Hopp til innhold

Kjell Grandhagen er død

Tidlegare etterretningssjef Kjell Grandhagen er død, opplyser familien på Facebook.

Kjell Grandhagen i 2013.

Kjell Grandhagen møter pressen som etterretningssjef i 2013.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Grandhagen sovna stille inn på Akershus universitetssjukehus klokka 02.35 natt til fredag. Familien skriv at hans utgang frå livet på mange måtar var ein refleksjon av livet elles. Den siste veka var prega av godt humør, humor og lun omtanke for folk rundt seg og familien, heiter det i meldinga.

Det heiter vidare at han tre dagar før han døydde underheldt med pianospeling på avdelinga, og at han starta dagen etter med å sjekke vêret på hytta i Indre Troms før han gjorde unna ei siste arbeidsøkt for DnB.

Kjell Grandhagen, tidligere etterretningssjef

Kjell Grandhagen er død, 64 år gammal.

Foto: Svein Vestrum Olsson / NRK

Etter at han vart dårlegare onsdag kveld fekk han medisinsk hjelp til å sove. Når tida var komen forlèt han oss raskt og utan smerter, skriv familien. Han lèt etter seg kone og tre born.

Beinmergskreft

Grandhagen har i fleire år lidd av beinmergskreft, og han har heile tida vore open om diagnosen. I eit intervju med Dagbladet i desember i fjor fortalde han at ifølgje prognosane ikkje ville vere i live eitt år seinare.

I januar i år sa han likevel at han aldri har gitt opp håpet om at han ein gong skulle bli frisk.

Han har ein lang karriere bak seg i Forsvaret. Han var generalløytnant i hæren, og frå 2000 til 2016 var han sjef for Etterretningstenesta. Han gjekk ut frå Befalsskulen for infanteriet i 1974, og i 1978 vart han uteksaminert frå Krigsskulen.

Kjell Grandhagen var fødd inn i ein militær familie, der både faren og farfaren var offiserar.

Omfattande karriere

Grandhagen var oberstløytnant/operasjonsoffiser ved Distriktskommando Nord-Noreg frå 1991 til 1995. Han var stabssjef for den nordisk-polske brigaden, Natos fredsstyrke i Bosnia-Hercegovina, i 1995 og 1996. Han var oberst og sjef for Krigsskulen frå 1996 til 1999, før han var sjef for den nordisk-polske brigaden i Bosnia-Hercegovina i 1999 og 2000.

NRKs siste intervju med Kjell Grandhagen.

Han var sjef for presse- og informasjonsavdelinga i Forsvarets overkommando frå 2000 til 2003. Så var han generalmajor og sjef for 6. divisjon i 2003 og 2004. Så var han sjef for hærens styrkar frå 2004 til 2006. Frå 2006 var Grandhagen generalløytnant og militær assisterande departementsråd i Forsvarsdepartementet frå 2006.

Han er høgt dekorert og har blant anna Forsvarets heiderskross.

Etter at han vart pensjonert frå Forsvaret har Kjell Grandhagen vore sjølvstendig næringsdrivande.

Ei stor kontaktflate

Kjell Grandhagen hadde ei svært stor kontaktflate, og vi har fått inn fleire reaksjonar frå menneske som har jobba saman med han, eller kjende han på annan måte.

– Etterretningstenesta har teke imot bodskapen med sorg og tenkjer først og fremst på familien og dei etterlatne, seier kommunikasjonssjef Ann-Kristin Bjergene i Etterretningstenesta til NRK.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier dette om Kjell Grandhagen:

Haakon Bruun-Hanssen

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen kallar Kjell Grandhagen ein av dei mest markante og respekterte leiarane i Forsvaret.

Foto: martin steinholt / nrk

– Det er med sorg eg tok mot bodskapen om at Kjell Grandhagen er gått bort. Tankane mine går til familien hans og nære veker. Han var ein av våre mest markante og respekterte leiarar. Eg vil spesielt framheve evna hans til å balansere openheit med behovet for å skjerme sensitiv informasjon. Vi har mist ein av våre mest respekterte samfunnsdebattantar og ei tydeleg temme for kor viktig det er med eit truverdig forsvar.

– Tillit og respekt

Politidirektør Benedicte Bjørnland var leiar for politiet si etterretningsteneste PST samstundes som Grandhagen var sjef for den militære etterretninga. Ho seier til NRK at dei to samarbeidde tett og godt, og at det var prega av tillit og respekt.

– Meldinga om at han var død var ein trist beskjed å få, sjølv om det ikkje kom som ei overrasking. Han var ein god kollega, eit godt hovud og ein person som ville vel, seier ho til NRK.

Benedicte Bjørnland

Tidlegare PST-sjef Benedicte Bjørnland hadde eit nært og godt samarbeid med Kjell Grandhagen då han var sjef for den militære etterretninga.

Foto: NRK

Ho seier at ho var imponert over den intellektuelle kapasiteten til Grandhagen. Ho rosar også den opne tilnærminga han hadde til samfunnet.

– Han fortalde om utfordringane han så og som Noreg var ein del av. Han hadde ein svært open profil, seier ho.

Benedicte Bjørnland fortel også at ho la merke til, når dei var saman på tenestereise i utlandet, kor stor respekt Kjell Grandhagen naut internasjonalt.

– Det var flott å sjå. Vi som reiste saman med han var stolte av han, legg ho til.

Hærsjefen, generalmajor Odin Johannessen, hyllar Grandhagen som ein av dei mest markante og kraftfulle leiarar i hæren.

– Grandhagen var tydeleg og visjonær med eit glødande engasjement for hæren, som stod hans hjarte nær. Hans tydelege røyst for forsvarssaka vil bli djupt sakna, seier Johannessen til NRK.

Samarbeidde om kunstprosjekt

Kunstnaren Vebjørn Sand fortel at han samarbeidde med Grandhagen heilt til det siste.

– I går fekk eg beskjed om at han var døyande, og eg var klar over at det kom til å skje. Likevel vart eg svært trist då eg fekk dødsbodskapen, seier Sand til NRK. Han møtte han berre for nokre få dagar sidan.

Han fortel at dei jobba saman på prosjektet «Roseslottet», eit kunstprosjekt som skal ta føre seg andre verdskrigen. Grandhagen var mentor for prosjektet.

Kjell Grandhagen maler
Foto: Vebjørn Sand

Han fortel at han arbeider med eit portrett av Grandhagen som skal stå innanfor porten av «Roseslottet».

– Hans refleksjonar handlar om at det er grunn til uro i verda. Dette i forhold til at verdiane, rettsstaten og demokratiet er under press på same måten som under krigen. Det snakka vi mykje om, fortel han.

Sand kallar Grandhagen eit nobelt menneske.

Vebjørn Sand med maleri av Grandhagen

PORTRETT: Vebjørn Sand arbeider med eit portrett av Grandhagen til deira felles kunstprosjekt.

Foto: Christine Svendsen / NRK

AKTUELT NÅ