Hopp til innhold

Høgre-leiaren etter valnederlag: – Eg er så utruleg lei meg

Høgre gjer eit av sine desidert dårlegaste val nokon gong, med 14,6 prosent. – Vi hamna i ein skvis mellom Ap og Frp, seier Solberg.

ANSVAR: Høgre-leiar Erna Solberg talte til valvaka like etter 23, og tok sin del av ansvaret for valresultatet.

Det viser valresultatet frå Valdirektoratet.

Det gjekk eit gisp gjennom salen då Høgre sitt førebelse valresultat gjekk rullande over skjermane under valvaka. Sidan var det laber stemning.

En gruppe kvinner som poserer for et bilde

Ansiktsuttrykk som oppsummerer deler av stemninga som råda på Høgre si valvake.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

I 2005 gjorde Høgre sitt dårlegaste val nokon gong, då partiet enda på 14,1 prosent.

Høgre-leiar Erna Solberg var ikkje å sjå på valvaka til partiet, før ho klokka 23.03 dukka opp på talarstolen.

Først gratulerte ho både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet med valresultatet.

– Dette var ikkje det valresultatet vi håpa på. Vi klarte ikkje å løfte oss i valkampinnspurten, sa Solberg.

NRKVALG25 HØYRE SOLBERG

Høgre-leiar Erna Solberg troppa opp på talarstolen og takka alle som har drive valkamp for partiet.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– Vi hamna i ein skvis

Ho vil ikkje dra heile analysen av kvifor det gjekk som det gjekk. Men ho peiker på ein ting:

– Vi hamna i ein skvis mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, som var vanskeleg for oss. Vi klarte ikkje å kome ut av den, og det er vårt ansvar.

– Ikkje minst er det mitt ansvar, og det er eg så utruleg lei meg for. Det stod ikkje på innsatsen frå Høgre i denne valkampen, seier Solberg, før applausen bryt laust i lokalet.

Oppslutning

Partioppslutning
PartiOppslutningEndring

Viser endring fra forrige stortingsvalg.

– Vi kjem til å kome tilbake som det sterkaste partiet på borgarleg side, avslutta Solberg talen til jubel og klapp.

en gruppe mennesker på en scene
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Like etterpå smaug Høgre-leiaren seg av garde, og det var knappast slik at pressa fekk stille spørsmål.

Kaoset som oppstod var komplett då TV 2 sin utsende reporter enda med å snakke inn i kameraet til NRK:

– Dette er for dårlege tal for oss, seier nestleiar Henrik Asheim. Og det er han ikkje aleine om å meine.

Både Ine Eriksen Søreide og Peter Frølich har same kommentar.

en mann som ser på noe

Nestleiar Henrik Asheim.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Meiner Solberg må gå av

No er det fleire Høgre-ordførarar som tek til orde for at Solberg må gå av som leiar. Både Bø-ordførar Sture Pedersen, som også VG har snakka med, og ordførar i Lillesand, Einar Holmer-Hoven.

– Spørsmålet er vel berre om det skjer i kveld eller ikkje, seier han til NRK.

– Du ser ingen annan utveg her?

– Nei. Veljarane har jo gitt tydeleg tilbakemelding om det. Høgre treng ei ny og klarare retning, seier ordføraren.

– Kven bør overta?

Peter Frølich og Ola Svenneby står for fornying og har den retninga eg opplever Høgre-veljarane vil ha.

et bord med vinflasker og glass

Gravøl og Høgre-gull på valvaka.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Også tidlegare Oslo-ordførar, Fabian Stang, meiner tida no er inne.

– Det er litt av omsyn til Erna. Ho har stått på i så mange år, at det er rimeleg at nokon av oss er ærlege og seier at det har vore ei fantastisk periode, og så er tida kanskje moden for at andre slepp til, seier Stang til NRK.

Men han meiner ikkje at ho skal gå av i kveld.

– Dette skal vi ta i ordna former, seier Stang.

en mann med briller

Tidlegare Oslo-ordførar Fabian Stang dukka opp på valvaka.

Foto: Heiko Junge / NTB

Stortingsrepresentant Michael Tetzschner, som ikkje har teke attval, er samd i at Solberg ikkje må gå av sporenstreks.

– Det ville understreke eit krisepreg. Erna blir til ho annonserer noko anna.

Halden-ordførar Fredrik Holm seier partiet ikkje vil presse partileiaren på valnatta, men at leiinga si rolle vil bli evaluert etter valet.

Stortingskandidat frå Østfold, Tage Pettersen, som etter prognosen ser ut til å sikre seg ein plass på Stortinget, har dette å seie om Solberg si framtid:

– Det er viktig at Erna tar ei runde med seg sjølv, noko ho heilt sikkert gjer. Eg veit det er eit sentralstyremøte i partiet på fredag kor dette er ein del av diskusjonen, seier Pettersen.

Han er tydeleg på at Solberg ikkje er Høgre sin statsministerkandidat om fire år.

Det er Solberg klar på sjølv, under partileiarutspørjinga på Stortinget etter valvakene:

– Veljarane sin dom

Men Unge Høgre-leiaren, som blir peika på, blir truleg ikkje å sjå på Stortinget dei neste fire åra.

– Eg ligg dårleg an, og det er jo veljarane sin dom. Og det må ein berre ta til etterretning, rett og slett.

Høyre

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Svenneby ønskjer å bruke tida på det som er mest konstruktivt i dag, for som han sa til TV 2:

– Det nyttar ikkje å henge med hovudet, når du står opp til nakken med drit.

Han utdjupar til NRK:

– Det dummaste eit parti kan gjere er å falle hen til personkonfliktar og ein peikeleik om kven som hadde ansvar for kva. Partiet må ta det kollektive ansvaret og løfte oss fram til 2029.

85 gir flertall
Jonas Gahr Støre
 
Erna Solberg
 
 
Status for Stortingsvalget

– Har Sylvi Listhaug skremt vekk veljarar frå borgarleg side?

– Eg trur definitivt statsministerspørsmålet som har vore uavklart har gjort at vi har fått for lite tid til å diskutere politikk. Det har stole energien vår på det vi helst vil diskutere, og det er ikkje ideelt, for å seie det forsiktig.

en person med en mikrofon foran en gruppe mennesker
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– Om nokon har jobb, slå på tråden

Ifølgje NRK si prognose er ikkje Svenneby den einaste Høgre-profilen som ikkje får plass på Stortinget.

Heller ikkje Sandra Bruflot eller Heidi Nordby Lunde får plass.

– Har ein ikkje tillit i folket, så får ein finne på noko anna. Så om nokon har ein morosam jobb, er det berre å slå på tråden. Men kanskje ikkje i kveld, seier Bruflot.

AKTUELT NÅ