Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) gjekk tidlegare i haust ut og sa at ho ville ha gratis riksvegferjer, men budsjettet som vart lagt fram i dag vil ikkje innfri dette. Men ho vil kome eit stykke på veg.
Auke rabatt
Det er løyvd 28 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegsferjetenester. Dette betyr at rabattsatsane for køyretu med rabattkort eller verdikort for elektronisk billettering, kan aukast frå 40 til 45 prosent med verknad frå 1. mai neste år.
Stoltenberg-regjeringa aukar løyvingane til veg og jernbane med 460 millionar kroner i forhold til forslaget til statsbudsjett for 2006 frå Bondevik-regjeringa.
Liv Signe Navarsete seier at regjeringa med dette har lagt eit godt grunnlag for å få til eit vesentleg løft i veg- og jernbaneløyvingane i åra framover.
Til vegføremål er det foreslått ein auke på 278 millionar kroner, og her er dei 28 millionane til auka ferjerabattar teke med.
Desse pengane skal aukast trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegsnettet. 70 millionar skal gå til asfaltering, medan det er sett av fem millionar til vidareutvikling og styrking av automatisk trafikkontroll.
Fotoboksar
Dette betyr truleg fleire fotoboksar, og fleire fartskontrollar på vegane.
175 millionar av ekstraløyvingane er sette av til riksvegsinvesteringar, inkludert 50 millionar kroner som er øyremerkte til rassikring.
- Dette er ein auke på nær 25 prosent i forhold til Bondevik-regjeringa sitt forslag, seier Liv Signe Navarsete.
Jernbanen
Jernbanen får 182 millionar kroner ekstra i forhold til Bondevik-regjeringa sitt forslag. Dette skal gå til utbygging, drift og vedlikehald av linenettet, opplyser samferdsleministeren.
Det blir 25 millionar kroner ekstra for å framskunde prosjektet Lysaker stasjon på Drammensbanen. Lysaker stasjon blir rekna som ein flaskehals på strekninga.
45 millionar ekstra går til fjernstyring av Nordlandsbanen.
72 millionar kroner er sette av til kjøp av grunn til framtidig utviding av jernbanestrekningar.
Vidare er det avsett 40 millionar ekstra til drift og vedlikehald av linenettet. Meste parten av desse pengane vil gå til Meråkerbanen i Nord-Trøndelag.
Ny politikk
Liv Signe Navarsete har redusert løyvingane til omstrukturering i Jernbaneverket med 35 millionar kroner. Dette er eit sterkt signal om at denne regjeringa har ein anna politikk enn regjeringa Bondevik når det gjeld konkurranseutsetjing, seier samferdsleministeren.