skriv ein representant for Snapchat at dei held på å utvikle eit nytt system, der chatboten tek omsyn til brukaren sin alder.
Snapchat har også innført ein funksjon som gjer det mogleg for føresette å sjå om tenåringane deira pratar med «My AI», og kor ofte dei gjer det.
– Vi arbeider konstant med å ta stilling til lokale reglar og krav, særleg fordi AI-landskapet utviklar seg raskt, og vi vil halde fram med å tilpasse oss lokale juridiske krav.
I ein presentasjon tidlegare i år seier Snapchat at selskapet heile tida arbeider for at brukarane skal vere trygge.
Burde avgrense bruken
Finn Myrstad, i Forbrukarrådet, meiner at foreldra må kommunisere tydleg til borna at «My AI» og andre tekstrobotar ikkje gir svar basert på kjensler, men algoritmar.
– Den gir svar som er automatisk generert basert på statistiske algoritmar, og er i beste fall god underhaldning, men i verste fall ei kjelde til feilinformasjon og dårlege råd. Eg ville sagt til borna at ein burde avgrense bruken, og berre bruke tekstroboten som lett underhaldning.
Snapchat har ikkje svart på NRKs spørsmål om når sponsa lenker blir innført.