Alle politiske parti er ifølgje partilova pliktig å rapportere inn alle motteke bidrag over ti tusen kroner. Dette er informasjon som Statistisk sentralbyrå gjer offentleg tilgjengeleg gjennom partifinansiering.no.
Til no er 12 formelle åtvaringar sendt til parti frå Partilovnemnda, som har som oppgåve å følgje med på den økonomiske rapporteringa.
To parti fekk kutt i partistøtta som konsekvens. Piratpartiet mista ti prosent av den statlege støtta. Miljøpartiet Dei Grøne fekk ei avkorting på 12.000 kr på grunn av for sein rapportering på eit økonomisk valkampbidrag til tilsvarande sum.
Også i 2016 fekk Miljøpartiet ei åtvaring for eit bidrag som ikkje var rapportert inn innan fristen, samt ei prøvetid på to år. Då partiet igjen mangla rapportering for eit bidrag i 2017 førte dette til tap av midlar frå staten.
– Det er ein viktig del av det demokratiske samfunnet at vi sikrar mest mogleg openheit om partifinansiering. Det bidreg til tillit til det politiske systemet vi har, seier professor og leiar for nemnda Eivind Smith.
Partiet risikerte å miste halve støtta, 5,5 millionar av 11.140.774 kr, då Partilovnemnda vurderte ei avkorting på opp mot 50 prosent av årets partistøtte.
– Det ville vore veldig dramatisk for oss, seier partisekretær Lars Gaupset i MDG. Han meiner ein slik reaksjon hadde vore uforholdsmessig streng.
Det meinte også nemnda som landa på ein reaksjon på 12.000 kroner trekk.
– Ja, det hadde vore urimeleg for slurv. Samtidig må vi reagere på gjentatte lovbrot, seier Smith.
Han legg vekt på at deira viktigaste jobb er å informere, varsle og følgje opp, ikkje å samle inn mest mogleg med pengar.
– Eit bidraga ramla ut av eit rekneark hos oss. Vi ynskjer å halde oss til regelverket, derfor har vi skjerpa kontrollrutinane. Samtidig er det vanskeleg å sikre seg 100 prosent mot menneskelege feil, seier Gaupset og legg til at 12.000 kr i trekk ikkje fører til stor dramatikk i partiet.
Fleire åtvaringar enn tidlegare
Partilovnemnda har sendt ut åtvaringar både før og etter sommaren, antalet er større enn nokon gong tidlegare og tilsvarer ein sum på nærmare ein million kroner.
– Kvifor er det fleire som bryt partilova?
– Mange har nok meir fokus på dugnadsarbeidet i valkampen enn på reglar og rapportering som dette. Eub anna årsak kan vere at partia får fleire gåver enn tidlegare år. Og så fins det jo ein del eksempel på rein slurv, seier Smith.
Plikta til rapporteringa om bidrag i valåret har no eksistert i fire år, nemndsleiaren meiner difor det ikkje lengre er grunn til å sjå gjennom fingrane.
Meiner reglane ikkje er for strenge
Også Høgre har fått åtvaring for sein rapportering på tre valkampbidrag på til saman 138.080 kr, i tillegg til ein sum på 15.000 til eit distriktslag i partiet.
– Det er irriterande med ein glipp. Dette skjedde då vi ikkje hadde nokon økonomisjef. Vi har til dagleg strenge rutinar, seier John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre.
– Fleire parti er for seint ute. Er partilova for streng?
– Nei, det er den ikkje. Vi brukar sjølv å sikre openheit i økonomien på eigne nettsider også før det partilova krev.
– Kvifor er det då ein aukande trend med sein rapportering frå partia?
– Eg kan berre kommentere for Høgre sin del, seier Aarset.
– Alle ynskjer nok å følgje regelverket, men manglande kunnskap og ein hektisk valkamp kan ha noko av skulda, legg Gaupset frå MDG til.