Hopp til innhold

Testen frå nasen blei negativ – så fekk ho tips om å testa i halsen

Fleire opplever å testa negativt når dei puttar testpinnen i nesa, men positivt når dei tar pinnen i halsen. No skal FHI undersøkja kvifor.

Guro Birkeland Tangen

Det var først når Guro Birkeland Tangen testa seg for koronavirus i halsen at ho fekk positivt svar.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Heile familien til Guro Birkeland Tangen er heime i koronaisolasjon, men det tok lang tid før ho fekk påvist smitte.

Heimetesten som ho tok i nasen, slo ikkje ut.

– Men så fekk eg tips om å testa i halsen. Og då gjorde eg jo det. Den testen slo ut positivt med ein gong, seier Tangen.

– Eit tankekors

Etter positiv hurtigtest, fekk ho svar på dei to PCR-testane ho hadde tatt.

Det same skjedde då. Testen i nasen slo ikkje ut, men testen som blei tatt i nase og hals seinare same dag var positiv.

– Det er jo eit tankekors, seier ho.

Guro Birkeland Tangen

Guro Birkeland Tangen og familien er no i isolasjon.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / Siri Vålberg Saugstad

Ho er ikkje den einaste som har opplevd dette. Guro Birkeland Tangen fortel at ei veninne hadde liknande oppleving.

I løpet av fem dagar hadde veninna negativt svar på både hurtigtest og PCR som blei tatt i nasen.

I same periode hadde ho positivt svar på hurtigtestane som blei tekne i halsen.

FHI skal undersøkja

– Dette blir det gjort undersøkingar av no, der ein går fram på vitskapleg vis og samlar opplysingar frå fleire menneske, seier Line Vold, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Vold seier at dei vidare samanliknar korleis resultata er, og at dei vil trekkja konklusjonar etter kvart.

– Og så vil ein jo endra råda dersom det er grunnlag for det, legg ho til.

Line Vold FHI

Line Vold seier at FHI skal undersøkja om viruset lettare kan påvisast frå spytt.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

NRK har tidlegare vore i kontakt med overlege og virolog på St. Olavs hospital, Andreas Christensen, for å betre forstå korleis ein hurtigtest fungerer.

Ein hurtigtest er 90 prosent sikker på å visa om du er smittsam eller ikkje, altså om det finst aktive viruspartiklar i kroppen din.

Ein hurtigtest og ein PCR-test skil seg frå kvarandre på spesielt eitt område. Hurtigtesten viser om du har virusprotein i luftvegane, medan ein PCR-test kan finna arvematerial frå viruset.

Omikron kan gi nye testanbefalingar

Omikron blei dominerande i Noreg gjennom jula og det blei sett ein rask auke i alle fylke.

«Andelen omikrontilfeller økte raskt fra rundt seks prosent i uke 49 til 86 prosent i uke 1», skreiv FHI i vekerapporten for veke 1 som dei publiserte onsdag.

– Kan omikron ha endra spelereglane for testing?

– Det kan henda at det er slik med omikron at ein får omformeiringar av viruset som er lettare å påvisa i spytt og då i halsprøvar tidlegare enn i nasen, men det veit vi ikkje enno, understrekar ho.

I og med det er for tidleg å seia om omikron lettare kan påvisast i spytt, oppmodar FHI om at ein følgjer bruksrettleiingane som kjem som vedlegg med heimetestane og difor tek hurtigtestane i nasen.

Guro Birkeland Tangen er redd for at hurtigtestane gir falsk tryggleik.

– Om det er slik at ein går rundt og tenkjer at ein ikkje har smitte, men faktisk har det, så håpar eg verkeleg at myndigheitene finn raskt ut av dette, seier ho.

AKTUELT NÅ