I eitt minutt stod Noreg stille

Mellom klokka 12.00 og 12.01 stoppa heile Noreg opp til minne for terrorofra. Også resten av Norden var med på markeringa.

Klokka 12 i dag var det stille i eitt minutt over heile landet til minne for dei omkomne etter terrorangrepa mot Regjeringskvartalet og Utøya.

Over heile Noreg og Norden var folk stille til minne for terrorofra. NRK har fått bilete og meldingar frå heile landet som fortel korleis folk markerte stilla.

Sjå biletegalleri frå heile landet i toppen av artikkelen!

Heile Ring3 i Oslo, E6 ved Gardermoen og all trafikk på motorveien mot Svinesund stod stille.

Les: Erklærer ett minutts stillhet

VG

Slik markerte VG Nett eitt minutt stille.

Foto: Skjermdump/VG Nett

Nordiske nettaviser markerte anledninga ved å stoppe all trafikk på nettstadane og sette inn store banner om at «No står Noreg stille».

Kronprinsesse Mette-Marit var med på markeringa i Hokksund for å minnast stebror sin, som miste livet på Utøya.

Les: Politimann ofret livet for sin sønn

Alle tog stod stille

Statsminister Jens Stoltenberg innleia minuttet i Universitetsaulaen. Etterpå vart det lagt ut ein kondolanseprotokoll som kong Harald, dronning Sonja og kronprins Haakon signerte først. Også statsministeren signerte, før andre fekk leggje igjen ei helsing. Protokollen er no lagt ut på nett.

Skriv ei helsing i Regjeringas kondolanseprotokoll

Alle tog i heile landet deltok i markeringa, og fekk raudt lys i eitt minutt klokka 12.

– Av respekt for markeringa har vi bestemt oss for å stanse all togtrafikk i eitt minutt, seier fungerande jernbanedirektør Harald Nikolaisen til NTB.

Dette gjeld også trafikantar på vegane, melder Statens vegvesen. Dei oppmoda folk om å køyre inn til sida i god tid og ikkje stanse i tunnelar eller andre farlege stoppestadar.

Stans i trafikken vart formidla til transportselskapa frå Jernbaneverket, Kystverket, Avinor og Statens vegvesen.

Sjå frå Universitetsaulaen:

Video Eitt minutts stille i Noreg for terror-ofra

Eitt minutts stille i Noreg for terror-ofra.

Slo ring rundt Politihøgskolen

APTOPIX Norway Explosion

Blomsterhelsingar frå folk til minne for terrorofra etter angrepa på Regjeringskvartalet og Utøya. I dag blir det markert med eitt minutt stille.

Foto: Frank Augstein / Ap

I samband med at Justisdepartementet førebels reetablerar seg i Politihøgskolen i Slemdalsveien 5, markerte tilsette i departementet under leiing av justiminister Knut Storberget stilla ved å slå ring rundt Politihøgskolen.

Heile Norden ga si støtte til Noreg ved å vere stille mellom klokka 12.00 og 12.01. Carl Bildt, tidlegare svensk statsminister, oppfordra alle på Twitter om å ta del i markeringa.

Også Oslo Børs opppfordra sine kundar og tilsette om å unngå å handle mellom klokka 12.00 og 12.01.

På Twitter markerte mange ved å bruke hashtagen #forNorway, for deretter å ikkje skrive noko på fem minutt.

Les også: Strøymer til Oslo Domkirke i sorga

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger