Fall med høg promille - men Edward får yrkesskadeerstatning

Edward hadde høg promille, og skada seg i fall frå taket på ein byggeplass. Nav avslo krav om yrkesskadeerstatning, men lagmannsretten gav han fullt medhald.

Den polske mannen fall frå taket på eit hus då han var i arbeid. Promille på 2,5. Fyrst avslag på yrkesskade, men vann i lagmannsretten

HARDT SKADA: Den polske mannen i 50-åra blei hardt skada og er ikkje arbeidsfør etter fall frå taket. No får han yrkesskadeerstatning, sjølv om han hadde 2,5 i promille då han fall.

Foto: Privat

Edward gjekk fleire rundar i Nav-systemet, men sat igjen med avslag på kravet om yrkesskadeerstatning. Heller ikkje anke til Trygderetten førte fram for den polske mannen.

Men no har advokat Kjetil Drolsum Sandnes vunne fram for mannen i Borgarting lagmannsrett. Lagmannsretten slår fast at den som er i jobb og utfører arbeid skal vera omfatta av yrkesskadereglane.

– Tydeleg dom

Advokat Kjetil Drolsum Sandnes, Norman & Co

VANN: Advokat Kjetil Drolsum Sandnes vann fram med krav om at den polske mannen skal få yrkesskadeerstatning.

– Det er eg veldig glad for. Skaden hans var i utgangspunktet godkjent som yrkesskade, men så omgjorde Nav vedtaket nærmast ut av det blå. Vi skjønte lite av det, og rekna med at den første klagen skulle føra fram. Men det blei berre nye avslag. No er lagmannsretten sin dom tydeleg, og den støttar klienten si sak fullt ut, seier Drolsum Sandnes til NRK.

Han meiner det viktigaste i domen er at Edward blir definert som å ha vore i arbeid då ulukka skjedde.

Blei hardt skada

Den polske mannen som ikkje ynskjer å stå fram med etternamn, var tidleg i 50-åra då ulukka skjedde. Han spikra lekter på taket under oppføring av ein einebustad på Romerike hausten 2015 då han fall fem meter ned og pådrog seg brot på ryggsøyla. Edward er erklært varig ufør fordi han ikkje vil kunna gå igjen.

Blodprøven viste ein promille på 2,5. Det er ikkje bevist at promillen medverka til ulukka og skaden.

– Her har Nav vore kreative og sagt at promille medfører at ein ikkje er i jobb, seier Drolsum Sandnes.

For Nav godkjente først skaden som yrkesskade, men omgjorde dette. Etaten tolka folketrygdlova slik at ein arbeidstakar som er uskikka til å arbeida på grunn av sjølvforskyldt rus pr. definisjon ikkje er «i arbeid». I denne saka vurderte Nav det slik at sidan mannen hadde svært høg promille, var han uskikka til å arbeida, og derfor ikkje «i arbeid».

Trygderetten kom til det same; at mannen ikkje kan seiast å ha vore «i arbeid» fordi han var «i ein alkoholpåverka tilstand der han klart ikkje var i stand til å utføre arbeid, særleg ikkje arbeid i høgda der det er særleg risiko for ulukke».

Sett til side av lagmannsretten

Men alt dette er sett til side av Borgarting lagmannsrett.

«Det sentrale ved å vera «i arbeid» er å utføra arbeid eller arbeidsoppgåver for arbeidsgivaren», heiter det i dommen som er samrøystes. Den slår fast at når ein gjer arbeidsoppgåver på arbeidsplassen innanfor arbeidstida, då er ein i arbeid.

Dommen i Borgarting lagmannsrett kan angå mange, og vekkjer interesse også i det juridiske miljøet.

– Det er ikkje bra å vera full på jobben, og særleg om det inneber klatring i stillas. Men det er ikkje ukjent at folk stadig gjer ting som ikkje er bra utan at dei mister trygderettane. Om du er full og klatrar i takrenna og fell ned, får du likevel sjukepengar etterpå, seier professor Ingunn Ikdahl ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Moral til side

Det er over 60 år sidan lova var slik at ein norsk arbeidstakar ikkje fekk yrkesskadeerstatning om han eller ho var rusa.

Ingunn Ikdahl, professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

IKKJE MORAL: Det skal ikkje vera ei moralsk vurdering av om ein skal få trygdeytingar, seier professor Ingunn Ikdahl ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Foto: Terje Heiestad / Terje Heiestad

– Det skal ikkje vera ei moralsk vurdering av om ein skal få trygdeytingar. Det gjeld generelt at ein har rettar dersom krava i lova er oppfylt sjølv om ein kan ha litt av skulda i skaden eller sjukdomen. Og no er det klart at dette gjeld også for yrkesskadefordelane, seier Ikdahl.

Ho seier dommen betyr at Nav må endra sin praksis.

– Når Nav har forstått regelen feil i dette tilfellet, så har det betydning også dersom nokon har fått avslag med den same feilaktige grunngjevinga tidlegare. Det er klart at dette er saker som kan ha stor betydning for dei det gjeld. Og dersom nokon som har fått avslag tidlegare tar kontakt igjen, må Nav vurdera saka på nytt, seier ho.

Nav ankar ikkje

– Dommen er godt begrunna og gir nødvendig rettsleg avklaring av saka. Vi ser derfor ikkje grunnlag for å anke saka inn for Høgsterett, skriv fungerande avdelingsdirektør i Nav, Liv Tove Espedal, i ein e-post til NRK.

Ho skriv at dersom Nav får ei liknande sak til behandling, vil denne dommen påverke vurderinga, men det er svært få slike saker til behandling.

På spørsmål om det kan koma krav frå andre personar som tidlegare har fått avslag på krav om yrkesskadeerstatning av samme grunn; rusa på jobb, svarer ho:

– Det kan vi ikkje utelukke, men vi er ikkje kjent med at det er gitt avslag i liknande saker tidlegare.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger