Hopp til innhold

– Feil å samanlikna Breivik med andre som er paranoid schizofrene

Berre éin prosent av paranoid schizofrene har eit alvorleg valdsproblem. Fagfolk reagerer på at Anders Behring Breivik blir putta i same boksen som alle andre med same sinnssjukdomen.

Anne Kristine Bergem

Pasientar med paranoid schizofreni er sjeldan valdelege. Anders Behring Breivik kan ikkje utan vidare samanliknast med andre i denne pasientgruppa, seier Anne Kristin Bergem, avdelingsoverlege ved Regional tryggingsavdeling (RSA) i Helse Sør-Aust.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

– Menneska som lir av paranoid schizofreni er like forskjellige som oss andre, seier Anne Kristine Bergem, som er avdelingsoverlege ved Regional tryggingsavdeling (RSA) i Helse Sør-Aust.

Ho reagerer sterkt på gårsdagens utspel frå Thor Kvakkestad, ein tidlegare overlege ved Dikemark RSA , som meiner Breivik kan få flytta heim og spasera fritt om fem til sju år - på lik linje med mange andre paranoid schizofrene, valdelege drapsmenn, på sikring eller dom til tvunge psykisk helsevern.

– Spekulativt og meiningslaust

Thor Kvakkestad, overlege og psykiatrispesialist

– Erfaringa mi er at pasientar med psykopati og schizofreni vil kunne vera ute i samfunnet igjen og bli følgt opp av den lokale poliklinikken etter fem til sju år, seier overlege Thor Kvakkestad.

Foto: Christian Grotnes / NRK

Gjerningspersonar som er dømde til tvunge helsevern, som responderer bra på medisinering og som har gode føresetnader for å fungera i samfunnet att, kan få lov til å leva i eigen bustad med meldeplikt til den lokale poliklinikken.

Kvakkestad uttalte seg på bakgrunn av sin 17 år lange erfaring med behandling av pasientar som lir av paranoid schizofreni med psykopati.

Bergem meiner likevel at denne pasientgruppa er så differensiert at det blir feil og meiningslaust å ta vurderingar på generelt grunnlagt.

– Nokre av pasientane med paranoid schizofreni er intelligente, andre er på grensa til psykisk utviklingshemma. Psykose-symptoma kan vera kortvarige og forbigåande, eller dei kan vara livet ut. Einskilde er valdelege, fleirtalet er ikkje det, seier avdelingsoverlegen.

Kvakkestad seier seg samd i at Breivik ikkje kan bli samanlikna med alle andre som har diagnosa paranoid schizofreni, og kjenner seg misforstått av Bergem.

– Det er ein vesentleg forskjel på pasientar med paranoid schizofreni og pasientar med same diagnose men som også er psykopatiske, understrekar Kvakkestad.

– Eg har uttalt meg om kva ein utifrå dagens praksis kan venta i denne saka dersom Breivik responderer på behandling. Basert på eigne erfaringar har eg fortalt kva som er vanleg i Noreg for behandling av pasientar med same diagnose som Breivik, og som er dømde til tvunge psykisk helsevern på grunn av drap, presiserer han.

Avdelingsoverlegen Bergem reagerer også på at det i Breivik-saka er mange som har gått langt i å uttala seg om ein pasient dei ikkje har inngåande kjennskap til.

– Det er spekulativt og prematurt å snakka om ein pasient som ein ikkje veit noko særleg om. Kor mykje fridom Breivik kan få under tvunge psykisk helsevern er avhengig av sjukdomsbiletet og behandlingsresponsen, poengterer Bergem.

Éin prosent har valdsproblem

Stål Bjørkly

Stål Bjørkly har skrive doktorgrad om vald hjå menneske med psykiske lidingar. Psykisk sjuke er svært sjeldan farlege for andre, fortel han.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Bergem får støtte frå psykologi-professor Stål Bjørkly, som har skrive doktorgrad om vald hjå menneske med psykiske lidingar.

Professoren fortel at desse pasientane sjeldan er valdelege, og at Breivik difor ikkje automatisk kan bli putta i same boksen som andre paranoid schizofrene.

Under éin prosent av pasientane med paranoid schizofreni som er underlagde tvunge psykisk helsevern har eit alvorleg valdsproblem.

– Det er viktig å få fram at det er svært få pasientar med psykiske lidingar som er til fare for andre. Dei aller fleste har ikkje eit valdsproblem, seier Bjørkly.

Kvifor må dei då inn på psykiatrisk institusjon?

– Dei kan ha andre problem, som det å samhandla med andre menneske, eller at dei forfaller og ikkje greier å ta vare på seg sjølve. Dei kan også plaga folk utan å vera valdelege, som til dømes ved å kontakta folk i tide og utide.

– Dette er ikkje alvorlege ting, men paranoid schizofrene oppfattar ofte omgjevnadane som ein større trugsel enn friske folk. Då treng dei behandling og pleie, spesielt i den akutte fasen, avsluttar psykologi-professoren.

– Ingen som berre «slepp ut»

Per i dag har Dikemark regionale tryggingsavdeling 12 innlagde pasientar. Av desse har to fått eit tilrettelagt tilbod der dei får bu i ein bustad utanfor sjukehuset.

Den eine er under oppsyn av kompetent fagpersonell 24 timar i døgnet. Den andre har behandlingskontakt med den lokale poliklinikken, og fungerer godt i kvardagen og er ikkje rekna som farleg for andre.

– Dei som slepp døgnopphald på institusjonen er under jamnleg oppfølging, kontroll og rettleiing. Det er ingen som berre «slepp ut». Det tek månader og ofte også år å planleggja slike vidareføringar av pasientar, fortel Bergem i Helse Sør-Aust.

Ho viser til omfattande risikovurderingar knytta til vald og faren for rømming. I tillegg utfører spesialistar kliniske vurderingar av pasienten gjennom heile døgnet, for å kartleggja kor godt pasienten responderer på antipsykotiske medisinar, og det dei tek blodprøvar for å sikra at pasienten får riktig dose.

AKTUELT NÅ