NRK Meny
Normal

Joakim Lystad ny Nav-direktør

Joakim Lystad (57) blir ny direktør i Nav etter Tor Saglie (61). Han kjem frå stillinga som administrerande direktør i Mattilsynet.

Joakim Lystad presentert som ny Nav-direktør

Joakim Lystad i Mattilsynet vart presentert som ny Nav-direktør av arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Då søknadsfristen gjekk ut 1. august, hadde fire personar søkt stillinga som ny Nav-sjef, men departamenta opna for å ta imot søknader også seinare.

Lystad var ikkje av dei fire som søkte før fristen.

Jakta den beste

– Dette har vore ein omfattande prosess, og vi har vore på jakt etter den beste kandidaten i landet. Lystad svarar til dei forventningane vi har, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap).

Les: Nav-sjefen går av neste sommer

Lystad er fødd i 1953 og er utdanna sivilagronom frå Norges landbrukshøgskole. Han har vore administrerande direktør i Mattilsynet sidan 2003. Tidlegare har han vore direktør i beredskaps- og kontrollavdelinga i SFT og underdirektør i Miljøverndepartenetet, ifølgje NTB.

14.000 tilsette

– Lystad har solid erfaring med omstilling både i kommunal og statleg sektor. Han blir omtalt som løysingsorientert, tydeleg og med evne til å motivere eigne medarbeidarar. Dette er viktige kvalitetar når ein skal leie ein etat med 14.000 tilsette, og som forvaltar ein tredel av statsbudsjettetm seier Bjurstrøm.

Tor Saglie har hatt jobben sidan Nav vart oppretta i 2006, men har varsla at han ikkje vil halde fram i stillinga etter at åremålsperioden går ut sommaren 2011. Stillinga er eit åremål på seks år, som kan bli forlenga. Lystad startar i jobben 4. oktober.

Les: Bare fire vil bli Nav-direktør

– Fleire i jobb

Lystad seier han kan for lite om sin nye arbeidsplass til at han kan kome med ei programerklæring, men seier at ei av dei viktigaste oppgåvene blir å få fleire i arbeid. Han trur erfaringane han har frå Mattilsynet vil kome godt med.

– Eg har erfaringar med å byggje opp ein stor statleg etat med liknande problemstillingar som i Nav, seier han.

Lystad gler seg til å gjennomføre velferdsreforma i Noreg.

– Oppgåva blir å jobbe vidare med kvalitet, produktivitet og organisasjon. Eg vil prøve å lytte, motivere og leie slik at dei 14.000 tilsette kan få gjere ein best mogleg jobb, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger