Hopp til innhold

Full gransking av psykiatri-drapa

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen set ned eit utval som skal gå gjennom drap som er utførde av menneske med kjende psykiske lidingar dei siste fem åra.

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen set ned ein kommisjon som skal sjå på psykiatridrapa.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Statsråden vil også vurdere behovet for eit meir permanent utval som kan gå inn i framtidige saker.

I tillegg skal dei gå gjennom alle retningsliner som skal vurdere om ein pasient er farleg eller ikkje.

Psykisk sjuke menneske har stått bak minst 18 drap dei siste fem åra.

- Etter den tragiske hendinga i Tromsø blir spørsmålet reist om korleis dette kan skje gong på gong. Vi må spørje om vi har organisasjonar og system som lærer av slike tragediar, sa Hanssen på ein pressekonferanse i ettermiddag.


Breitt samansett

Ann-Kristin Olsen

Ann-Kristin Olsen skal leie kommisjonen.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Utvalet skal ha medlemer med blant anna helsevesen, politi, fengsel, kommune og NAV, i tillegg til brukarar og pårørande.

Helseministeren vil også vurdere å ta inn fagpersonar rå dei andre nordiske landa, for å få med erfaringane dei har frå liknande saker i sine heimland.

- Utvalet skal sjå på alle forholld som låg bak drapa, peike på kva som svikta og på kva måte erafaringar har ført til endring. Utvalet skal gi råd om kva som kan gjerast for å førebyggje slike hendingar i framtida, sa Hanssen.

Fylkesmann i Vest-Agder og tidlegare sysselmann på Svalbard og politimeister i Halden, Ann-Kristin Olsen, skal leie utvalet.

- Det er viktig at utvalet blir leidd av ein person med høg integritet og tillit. Eg er svært glad for at Ann-Kristin Olsen har sagt ja, sa statsråden.

Permanente system

Bjarne Håkon Hanssen gav uttrykk for at det kan bli aktuelt å få til meir permanente system for å handtere framtidige saker. Han har bede direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn om å hjelpe seg med å sjå nærmare på dette.

Helsedirektoratet har utarbeidd retningsliner som skal hjelpe helsetenesta og politiet til å gjere gode vurderingar av om personar er farlege. Helse-statsråden ser det som viktig å få slå fast om desse retningslinene faktisk blir brukte, og om dei er gode nok.

Helsedirektoratet skal såleis gjennomføre såkalla fagrevisjonar, og dette skal Helsedirektoratet og helseforetaka samarbeide om.

Teieplikta

Den nye utvalet, som på same måte som Havarikommisjonen for sivil luftfart, er sett saman for at fagfolk frå alle relevante område saman skal sjå på korleis ting kan gjerast betre.

Blant dei momenta som skal under lupa er spørsmålet om teieplikta er til hinder for at informasjon kjem fram til dei som treng det for å hindre handlingar som set andre menneskeliv i fare.

Utvalet skal også sjå på om budsjetta i dag er store nok til at samarbeidet mellom etatane fungerer som det skal.

Frå v. Bjørn Erik Larsen, Lars E. Hanssen, Bjarne Håkon Hanssen og Ingelin Killengreen.

Frå v. Bjørn Erik Larsen, Lars E. Hanssen, Bjarne Håkon Hanssen og Ingelin Killengreen.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger