Hopp til innhold

«17. mai-general» Abid Raja fryktar ketsjupeffekt: – Iskrem er mykje tryggare å få

Ikkje klem og kyss på kvarandre, og ver forsiktig med ketsjupflaska, oppmodar kulturminister Abid Raja før 17. mai.

Pølsekjøp

SMITTEFARE: Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) åtvarar folk mot smittespreiing via ketsjup- og sennepsflasker

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Is og pølser høyrer med på 17. mai, men ketsjupflaska kan bli smitteberar av koronaviruset om vi ikkje passar ekstra godt på, seier kulturminister Abid Q. Raja.

Han oppmodar folk til å vere klar over korleis pølsene blir serverte 17. mai.

– Viss du har eit system med bruk av hanskar, avstand og at det er berre ein person som administrerer ketsjupflaska så er det fullt mogleg å gjere dette på ein forsvarleg måte, seier Raja.

17. mai-fering

IKKJE I ÅR: 17. mai feiring, slik vi kjenner han. I år vil det bli annleis.

Foto: Aud Darrud / NRK

Handhygiene og avstand er framleis veldig viktig påpeikar han.

– Kanskje får du ketsjup på fingeren, smattar på det og sender ketsjup eller sennepsflaska vidare til nestemann. Det må vi unngå, uttaler han.

Forskarar har funne ut at koronaviruset kan overleve i opptil tre døgn på plast og rustfritt stål.

Raja meiner is er eit tryggare alternativ på grunnlovsdagen:

– Is er veldig mykje tryggare å få, sjølv om eg ikkje vil rå mot pølse, så lenge det blir servert med god handhygiene, seier Raja og forklarer:

– Iskrem kan vere lettare å handtere. Då kan barn ta kvar sin is rett frå ei is-eske, seier han.

Enighet om revidert nasjonalbudsjett.

FRYKTAR «KETSJUPEFFEKT»: Abid Raja meiner is kan vere eit tryggare alternativ for pølser under nasjonaldagen. Bildet er frå feiringa av budsjettsemje på Stortinget i 2018.

Foto: Bibiana Dahle Piene / NTB scanpix

– Ikkje klem og kyss på kvarandre

17. mai er ein gledens dag og mange sprettar sjampanjen. Raja understrekar at det er viktig å halde litt igjen og ikkje missa kontrollen.

Kulturministeren vil ikkje at fleire folk samlast i sentrum på nasjonaldagen.

– Bruk nærområda. Ikkje trekk inn til sentrum i byområda, hald dokker i nærområda. Ikkje klem og kyss på kvarandre. og hald ein meters avstand, seier han.

Karl Johans gate på 17. mai 2019.

SLIK BLIR DET IKKJE I ÅR: Karl Johans gate på 17. mai 2019.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Tilrår heller hagefest i nabolaget

Raja meiner det er fullt mogleg å ha venner og familie på besøk på nasjonaldagen, så lenge ein ikkje har fleire enn 20 personar og har 1 meter avstand frå kvar enkelt.

– Den generelle og sterke tilrådinga vår er at ein samlast utandørs, i hagen eller på ein open plass i nabolaget ditt, seier han.

Skulane som har arrangement på 17. mai blir rekna som ansvarleg arrangør. Her vil 50–1 regelen gjelde. Altså maks 50 personar med 1 meters avstand.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja hilser på Nobels Fredssenters direktør Kjersti Fløgstad utenfor Nobels Fredssenter

KLAR FOR FEST: Abid Raja meiner 17. mai blir ein super dag, sjølv om det er fleire restriksjonar på feiringa i år. På bildet helser han på Nobels Fredssenters direktør Kjersti Fløgstad under markeringa av frigjeringsdagen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ikkje gå etter korpset

Regjeringa har opna for at korpsa kan marsjere i gatene og at dei kan vere så mange dei ønsker, så lenge dei held seg på to meters avstand i lengda og ein meter avstand til kvarandre i breidda.

– Her er det viktig at dei som står og ser på ikkje hengar seg på korpsa når dei går forbi, Vi ønsker ikkje at det skal bli ein lang hale med folk etter korpset. Det kan fort bli ei utfordring, seier Raja.

Torsdag gjorde Regjeringa fleire grep for å berge økonomien i korpsa.

For Raja er korps ein svært viktig del av feiringa.

– Lyden av korps er sjølve sjela på 17. mai, seier han.

Det vil òg vere kransenedleggelser og taler fleire stader denne dagen.

– Vi skal ha super dag 17. mai, men vi skal ikkje bli smitta, seier Raja.

Sjå Abid Q. Raja sine tips om is og pølser på nasjonaldagen:

Kulturminister Abid Q. Raja (v) om is og pølser på nasjonaldagen.

AKTUELT NÅ