Johan Galtung sovna stille inn på Stabekk helsehus i Bærum laurdag morgon etter ei tids sjukdom. Det opplyser hans son Andreas Galtung til NTB.
Han er rekna som ein av grunnleggarane av fagfeltet fredsforsking og var den første direktøren ved Institutt for fredsforsking (PRIO). Instituttet blei oppretta i 1959, og Galtung var forskingsleiar før han blei direktør.
Galtung blei fødd 24. oktober 1930 i Oslo. Dei siste åra har han oppheldt seg i Spania med si ektefelle Fumiko Nishimura Galtung. Han etterlét seg fire born.
- Alle imperier går under. USA-imperiet faller innen 2020. Johan Galtung spår ikke, han insisterer på å vite ting om framtida. Vi får et nært møte med den frittalende jubilanten et sensommerdøgn på hytta hans i Jondal i Hardanger. Innimellom morgenbad, bokskriving og blåbærplukking deler han her sine tanker om livet og verden.
Ei lang karriere
Galtung var utdanna matematikar og sosiolog frå Universitetet i Oslo.
I 1969 blei han verdas første professor i freds- og konfliktforsking ved det same universitetet, og heldt fram å lære andre om tematikken fram til 1977.
Han er anerkjent som ein pioner innanfor fredsforsking, og står bak omgrepet «fredsbygging».
Han har gitt ut fleire enn 150 bøker om freds- og konfliktforsking i løpet av sitt liv, samt over 1000 vitskaplege artiklar.
Han var interessert i fredsarbeid også utanfor jobb, og har vore med på å mekle i ei rekke konfliktar.
MINNEPRIS: I 2011 tok imot Johan Galtung Erik Byes minnepris.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK