Jan Helge Fosså, er ein av verdas leiande forskarar på biomangfald.
Foto: Schrødingers Katt / NRK- Det vil vise seg kva som skjer. Eg er glad eg er så gammal som eg er.
Havforskar Jan Helge Fosså, ved Havforskningsinstituttet ser ikkje optimistisk på framtida. Årsaka er den menneskeskapte C02.
- Den endrar kvaliteten i havet. Enkelt sakt trugar den næringskjeda. Maten til fisken døyr, det får sjølvsagt også noko å seie for fisken
PH-verdien minkar
- Det er endringar i PH- verdiane som gjer at det vert slik. Det vi no ser er at gjennomsnittet i havet er nede på ein måleverdi på 8.1. Det harminka ein tidel. Det høyrast ikkje mykje ut for deg og meg. Men dette har stor betyding for livet i havet, seier Jan Helge Fosså.
Når havet vert for surt, påverkar det kalsifiseringsprosessen. Organismane nedst på næringskjeda treng kalk for å bygge skal. Ved forsuring vert dette vanskelegare. Dei brukar meir energi på å byggje kalk og skal. Vert det for surt døyr dei. Nokre av organismane som dette er verst for er små vingesnegler, skjell, korallar og kokkolittoforider. Dette er igjen næring for fisk som sild, torsk og kolmule.
Dette er vingesneglen, ein av organismene som slit når havet forsurast.
Foto: USGSVerst for våre havområde
Forskinga på CO2 i havet, har vore kjend i fleire år. Nytt er det derimot at forskarane kan seie kva områder dette får størst konsekvens for.
- Det har mest å seie for dei arktiske områda. Barentshavet til dømes er eit av områda der vi ser denne forsuringa er sterkare enn andre områder.
- Kva fisk vil dette då få konsekvensar for?
- Den nordatlantiske pollacken vår det svært mykje å seie for. Den er den som det vert fiska nest mest på i verda. Våre kjære fiskeslag som sild, torsk og kolmule er også i faresona.
Mindre fisk for fiskarane
Havforskar Jan Helge Fosså vil leggje fram si uro denne veka under havkonferansen , The Ocean in a High Co2 World. Forskarar frå heile verda møtast i Monaco for å diskutere kor alvorleg situasjonen er og kva som kan gjerast. Jan Helge Fosså trur at ein må fiske meir skånsamt i framtida.
- Rovdrift og overfiske kombinert med forsuring er sjølvsagt ille. Torsk og sild vert meir sårbare når noko av næringsgrunnlaget fell vekk. Vi må tenkje meir på dette og forvalte fisken på rett måte.
Fiskeri og kystminister Helga Pedersen stiller seg bak havforskarane.
- Det kan godt hende at fiskarane må fiske mindre. Det er klart når PH-verdien minkar og bestanden flytter på seg, så må vi gjere alt vi kan for ikkje å fiske den ned.