Hopp til innhold

Fotoboksane knipsar som aldri før

Fleire og meir moderne fotoboksar gjer at norske bilistar stadig oftare vert bøtelagde.

Fotoboks

Fotoboksen i Maridalsveien i Oslo er ein av mange.

Foto: unknown / SCANPIX

Talet på trafikkbøter auka med over 11 prosent første halvår i år.

Fotoboksane tar no nesten dobbelt så mange fartssyndarar som politiet sine manuelle kontrollar, sjølv om politiets aktivitetsnivå har vore stabilt dei siste åra.

Digitale fotoboksar

Det er blitt fleire fotoboksar langs vegane. Samstundes er dei blitt digitale, og difor er dei oftare verksame.

- Det er nok noko av forklaringa på at fotoboksane tar stadig fleire fartssyndarar, seier informasjonssjef Tore Bratt i Statens innkrevingssentral til NTB.

Høg fart og ulovleg mobilbruk

Nær 105.000 fartsbøter vart skrive ut første halvår i år.

Talet på bøter for ulovleg mobilbruk har skote i vêret. Nesten 6000 mobilbøter gjekk til innkreving dette halvåret, ei auke på heile 46,6 prosent samanlikna med første halvår i fjor.

Dei fleste som vert bøtelagde har køyrd mellom 6 og 15 kilometer i timen for fort.

AKTUELT NÅ