Hopp til innhold

Sivilforsvaret beordra lærar til å drive mottak: – Trur UDI var ganske desperat

Til vanleg er ho kontaktlærar. No jobbar ho på akuttmottaket på Kongsberg. UDI slit med å finne aktørar til å drive dei mange mottaka som no blir oppretta i rekordfart.

Sivilforsvaret-kongsberg

Frå venstre lærar Nina Basberg og barnehageassistent Ole Vidar Skogheim er blant dei som er kalla inn av Sivilforsvaret til å drive mottaket på Kongsberg i oppstartsfasen.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

– Det kom litt overraskande på, det skal eg vere ærleg å innrømme, seier Nina Basberg.

Eigentleg skulle ho undervist for elevar ho er kontaktlærar for ved Steinsfjorden Montesorriskole.

I staden står ho og registrerer og hjelper ukrainske flyktningar som kjem til Kongsberg akuttinnkvartering.

Ho har funne fram dyner, laken og puter til soveromma. Ei ukrainsk kvinne kjem og ber om å få låne ei barnevogn. Snart kjem ei trillande.

– Det er veldig givande å få hjelpe og bidra, seier Basberg.

Ho har vore med i Sivilforsvaret sidan 2018 og er blitt kalla ut for å stille opp, fordi staten slit med å få tak i eigne aktørar til å ta driften av mottaka.

Eg trur UDI var ganske desperat. Vi er statens naudressurs, seier Ivar Løkeng, distriktssjef sivilforsvaret Buskerud.

 Ivar Løkeng

Ivar Løkeng er distriktssjef for Sivilforsvaret i Buskerud.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Hadde berre 1750 plassar

Etter at Russland gjekk inn i Ukraina, har tusenvis av flyktningar komme seg til Noreg med privat hjelp. No har også den norske regjeringa begynt å ta i eit tak.

Utfordringa er at 120 av aktørane som dreiv mottaka for dei rundt 30.000 flyktningane som kom hit i 2015, no driv med andre ting.

Knut Berntsen, UDI

Knut Berntsen, seksjonssjef i Utlendingsdirektoratet (UDI)

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Knut Berntsen, seksjonssjef i Utlendingsdirektoratet (UDI), opplyser at Noreg før krigen berre hadde 1750 mottaksplassar og eit titals driftsoperatørar.

No er det allereie anslagsvis 10.000 ukrainske flyktningar i landet, og staten skal rigge seg for at det kan komme totalt 35.000.

Vi har veldig mykje bygningsmasse som vi ikkje er heilt sikre på kven vi kan få til å drive mottak på, seier Berntsen.

– Kan de ikkje berre bruke hotell?

– Vi gjer det i stor grad, men skal folk bu der over litt tid, treng dei andre typar tenester, og då treng vi ein operatør, seier Berntsen.

Måtte sikre seg mot misbruk

I mangel på aktørar, såg UDI seg nøydde til å ringe Sivilforsvaret for å drive mottaket på Kongsberg ti dagar i oppstartsfasen.

Vi er veldig bevisst på at dette ikkje er ressursar som skal misbrukast. Vi gjer bruk av Sivilforsvaret når det er strengt nødvendig, seier seksjonssjefen.

Sivilforsvaret måtte nemleg gå nokre rundar med UDI då dei fekk telefonen om oppdraget.

Ein må jo vere sikker på at dei faktisk ikkje misbruker oss, at dei faktisk har prøvd ut alle moglegheiter som er. Det inntrykket fekk eg ved å prate ved fleire nivå i UDI og då var det ganske enkelt å gjere det, seier distriktssjef Ivar Løkeng.

Han understrekar at det er ei stor sak å ta ut folk av dei vanlege jobbane deira som lærarar, kokkar og barnehageassistentar, til å jobbe to døgn kvar i slengen.

Kva seier folk når dei blir bedne om å komme?

Det er litt forskjellig. Folk har jo avtalar, sjølvsagt, både privat og ikkje minst på jobb. Men når det kjem til stykket, bidreg folk. Og eg merker at dette er litt spesielt. Dette er noko meir enn å rykke ut på skogbrann, seier Løkeng.

– Veldig viktig å bidra

Det stadfestar kokk Andreas Holth, som passande nok har blitt plassert på mottakskjøkenet, der han førebur neste dags frukost.

– Det er litt spesielt og annleis, men det er veldig viktig å bidra med det ein kan, seier Holth.

– Korleis er det å møte alle som kjem hit? Det er mange barnefamiliar?

– Det gjer noko med deg, og det er mange sterke inntrykk. Samstundes blir eg optimistisk, for du merkar at dei har glede og entusiasme, dei har det bra. Dei uttrykker at dei føler det som ein trygg heim å vere i, så det er godt å høyre, seier Holth.

Sivilforsvaret-kongsberg

Andreas Holth er kokk til vanleg. No er han kalla inn via Sivilforsvaret til mottakskjøkenet.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Håper det løysar seg snart

UDI forhandlar no med ein aktør om å ta over mottaket på Kongsberg ganske raskt.

Dei håper ikkje det blir naudsynt å kalle ut Sivilforsvaret til å ta drifta i oppstarten av mottak andre stader i landet, då dei har god dialog med private bedrifter og ein del kommunar.

Vi har også prøvd å mobilisere den frivillige innsatsen og dei store humanitære organisasjonane. Fleire av dei har sagt at dei også kan gå inn mellombels og drive mottak, seier Berntsen.

På tre veker har dei gått frå 19 til 65 mottak landet rundt, inkludert hotell som er tekne i bruk, ifølgje Berntsen.

I tillegg legg UDI planar tilfelle det kjem opp mot 100.000 flyktningar. Då kan det bli aktuelt å mobilisere alt frå kommunar til den frivillige innsatsen, og innkvartere folk i til dømes gymsalar.

Vi kan jo tenke oss at vi tek i bruk store anlegg med tusenvis av plassar, gjerne enkle forhold og då med håp om rask busetting og eit løp mot kommunane, seier Berntsen.

AKTUELT NÅ