Falsk Per Sandberg erklærte Norges mest kjente forfattar død

Ein profil på Twitter, som hevdar å vere den offisielle kontoen til fiskeri- og fungerande justisminister Per Sandberg, kom i dag med ei falsk melding om at forfattar Jo Nesbø er død. Departementet tek det alvorleg.

Falsk Per Sandberg-konto

EIT PÅSKEMYSTERIUM? Slik ser den falske Twitter-kontoen ut. Den vart oppretta i oktober 2017 og har over 500 følgjarar, deriblant fleire samfunnstoppar og journalistar.

Foto: Skjermdump

– Eg er litt sår i halsen, men er ikkje død, svarer Jo Nesbø når NRK tek kontakt.

På det som på mange måtar ser ut til å vere ein offisiell Twitter-konto for fiskeriminister og fungerande justisminister Per Sandberg (Frp), er det posta ei meldingar både på norsk og engelsk om at Nesbø skal vere død.

Kontoen har over 500 følgjarar, deriblant fleire samfunnstoppar og journalistar.

Departementet rapporterer falske kontoar

Kommunikasjonssjef for fiskeriministeren, Martine Røiseland, seier dei jobbar med å stengje falske kontoar som dukkar opp.

Martine Røiseland, kommunikasjonssjef i fiskeridepartementet

ALVORLEG: Kommunikasjonssjef for fiskeriministeren, Martine Røiseland, seier dei jobbar for å få falske kontoar stengd.

Foto: Næring- og fiskeridepartementet

– Dette er ein falsk konto, og vi jobbar med å stengje den. Alle kan opprette profilar på Twitter og i andre sosiale medium, og vi har ingen måtar å hindre folk i å opprette slike kontoar.

Statssekretær i departementet, og tidlegare politisk rådgjevar for Per Sandberg, Veronica Pedersen Åsheim, seier Sandberg ikkje er på Twitter.

– Han har aldri hatt profil på Twitter, etter det eg kjenner til, seier ho.

Ho seier dei tek slike falske kontoar alvorleg, men var ikkje klar over denne kontoen før NRK tok kontakt.

– Det er veldig uheldig. Det her må vi få sjekka opp og sikre at den vert sletta.

– Kontoen vart oppretta i oktober 2017, kvifor har de ikkje fått stoppa den før?

– Det er første gong eg høyrer om denne kontoen, men vi har tidlegare sett andre falske profilar som vi har rapportert.

Hevdar italienar står bak

På den siste Twitter-meldinga profilen har lagt ut hevdast det at den italienske journalisten Tommaso De Benedetti står bak.

De Benedetti er kjent for å spreie «fake news» og opprette falske Twitter-kontoar med kjende personar og statsleiarar verda over. I eit intervju med The Guardian seier han at han gjer dette for å teste media sin evne til å skilje mellom falske og reelle nyheiter.

Han fekk mykje merksemd då han for fleire år sidan melde at pave Benedict var død. Meldinga frå den falske kontoen vart mykje delt.

De Benedetti har ikkje svart på NRKs førespurnad.

SISTE NYTT

Siste meldinger