RUSS: 17. mai 1950 vinka russejenta prinsesse Astrid til familien på slottsbalkongen. Få år seinare skulle ho stå der sjølv i ei rolle ho aldri trudde skulle bli hennar.
UNG FØRSTEDAME: Å vere kongeleg vertinne var uvant for prinsesse Astrid. Då mor døydde tok ho over ansvaret som norges førstedame. Her klar for galla på Skaugum i november 1954.
VER DEG SJØLV: Prinsesse Astrid seier ho famla i starten. Men rådet om å vere seg sjølv i den kongelege rolla var ei god hjelp. Det same rådet gav ho seinare til dei som kom etter.
FØRSTEDAME: Alvor prega den unge førstedama på slottsbalkongen i 1955. Saman med ein aldrande kong Haakon VII og ein sørgande kronprins Olav.
HAR TENT TRE KONGAR: Prinsesse Astrid har tent kong Haakon VII, kong Olav V og kong Harald V. Her på veg ut frå Stortinget i samband med 50-års jubileet for Unionsoppløysinga i 1905.
DYSLEKSI: Prinsessa har vore open om at ho strever med dysleksi. Likevel kravde den kongelege rolla at ho heldt taler. Den første talen heldt ho i NRK og far, den gong kronprins Olav, var med.
TREMENNINGEN DRONNING ELIZABETH II: Ingen av dei var fødde til dei største kongelege oppgåvene. Men begge måtte ta ansvar då familiane trengte dei. Elizabeth blei dronning i Storbritannia. Astrid blei førstedame i Norge. Til venstre prinsesse Ragnhild.
ELVIS PÅ KNE: Rockekongen gjekk ned på kne for dei skandinaviske prinsessene Margrethe, Astrid og Margaretha i Hollywood i 1960. Dei besøkte Paramount-studio under innspelinga av " G.I. Blues ".
KJÆRLEIKEN: Det tok mange år før prinsesse Astrid fekk lov til å gifte seg med sin store kjærleik, Johan Martin Ferner. Han var skilt og vurdert som eit dårleg parti for ei kongsdotter. Men i 1960 forlova dei seg. Paret fekk fem barn.
EIGEN FAMILIE: Ekteparet Ferner får fem barn. Prinsesse Astrid kombinerer førstedamejobb og familieliv fram til 1968. Då tek kronprinsesse Sonja tek over mange av oppgåvene hennar for kongehuset.
NÆRT FORHOLD: Kong Harald omtaler forholdet til storesyster Astrid som nært. Prinsesse Astrid stiller framleis opp når kongeparet treng det. Her saman på Skaugum i 1978.
VED FAR SI SIDE: Prinsesse Astrid stod ved far si side som førstedame i 14 år. Dei stod kvarandre nær. Her i 1986 ombord i det nyrestaurerte kongeskipet "Norge" etter overleveringa ved Horten Verft.
- GOD STØTTE: Rådet om å vere seg sjølv i den kongelege rolla gav prinsesse Astrid vidare også til kronprinsesse Mette-Marit. Den erfarne tanta blei ei god støtte for kronprinsparet, ifølgje kronprins Haakon. Her får kronprinsessa Norske Kvinners Sanitetsforenings Frederikkepris overrakt av tante Astrid i 2008.
SPORTSIDIOT: Vinteridrett er den store lidenskapen. Prinsesse Astrid er flittig gjest i Holmenkollen vinterstid. i 2014 gratulerte ho Marit Bjørgen med sigeren i 30 km fellesstart i verdscupen.
MISTA EKTEMANNEN: I 2015 gjekk Johan Martin Ferner bort. Prinsesse Astrid tok farvel med sin ektemann i Holmekollen kapell. Sønene Carl-Christian Ferner og Alexander Ferner var med og bar kista ut av kyrkja.
TRE KONGAR: Det er tre medaljar på prinsesse Astrids gallakjole. Ein for kvar konge ho har tent. Her på veg inn til stortingsmiddag på Slottet i 2015.