Historisk endring: Eggdonasjon og assistert befruktning for einslege blir lov

Den uvanlege alliansen av Ap, Frp og SV vann fram. Einslege kvinner kan no få assistert befruktning, eggdonasjon blir lovleg, gravide kvinner får tilbod om tidleg ultralyd og NIPT-testen blir lovleg.

Jonas Gahr Støre, Audun Lysbakken og Siv Jensen etter at Stortinget endra bioteknologilova.

SIGERSINTERVJU: Det er ikkje så ofte desse tre står saman og gir eit politisk sigersintervju. Men Ap-leiar Jonas Gahr Støre, SV-leiar Audun Lysbakken og Frp-leiar Siv Jensen kunne feire ei historisk norsk lovendring utanfor Stortinget tysdag ettermiddag.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Spenninga om korleis liv kan bli til varte heile dagen. Heilt til saka kom opp til avstemning i ein stortingssal fylt av pleksiglas. Men då ein lang dag i Stortinget var over, kunne dei tre opposisjonspartia feire at dei fekk skrive norsk historie mot regjeringa sin vilje.

Kvinner utan partner kan få hjelp til å få barn

Minst sikkert var det at det skulle bli tilbod om assistert befruktning for einslege kvinner. Men då Stortinget hadde gjort sitt var forslaget vedteke med relativt god margin. 80 representantar stemte mot, mens 89 stemte for at lova heretter skal seie: «Assistert befruktning kan utføres på kvinne som er gift, samboer i ekteskapslignende forhold eller enslig. Bare søker som bor alene, regnes som enslig.»

Forslaget vart stemt fram av Arbeidarpartiet, SV, dei fleste representantane i Frp samt Raudt og MdG. I tillegg stemte utbrytarar frå regjeringspartia Venstre og Høgre for lovendringa.

Stortinget behandler ny bioteknologilov

PLEKSIGLAS: Plassane var skilte med pleksiglas for å unngå smittespreiing. På biletet: Jonas Gahr Støre (Ap) og Ketil Kjenseth (V).

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ingen hadde hatt full oversikt over korleis stemmetalet ville bli. Det gjaldt særleg spørsmålet om assistert befruktning for einslege fordi ein del Frp-representantar ikkje var einige i avtalen partiet inngjekk med Ap og SV på dette punktet.

Listhaug stemte for

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug var ei av dei det var knytt spenning til. Listhaug stemte til slutt for endringane partiet hadde forhandla fram.

– Eg meiner det er kjempebra at vi tek i bruk teknologi og gir foreldre meir informasjon om barn i magen. Det er bra at lova vart modernisert på dette området. Det er ikkje hemmeleg at eg var mot både eggdonasjon og assistert befruktning for einslege, men eg valte å stemme med partiet, Frp har vedteke denne politikken på landsmøtet og eg respekterer det.

Finanspolitisk talsperson for Frp, Sylvi Listhaug, på pressekonferanse om enighet om ny økonomisk pakke 7. april 2020.

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug stemte til slutt for endringane partiet hadde forhandla fram.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Men du pleier jo ikkje å fire på det du meiner?

– I denne salen sat det mange i dag som måtte stemme noko anna enn dei eigentleg meiner.

Lov med eggdonasjon, KrF-tap på alle punkt

Stortingsfleirtalet vedtok vidare at assistert befruktning gjennom eggdonasjon blir lovleg her til lands.

Her vart fleirtalet endå klarare, blant anna fordi Frp sto meir samla. 94 stemte for at eggdonasjon skulle bli lovleg, 75 stemte mot.

Då Stortinget kom til dei to siste omstridde forslaga, vart det klart at KrF tapte alle dei fire lovendringane partiet har sett på som viktige.

Stortinget behandler bioteknologiloven

HISTORISK: Saksordførar Åshild Bruun-Gundersen (Frp) innleia debatten.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det var KrF som hadde sørga for at alle stortingsrepresentantane måtte møte og stemme i salen. Håpet var at dei skulle få nok representantar over på si side i ei vanskeleg sak som mange ser på som eit samvitsspørsmål.

Men det hjalp ikkje. Heretter vil alle norske gravide få tilbod om tidleg ultralyd som kan avdekke alvorleg sjukdom eller skade hos fosteret. Blodprøva NIPT blir også lovleg og alle kvinner som har krav på fosterdiagnostikk skal få tilbod om denne. 91 reepresentantar stemte for desse punkta. Det trengs 85 for å ha fleirtal.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre peika på at det reelle fleirtalet for lovendringane nok er større.

– Eg føler meg trygg på at det står eit breitt fleirtal bak dette, sa Støre til media etter ein spennande dag på tinget.

Fleire representantar for regjeringspartia hadde frå talarstolen gitt uttrykk for at dei eigentleg var einige i endringane som var foreslått av Ap, Frp og SV.

I løpet av dagen varsla Venstres Ketil Kjenseth, Høgres Kristian Tonning Riise og Marianne Synnes Emblemsvåg samt Senterpartiets Åslaug Sem-Jacobsen og Siv Mossleth at dei stemte annleis enn partiet sitt. Dette var med på å gjere at stemmefleirtalet vart tydelegare.

Fire store endringar

Utgangspunktet for at Stortinget i dag vedtok ei omfattande lovendring mot regjeringa sin vilje, var at Arbeidarpartiet, Frp og SV tidlegare i vår gjekk saman om å foreslå ei rekke store endringar i bioteknologilova. Lovsaka Stortinget tok stilling til i dag er omfattande, men det er desse fire store endringane som har stått i sentrum:

  • Assistert befruktning for einslege kvinner
  • Tillate eggdonasjon
  • Tilbod om tidleg ultralyd for alle gravide kvinner (i første trimester)
  • NIPT-test, ei tidleg blodprøve, skal vere tillatt for alle gravide kvinner

At alle dei 169 representantane måtte ta sete i salen for å avgje stemme er heller ikkje vanleg. Det var KrF sitt ønskje at alle representantane skulle vere i salen når saka blei avgjort.

NRK forklarer

Hva blir nytt i bioteknologiloven?

Eggdonasjon blir lovlig

Par som ønsker barn kan få egg donert av en annen kvinne. I dag er dette forbudt, kun sæddonasjon er lov. Enslige får fortsatt ikke bruke egg fra en annen kvinne

De som gir bort egg må være mellom 25 og 35 år, og kan donere tre ganger

Du kan fryse ned egg, uten medisinsk grunn

Dette kan for eksempel være aktuelt hvis man ønsker å utsette å få barn

Assistert befruktning til enslige

Enslige kan få hjelp til å bli gravide. Behandlingen tilbys i dag kun til kvinner som er gift eller har samboer

Forskning på befruktede egg blir tillatt

I tillegg er dette nytt: 

  • Alle gravide kvinner får tilbud om tidlig ultralyd og blodprøve (KUB).
  • Alderen for risikosvangerskap senkes fra 38 til 36 år.
  • Kvinner får tilbud om NIPT-test om det er medisinsk årsak til det. Alle andre kan også ta testen, men må betale selv. NIPT er en blodprøve som viser kromosomavvik hos fosteret. 

NRKs tellingar har i løpet av dagen vist at det låg an til fleirtal for alle dei fire endringane, og etterkvart som debatten i salen skreid fram vart det etterkvart tydeleg at det ville ende slik.

For å bli vedteke må eit forslag ha støtte frå 85 av dei 169 representantane, noko som betyr at KrF måtte ha overtydd fem fleire representantar for å stoppe forslaget om assistert befruktning for einslege.

Forslaga om assistert befruktning og eggdonasjon er no vedteke som lov. Når det gjeld tilbod om tidleg ultralyd og NIPT-test har Stortinget bede regjeringa kome tilbake med detaljane.

SISTE NYTT

Siste meldinger