Hopp til innhold

Strøymer til Oslo Domkirke i sorga

Folk held fram å strøyme til Oslo Domkirke for å vise si respekt for terrorofra. Levande lys lyste opp hovudstaden i natt og i morgontimane.

Eit enormt hav av blomster og lys pregar Oslo sentrum. Mange tusen har besøkt Oslo Domkirke for å vise sympati med ofra for angrepa på Regjeringskvartalet og Utøya.

Laurdag blei dei første blomstrane lagt ned og dei første lysa tent utanfor domkyrkja. Framleis strøymer folk til for å minnast dei døde, også i natt og i dag tidleg var det folk på plass med levande lys i hovudstaden.

Blomster

Fortauet utanfor Oslo Domkirke er overfylt med blomster, helsingar og levande lys.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Det er ei spesiell stemning, folk står heilt stille saman og det er få som pratar. Det er alvorsprega og merkeleg å vere her, seier NRK-reporter Ingvild Baltzersen Sund på staden.

Les også: – Ingen har sluppet billig unna

Les også: Ville ramme Gro Harlem Brundtland

– Eit mareritt eg håpte å vakne frå

Ho har sett mange på veg til jobb som har stoppa opp utanfor kyrkja for å vise si respekt for omkomne og pårørande. Åsmund Eggen er ein av dei som har tatt turen ned til sentrum.

– Eg har valt å kome hit for å vise mi støtte overfor dei som har blitt drept og deira pårørande. Og spesielt dei som har opplevd det, det er jo heilt grusomt, seier han.

– For meg er det framleis uverkeleg, men det blir heilt verkeleg når eg kjem hit og ser alle blomstrane og lysa som er her. Og då har det faktisk skjedd. For meg har det berre vore eit mareritt, som eg håpte eg skulle vakne opp av, seier Åsmund Eggen.

Video: Sjå frå Oslo sentrum i dag tidleg

Video Direkte frå Oslo Domkirke

Direkte frå Oslo Domkirke

Rørt statsminister heldt tale

I går vart det halde minnegudsteneste i domkyrkja, der både kongefamilien, Regjeringa og AUF-medlemer var til stade.

Sjå heile gudstenesta her: «Messe for sorg og håp»

Les: Mintes de døde i felles sorg

Les: Kronprinsparet hedret de omkomne

Der heldt statsminister Jens Stoltenberg ein kjenslelada tale.

– Familiar som har mista ein eller fleire av sine kjære, har mi og heile Noregs djupaste medkjensle. Heile verda føler med dykk, sa han frå talarstolen.

Sjå talen til Jens Stoltenberg:

Video Stoltenberg holdt tale til minne Utøya-ofrene

Stoltenberg holdt tale til minne Utøya-ofrene

Stille klokka 12

I kyrkjer rundt om i heile Noreg har folk samla seg dei siste døgna. Også Human-Etisk Forbund og Islamic Cultural Centre Norway held ope hus for sørgjande.

Klokka 12 i dag blir det stille i eitt minutt over heile landet.

«Regjeringa har erklært eitt minutts stillheit i samband med angrepa på Utøya og Regjeringskvartalet. Statsministeren vil innleie nasjonal stillheit på måndag 25. juli kl. 12.00 i Universitetets aula», heiter det i ei pressemelding frå Statsministerens kontor.

Også i Sverige vil dette bli markert klokka 12.

Les: Erklærer ett minutts stillhet

Det er også planlagt fakkeltog rundt om i heile Noreg i kveld, for å minnast ofra for bomba i Regjeringskvartalet og Utøya-massakren.

HER kan du leggje igjen di helsing.

AKTUELT NÅ