NRK Meny
Normal

Homofile par seier ja i kyrkja

Kyrkja protesterer mot den nye ekteskapslova, og vil ikkje la homofile gifte seg i kyrkja. Men minst 50 par har allereie hatt ei kyrkjeleg markering av at dei lovar å leve saman.

Bryllupsbilde av Jannicke og Anette

Bryllupsbilde av Anette og Jannicke.

Foto: Privat

- Viss ein ikkje er prest eller kan liturgien veldig godt, så hadde ein ikkje reagert. Det var veldig likt eit vanleg bryllaup, mimrar Anette Sutter Aarsland.

Ho sit i sofaen ved sida av Jannicke Aarsland Sutter og ser på videoen frå den store dagen i fjor sommar.

Dei to inngjekk partnarskap på tinghuset. Men det formelle der var ein parentes for dei to. Dagen etter var den store dagen. Då vart dei to ført opp kyrkjegolvet av kvar sin stolte far. Så sa dei nervøst ja til kvarandre framfor alteret. Dei gjekk ut av kyrkja arm i arm til lyden av ein mektig trompetsolo og applaus frå hundre frammøtte.

- Hugsar du kor glade vi var då, seier Jannicke når ho ser igjen seg sjølv i kvit kjole.

Som eit vanleg vigselsrituale

Ein skulle tru at det er uvanleg at to bruder lovar kvarandre truskap i eit kyrkjerom, men det Anette og Jannicke omtalar som bryllaupet sitt, var inga unik hending.

- Dei siste åra har det vore ganske mange par som har kome til prestar i Den norske kyrkja og har ønskt å få ein seremoni der dei får velsigning over samlivet sitt. Då er det mange prestar som har møtt det med å lage ein seremoni som tilsvarar eit vanleg vigselsrituale, seier Gard Realf Nielsen, leiar i Åpen kirkegruppe for lesbiske og homofile.

Han er sjølv prest - og var den som leia seremonien då Anette og Jannicke sa ja til kvarandre. Seremoniane finn stad sjølv om majoriteten i kyrkja er imot dette. Leiande organ i Den norske kyrkja har ytra misnøye med at det snart kjem ei nøytral ekteskapslov. Dei er redde for å bli tvinga til å gjennomføre vigslar for homofile par.

Minst 50 par

Likevel finn det altså stad forbønshandlingar for homofile par mange stader i landet. Det skjer i litt ulike variantar. Fleire stader er det prestar i Kirkens Bymisjon som har stått for seremoniane.

I Stavanger, som er rekna som eit konservativt bispedømme, har presten halde forbøn i private heimar eller i festlokalet etter at partnarskapet er blitt registrert hos ein dommar. Andre stader har prestane gått lenger. I nokre tilfelle har dommaren vore med i kyrkja slik at det heile blir ein seremoni.

Dei aller fleste av seremoniane har funne stad i Oslo, men det har også vore fleire i Hamar bispedømme. Homofile har markert samlivet sitt i kyrkjer i Trondheim, Tromsø og Kristiansand. At 50 par har hatt slike markeringar er truleg eit forsiktig overslag, men det er vanskeleg å få ei total oversikt over kor omfattande fenomenet er.

Dyssar ned

Mens nokre par ønskjer merksemd om dette, vel andre ei forsiktig linje. For seremoniane er i strid med fleirtalsoppfatninga i kyrkja. Mange prestar opplyser til NRK at dei bevisst har late vere å ta spørsmålet opp med biskopen sin.

- Veldig mange er imot dette i kyrkja. Då er det vanskeleg å vere open om noko ein veit blir ein konflikt. Det blir ein grunn til å dysse det ned og ikkje vere open om det. Det har truleg vore "mørketal" her heile tida, seier Nielsen i Åpen kirkegruppe.

Han trur slike handlingar skjer i skjul i dei konservative delane av kyrkje-Noreg.

- Særleg i Oslo er det mange kyrkjelydar som har vedtak på at dei ønskjer å velsigne likekjønna par, men til dømes på Vestlandet trur eg det skjer i det skjulte fordi ein er redd for konsekvensane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger