Hopp til innhold

Kongeparet om samlivsbrotet mellom Ari og Märtha: – Det kjem til å ta tid, det her

I NRK-programmet «Året Med kongefamilien», snakkar kongeparet både ut om brotet mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn og om feil i suksessfilmen «Kongens Nei».

Kongeparet 2016.

– Märtha og Ari løyser samarbeidet på ein veldig fin måte. Men barna har ikkje vent seg til situasjonen. Det kjem til å ta tid, seier kongeparet.

Samlivsbrotet mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn er eitt av emna som kjem opp når kongeparet ser tilbake på 2016 i NRK-programmet «Året Med kongefamilien».

– Veldig trist, seier dronning Sonja om brotet som blei kjent i august.

Se «Året Med kongefamilien» her

Statsbesøk Finland 2016.

tatsbesøk Finland 2016. Kong Harald og dronning Sonja under statsbesøket i Finland.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Ikkje så lett

– Eg trur det er ein god ting om foreldra er samde om å samarbeide til beste for barna og eg trur at Märtha og Ari løyser dette på ein veldig fin måte, seier dronninga.

Ho meiner dottera, den tidlegare svigersonen og dei tre barna deira har takla omveltingane godt så langt.

– Tilsynelatande, avbryt kongen, og legg til at barna ikkje har vent seg til situasjonen enno.

Les også: – Overraskende og trist at Märtha og Ari går fra hverandre

– Det kjem til å ta tid, det her, seier han og tenkjer på barnebarna Maud Angelica på 13 år, Leah Isadora på 11 år og Emma Tallulah på 8 år.

– Dei har reagert på forskjellige måtar, det må dei også få lov til. Det er ikkje så lett. Vi håper vi kan støtte og gjere så godt vi kan i denne situasjonen, seier dronning Sonja.

Alle invitert til juleselskap

Kongeparet fortel at dei framleis er saman med familien Behn når barna har fødselsdagar, og at alle skal samlast igjen i jula.

– Vi skal ha stort juleselskap og alle kjem, seier dronning Sonja.

– Alle blir invitert, rettar kongen.

– Ja, alle blir invitert. Får håpe alle kjem, smiler dronninga.

Kong Harald og dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge.

Kong Harald og dronning snakker ut om året som har gått. Her ser du paret går i land fra kongeskipet Norge.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Familiegruppe på sosiale medium

Besteforeldrene på slottet seier dei prøver å følgje med i den teknologiske utviklinga, men vedgår at barnebarna ligg langt føre. Dronning Sonja måtte be prinsesse Ingrid Alexandra om hjelp for å få tilgang til den lukka gruppa barnebarna har etablert på sosiale medium,

– Gruppa heiter Store Familien, fortel dronninga

– Vi var på ferie saman og så seier eg til Ingrid at dette kunne det vore morosamt å vere med på. «Gi meg telefonen da bestemor». To sekund etterpå hadde ho ordna så eg også var inne i gruppa. Det er fint, for der kan vi legge inn bilete og kommentarar og så går det til dei som er med i gruppa.

Feil i «Kongens Nei»

I 2016 har kongeparet feira 25 årsjubileum som konge og dronning i Norge med å invitere folk til opplevingar saman med dei. Målet med jubileet var ifølgje kong Harald å møte flest mogleg menneske.

I september vart slottsparken gjort om til kinoarena og ti tusen menneske møtte opp for å sjå førpremieren på «Kongens nei».

Kongens nei

«Kongens nei» med danske Jesper Christensen.

Foto: Paradox / Nordisk Film Distribusjon

– Magisk, seier dronning Sonja om å sjå film ein regnvåt haustkveld i parken.

– Ein veldig sterk film, seier kong Harald. Sjølv var han tre år då han og familien flykta med tyskarane i hælane i april 1940. Men ikkje alt stemmer i Erik Poppe si framstilling, ifølgje kongen.

– Eg synest det er vanskeleg å sjå ein film om folk eg kjenner. Kong Olav såg ikkje ut som kong Olav i det heile teke.

– Men noko av temperamentet var der, avbryt dronning Sonja, og smiler.

Kong Olav feil framstilt

Kong Harald ser at filmskaparane har prøvd å framstille faren slik han var, men meiner dei tek feil når dei viser ein kronprins Olav i sterk opposisjon til faren, kong Haakon VII.

– Det trur eg ikkje noko på, det høyrde ikkje tida til, seier kong Harald og legg til at det nok er gjort for å vise forskjellen på kong Haakon og kronprins Olav.

– For forskjell var det. Han (kronprins Olav) var nok den utolmodige av de to.

Einsamt

– Har kongen kjent på den same einsemda og alvoret når viktig avgjerder skal takast, spør NRK-journalist Nadia Hasnaoui og viser til kong Haakon VII sitt dilemma i dei fyrste krigsdagane i 1940.

– Eg har ei ved sidan av meg som det går an å snakke med. Det gjer at eg ikkje kjenner meg så åleine som kong Haakon gjorde, svarer kongen og ser på dronninga. Så legg han til;

– Sjølv om i ein sånn situasjon så trur eg du er heilt åleine uansett kor mange du har ved sidan av deg. For til sjuande og sist er det du som må ta avgjerda.

AKTUELT NÅ