Partiet forsterkar posisjonen sin som det klart største partiet i landet.
Så kraftig er framgangen at Høgre får ei oppslutning på 30,0 prosent.
Det viser ei ny partimåling Norstat har gjennomført for NRK og Aftenposten.
Målinga blei tatt frå 9. til 14. august. 960 personar er spurde.
Alle endringane er innanfor den såkalla feilmarginen, altså kan ein ikkje med sikkerheit seia at endringa hjå veljarane er reell.
– Inspirerande
Ein må heilt tilbake til januar 2014, då oppslutninga var på 30,5 prosent, for å finna ei betre måling for Høgre.
Partiet har den klart største framgangen samanlikna med førre måling, med 3,3 prosentpoeng.
– Gode meiningsmålingar er inspirerande for alle i partiet, spesielt dei som skal jobba mot kommunevalet neste år. Dei vil nok ta imot målinga med stor entusiasme. Men me skal hugsa på at me må slåst om veljarane kvar dag fram mot valet, seier Høgre-leiar Erna Solberg.
NØGD: Høgre-leiar Erna Solberg er godt nøgd med den nye målinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBHo er på turne i landet for å skapa merksemd om politikken til partiet. Ifølgje målinga har partiet hennar til saman kapra 132.000 veljarar frå regjeringspartia Sp og Ap.
– Det er hyggeleg. Me følte at me mista nokre veljarar i sluttfasen av valkampen i fjor til blant anna Senterpartiet fordi dei tenkte strategisk på tyngdepunktet i den nye regjeringa. Så me håpar me har fått dei tilbake, og andre.
Regjeringa tilbake
Målinga er langt mindre lystig lesing for Arbeidarpartiet som går mest tilbake, samanligna med førre måling. Fallet på 2,4 prosentpoeng gir ei oppslutning på 19,4 prosent.
Ei så svak måling har aldri NRK gjort for Arbeidarpartiet.
Norstat har heller aldri målt ei så stor avstand mellom Høgre og Arbeidarpartiet.
FELL: Ap har ei oppslutning på 19,4 prosent i den nye målinga. – For dårleg, seier partisekretær Kjersti Stenseng.
Foto: Lars Nehru Sand / NRK– Det er ei for dårleg måling for Arbeidarpartiet. Me har sjølvsagt ambisjonar om andre målingar enn dette. Samstundes er det slik at det er tøffe tider for folk no, seier Kjersti Stenseng, partisekretær i Ap.
– Det at veljarane går til opposisjonen i urolege tider og har skyhøge forventningar til dei som styrer, er ikkje så veldig uvanleg, legg ho til.
Heller ikkje regjeringspartnar Senterpartiet kan visa til ei god måling. Dei har falle 0,4 prosentpoeng sidan førre måling, til 5,9 prosent oppslutning.
Det er deira dårlegaste måling sidan desember 2020. Partiet ville ved eit stortingsval i dag mista meir enn halvparten av mandata sine.
HÅPAR PÅ BETRING: Senterpartipolitikar Geir Pollestad seier planen er å vinna veljarane tilbake igjen.
Foto: Odin Omland / NRK– Denne målinga er ikkje så god som me ønskjer. Me ønskjer at veljarane skal vera hjå oss og vår plan er å vinna dei tilbake igjen, seier Geir Pollestad, parlamentarisk nestleiar i Sp.
Han trur at forklaringa på at veljarane heller vel Høgre er knytt til situasjonen med høge straumprisar og høge drivstoffprisar.
– Det er nok sånn at Høgre vinn med å kunna sitja stille i båten og sjå på at me andre strevar litt med å handtera dei krisene me står i.
Borgarleg fleirtal
Samla sett gjer dei borgarlege partia si beste måling etter valet i september 2021.
Det klarar dei sjølv om KrF hamnar under sperregrensa for tredje måling på rad, medan går tilbake frå sist måling til oppslutninga dei fekk ved valet.
Dersom det var val i morgon ville Høgre, Frp, KrF og Venstre saman fått 52,9 prosent av stemmene og fleirtal med 91 av 169 mandat.
Framstegspartiet skrid fram 1,4 prosentpoeng til 14,4 prosent oppslutning. Ein må tilbake til februar 2020 for å finna ei betre måling for partiet.
MOTIVERT: Frp-leiar Sylvi Listhaug seier at gode målingar motiverer.
Foto: Javad Parsa / NTBPartileiar Sylvi Listhaug tar den ferske målinga som eit signal frå veljarane om at partiet tar på alvor dei mange personane og verksemdene som slit med prisaukar.
– Det er veldig kjekt når målingane går opp, og det motiverer oss til å stå på vidare.
– Eg trur mange ser at me i lang, lang tid har kjempa for å ta tilbake kontrollen over krafteksporten, få ein makspris på straum, fjerna drivstoffavgiftene og halvera momsen på mat, seier ho.
Mandatfordeling august 2022
Raudt
Sosialistisk Venstreparti
Arbeidarpartiet
Senterpartiet
Miljøpartiet Dei Grøne
Kristeleg Folkeparti
Venstre
Høgre
Fremskrittspartiet
SV, MDG og Raudt fram
Regjeringa på si side, ser ut til å slita med å halda på tilliten dei fekk frå veljarane ved valet.
Den samla oppslutninga deira er på sitt lågaste nivå i denne regjeringsperioden.
Hadde det vore val no i august, så hadde Arbeidarpartiet og Senterpartiet gått frå 76 til 49 mandat på Stortinget.
Sjølv om SV og Raudt gjer det betre no enn dei gjorde ved valet, så ville likevel heile raud-grøn side, med MDG, berre få 78 av dei 85 mandata ein treng for å ha fleirtal på Stortinget.