For knappe to veker sidan varsla Siv Jensen at ho går av som Frp-leiar. Ho peika på nestleiar Sylvi Listhaug som partiets neste leiar. Sunnmøringen blir truleg vald på landsmøtet i mai.
I Frp håpar mange at Listhaug kan løfte partiet. Målingane den siste tida har ikkje vore så mykje å juble over.
Eit lite blått lys
No gir den siste meiningsmålinga eit lite håp for Listhaug og Frp. For den mørkeblå søyla veks seg litt høgare. Fleire tenker dei vil stemme på Frp no enn for ein månad sidan.
Men 9,7 får ikkje den påtroppande leiaren til å slå salto.
– Vi får stå på, seier Listhaug til NRK når ho har studert tala for marsmålinga.
– Hadde du håpa på meir oppslutnad?
– Ein må jobbe beinhardt over tid for å få resultat. Vi skal gjere det vi kan for å gjere eit så godt val som mogleg til hausten, så skal vi bygge partiet framover mot 2025, det er målsettinga mi.
– Kva veljarar må du hente viss du blir leiar for å sanke mest mogleg støtte til Frp?
– Vi skal kjempe for å få tilbake veljarar som har gått til andre parti ved å vere gjenkjennelege, enten det er snakk om å sette krav i integreringspolitikken, bygge veg utan bompengar eller stå opp for dei som slit og er sjuke.
Elskar, elskar ikkje
Det er vrient å slå fast om veljarane er begeistra eller kritiske til leiarskiftet i Frp. I ei måling hos Dagbladet førre veke var Frp-framgangen så betydeleg at den vart døypt «Sylvi-spretten». Mens hos TV 2 i dag får partiet den dårlegaste målinga på 26 år. Målinga for NRK og Aftenposten ligg ein stad midt mellom.
I historisk samanheng er 9,7 prosent uansett ikkje bra for Frp. Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 15,2 prosent.
Både Erna Solberg og Sylvi Listhaug treng at Frp kjem seg dit igjen.
Rundt ti prosent sjanse
På nettsida estimite.com presenterer førsteamanuensis ved Institutt for statsvitskap på UiO, Jørgen Bølstad, reknestykke for kor sannsynleg ulike utfall av valet 2021 er.
REKNAR: Jørgen Bølstad ved UiO.
Foto: Caroline Utti / NRK– Kva må til for at borgarleg side skal få fleirtal?
– 2017-valet var svært jamt. Dei borgarlege vann fordi både KrF og Venstre akkurat kom over sperregrensa, mens Raudt og MDG hamna under. Så har Frp gått betydeleg tilbake, mens både Venstre og KrF no ligg under sperregrensa. Skal dei borgarlege vinne, må nok både Venstre og KrF gå fram rundt 1 prosentpoeng og kome over sperregrensa, og så må Frp kome tilbake der dei låg førre val, opp 5-6 til rundt 15 prosent.
– Kor sannsynleg er det?
– Basert på korleis oppslutninga vanlegvis endrar seg over tid, reknar eg det for 10 prosent sannsynleg at desse partia får fleirtal.
Generelt er det små endringar i Norstats marsmåling for NRK og Aftenposten. Alle endringar er innanfor det som blir kalla feilmarginen.
Men tendensen er ein liten framgang for partia på den blå sida, mens dei små partia på raudgrøn side går noko tilbake. Høgres framgang er den største.
Ernas tynne håp
Skal Erna Solberg forsvare statsministerjobben, må meir enn halvparten av dei 169 representane på Stortinget støtte henne. Det blir vrient når dei fire partia på blå side mistar 19 representantar samanlikna med 2017-valet.
Regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF ville fått berre 51 representantar om dette var val.
Mandatfordeling partibarometer mars 2021
Raudt
Sosialistisk Venstreparti
Arbeidarpartiet
Senterpartiet
Miljøpartiet dei grøne
Kristelig Folkeparti
Venstre
Høgre
Framstegspartiet
Pilene viser at den store endringa frå sist val er Senterpartiets enorme framgang. Det nest viktigaste er Arbeidarpartiets og Frps betydelege tilbakegang.
Summen av dette blir statsministerskifte. Sjølv om 58 prosent svarar Erna Solberg når dei får spørsmål om kven av dei to erklærte statsmininsterkandidatane som er best skikka til å vere statsminister. Berre 27 prosent peikar på Støre.
Frps 18 representantar på denne målinga vil nok også ha Solberg som statsminister. Men samla sett ville blå side i politikken ha site igjen med 31 representantar færre enn dei raude og grøne partia.
Støre må mobilisere
– 21 prosent er eit for lågt tal, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre, som for tredje månad på rad må sjå at Senterpartiet er større enn Ap.
– Vi har større ambisjonar enn det. Men det er eit klart flerital for regjeringsskifte, det er bra. Arbeidarpartiet skal mobilisere, seier Støre til NRK.