Hopp til innhold

Kan påleggje folk med utdanning å jobbe i helsevesenet

Helseminister Bent Høie (H) seier at lovverket er på plass slik at folk med rett utdanning kan påleggjast å jobbe i helsevesenet i samband med koronakrisa.

Solberg orienterer om koronaviruset

Frå presekonferansen i ettermiddag. Frå venstre Camilla Stoltenberg, Bent Høie, Erna Solberg og Bjørn Guldvog.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Helsestyresmaktene planlegg for at det kan bli stor mangel på personell, og det betyr at fagutdanna som ikkje lenger er i yrket, kan måtte trå til. Dei strenge karantenereglane for tilsette i helsevesenet er ei viktig årsak til at det kan bli personellmangel.

Ingen tilsette i helsevesenet får reise til utlandet inntil vidare, og dette gjeld både ferie- og tenestereiser.

Statsminister Erna Solberg sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at det kan bli aktuelt å kalle inn tidlegpensjonerte helsearbeidarar for å gjere naudsynte arbeidsoppgåver.

Mange av desse har i dag avgrensingar på kor mykje dei kan tene utanfor pensjonen, men desse inntektsavgrensingane vil bli fjerna, sa statsministeren blant anna.

Frivillig innsats

Høie orienterer om koronaviruset

Helseminister Bent Høie (H) seier at det kan bli aktuelt å påleggje folk med rett utdanning å jobbe i helsevesenet i samband med koronoakrisa.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Helsedirektør Bjørn Guldvog sa på si side at dei ikkje først og fremst at pensjonistar skal fylle dei ledige jobbane, men han gjorde det klart at det kan bli naudsynt å oppmuntre til frivillig innsats.

Også Forsvaret og Sivilforsvaret har forsikra styresmaktene om at dei kan stille sine ressursar til rådvelde.

Også bemanningsbransjen har travle dagar for å skaffe nok helsearbeidarar til institusjonar som er ramma av mannskapsmangel. Kent Inge Eldevik-Olsen er dagleg leiar i Vacant, som formidlar helsepersonell til sjukehus og legevakta i Oslo og store delar av landet elles.

Han fortel at karantenereglane i helsevesenet har ført til auka trykk, spesielt frå sjukehusa.

Advarer folk mot å dra på hytta: Du kan ikke vente å få hjelp der

– Treng meir personell

Kent Inge Eldevik Olsen i Vacant.

Kent Inge Eldevik-Olsen er dagleg leiar i bemanningsbyrået Vacant.

Foto: Vacant

– Vi treng meir personell, og vi gjer det vi kan for å hjelpe til. Vi merkar ei veldig stor auke i bestillingane, og det er ein utfordrande situasjon, seier han til NRK.

Han opplyser at dei har ein database på over 10.000 personar, og at dei stort sett hentar inn folk blant desse. Hans erfaring er at folk er villige til å strekke seg, og at det er stor interesse for å bidra.

Normalt formidlar selskapet mellom 800 og 900 helsearbeidarar i løpet av eit år, men at dei har kapasitet til å auke kapasiteten. Dei gjer alt for å møte behovet frå helsevesenet, seier Kent Inge Eldevik-Olsen.

AKTUELT NÅ