Hopp til innhold

Helsedirektoratet: Koronamedisin kan gi effektiv behandling til alvorleg sjuke

8. desember vil medisinen Paxlovid vere tilgjengeleg i norske apotek. Ifølgje Helsedirektoratet kan han hjelpe dei som blir alvorleg sjuke av korona.

koronamedisin paxlovid

KORONAMEDISIN: Paxlovid hindrar koronaviruset frå å kopiere seg sjølv og spreie seg i kroppen.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Helsedirektoratet har informert om at pasientar med høg risiko for alvorleg sjukdom kan få tilbod om behandling med Paxlovid om dei har fått påvist korona.

Medisinen reduserer risikoen for alvorleg sjukdom hos dei med høg risiko for å bli alvorleg sjuke. Det er først og fremst eldre, som vil ha nytte av behandlinga.

– Målet med å gje Paxlovid er særleg å redusere alvorleg sjukdom, men òg å redusere belastinga på helsetenesta, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Espen Nakstad

HELSEDIREKTØR: Nakstad håpar medisinen vil redusere alvorleg sjukdom og løfte trykket på helsetenesta.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Viktig å starte behandlinga tidleg

Helsedirektoratet påpeikar at det er viktig at koronamedisinen blir tatt i bruk så tidleg som mogleg for best effekt.

Paxlovid hemmar koronaviruset frå å kopiere seg sjølv og spreie seg i kroppen, og er derfor mest effektiv om du startar behandlinga tidleg.

For at medisinen skal ha god effekt, bør behandlinga starte så snart som mogleg etter at du får symptom. Om du får luftvegssymptom, er det viktig at du ikkje ventar, men kontaktar fastlegen din så snart du kan.

Du bør òg ta ein sjølvtest for korona, men ta kontakt med legen anten du får positivt eller negativt resultat på testen.

Alvorlig Koronasykdom

AVLASTE: Nakstad håpar koronamedisinen vil redusere belastninga på helsetenesta.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

God effekt for dei som blir sjukast

Noreg har fått nok Paxlovid til 25.000 personar gjennom EU si felles innkjøpsordning. Det vil seie at det er avgrensa tilgang på medisinen.

Første pakkene med koronamedisinen Paxlovid på lager i Norge.

De første pakkene med koronamedisin på lager i Norge.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Mellom anna dei med alvorleg immunsvikt, kronisk sjukdom, diabetes og overvekt er i hovudgruppene som medisinen er aktuell for.

Pasientar med låg risiko for alvorleg sjukdom, har diverre lita nytte av medisinen, og vil derfor ikkje få tilbod om medisinen.

– For dei personane Paxlovid er aktuelt for, vil medisinen vere gratis, seier Rostrup Nakstad til NRK.

Legemiddelselskapet Pfizer står bak Paxlovid som er eit direktevikande antiviralt legemiddel. Administrerande direktør i Pfizer Albert Bourla har sjølv sagt at han nytta medisinen då han blei koronasjuk.

Covid-19 selvtest

POSITIV: Med påvist koronavirus kan du få tilbod om Paxlovid dersom du er i risikogruppa for alvorleg sjukdom.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Helsedirektoratet forklarer at medisinen reagerer med ein rekke andre legemiddel, som kan vere livsviktige. Særleg dei som har transplantert eit organ kan ikkje nytte Paxlovid. Legen må derfor ta ei vurdering ut frå pasienten sine medisinar før behandling.

Men helsedirektoratet poengterer at Paxlovid ikkje erstattar vaksine.

– Det beste vernet mot korona får du ved å ta vaksine. Samstundes veit vi at nokon blir sjuke av korona sjølv om dei har fått fleire vaksinedosar. Om du har høg risiko og blir sjuk, kan du ha stor nytte av Paxlovid, skriv Helsedirektoratet til NRK.

I faktaboksen under kan du sjå kven helsedirektoratet har vurdert at Paxlovid er aktuell for.

Bruk i utlandet

Allereie i januar anbefalte Den europeiske unionen (EU) bruk av medisinen mot koronaviruset, og fleire land, deriblant Italia, Storbritannia og Nederland har tatt han i bruk.

Studiar har vist at Paxlovid er meir effektiv for å forhindre alvorleg sjukdom og død frå koronaviruset enn andre antivirale medisinar.

Ein fersk studie frå Johns Hopkins Medicine fann at gravide kan nytte Paxlovid ved koronasjukdom, utan auka risiko for alvorlege biverknadar.

Medisinen har derimot blitt kritisert i ein forskingsrapport frå august, for å vere lite tilgjengeleg. Rapporten fann store forskjellar i tilgangen til antivirale medisinar i Vesten og Det globale sør.

«Vi har bedt om meir enn 3000 brukardosar, men vi fekk berre 300» sa WHO-representant for Somalia Mamunur Rahman Malik i rapporten.

Foreløpig er det først og fremst høginntektsland som har dekkande tilgang til legemiddelet.

Prisen for ein Paxlovid-behandling i USA kostar $530, medan det i Nederland kostar €1,250 ifølge NL Times. I Noreg vil medisinen vere gratis for dei Paxlovid er aktuelt for.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger