Avgangen kl. 07.24 frå Ski stasjon blei det første toget på Follobanen med passasjerar sidan 19. desember.
– Takk for tolmodet medan me har jobba. Velkomen tilbake, skriv Bane Nor i ei trafikkmelding like over klokka 7 søndag.
– Det her er ein gledeleg dag, seier Helge Underland frå Ski.
Togpendlar Helge Underland kunne endeleg komma seg frå Ski til Oslo S med Follobanen.
Foto: Mariam Eltervåg CisséHan var blant dei få som hadde behov for å bli med denne avgangen tidleg sundag morgon, men Underland hadde eit klart formål.
– Eg må jo forsikra meg om at det her fungerer, humra han på spørsmål om kva som fekk ham om bord.
I likskap med mange andre frå Follo og lenger sør, jobbar Underland i hovudstaden og er togpendlar. Bygd for ein toppfart på 250 kilometer i timen halverer den 22 kilometer lange Follobanen turen mellom Oslo og Ski frå 22 til 11 minutt.



– No kan eg ta eit seinare tog måndag, og elles når eg skal på jobb, seier han.
Den splitter nye strekninga mellom Oslo og Ski blei stengd den 19. desember, berre åtte dagar etter opninga.
Grunnen var problem med straumanlegget. Utbetringsarbeidet har vore krevjande, og opninga har blitt utsett ei rekke gongar.
Follobanen blei opna for trafikk den 11. desember, og med brask og bram av kongen dagen etter. – Eg gløymde flagget heime, seier Underland.
Underland fortel at han fekk nytta seg av det nye tilbodet i den korte perioden banen var open, men at erfaringane ikkje var så gode.
Sjølv etter 13 år med bygging og 36,8 milliardar kronar brukt, var då noregshistorias dyraste samferdsleprosjekt prega av innstilte og seine tog.
Forklaringsvideo av Follobanen.
– Det har vore ei dårleg veke for jernbanedrifta i området, og det beklagar me, men me vurderer ikkje drifta av jernbanen ut frå fire dagar. Eg håpar me kjem sterkare tilbake, sa konserndirektør for drift og teknologi i Bane Nor, Sverre Kjenne, den gong.
– Testkøyringa har gått bra, og anlegget fungerer som det skal. Me har køyrt testturar med tre doble togsett mellom klokka 09 og 15 på dagtid denne veka også, og held fram med det til og med laurdag, sa pressesjef i Bane Nor, Anne Kirkhusmo, til NRK torsdag.
Jernbanedirektør Knut Sletta frydar seg over at Follobanen endeleg kunne opna igjen.
– Eg er kjempeglad. Det betyr veldig mykje for kvardagen til dei 50000 som reiser mellom Oslo og Follo-regionen kvar dag, seier han til NRK på Oslo S.
Over 600 testkøyringar, slik som denne, er gjennomførte før opninga sundag morgon.
Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK– Mitt inntrykk er at Bane Nor har gjort ein veldig grundig jobb i vekene forut for opninga, så eg er trygg på at dette går godt i morgon tidleg også, legg han til.
Direktør i Bane Nor, Gorm Frimannslund, beklagar til dei mange tusen som har venta på at toga igjen kunne frakta dei. No er Bane Nor så sikre som dei kan bli på at toga på Follobanen endeleg skal kunne gå etter planen.
– Me har aldri gjennomført så mange testkøyringar noko gong, seier han.
Likevel valde dei ein sundag for å opna banen igjen då det er færre tog og passasjerar.
Det var eit bevisst val å opna Follobanen på ein roleg dag, seier direktør i Bane Nor, Gorm Frimannslund.
Foto: Mariam Eltervåg Cissé / NRKStatssekretær i Samferdsledepartementet, Abel Cecilie Knibe Kroglund (Ap), peiker også på Bane Nor sitt arbeid i perioden før opninga som tryggande.
– Dette er ein god dag, men det har vore krevjande med så lang nedetid, seier ho.
Departementet ønsker derfor å finna korleis milliardprosjektet kunne komma så skeivt ut frå startblokkane.
– Me har bestilt ei ekstern gransking av hendingsrekka, frå det oppstod tekniske problem og fram til opninga. Ho skal også undersøka systema og informasjonsflyten gjennom dei forskjellige organa, seier Kroglund.
Frå 5. mars blir rutetilbodet på Follobanen og Østfoldbanen sine lokallinjer det same som det var då strekninga stengde ned 19. desember, men det krevst noko meir arbeid på Blixtunnelen, ifølge administrerande direktør i Bane Nor, Gorm Frimannslund.
Blixtunnelen er den lengste jernbanetunnelen i Norden.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK– Me har gjennomført ein risikoanalyse, og resultatet viser at det står att arbeid av mindre grad som ikkje påverkar togtrafikken. Det er trygt å opna for trafikk igjen, seier han.
Det betyr at Follobanen vil bli stengd nokre dagar i påskeferien og i sommar, og at Underland må rekna med lengre reisetid i desse periodane.