Hopp til innhold

Norske Alek Olsen toppar Billboard-liste: – Det kjennest veldig sur­realistisk

Den norske artisten Alek Olsen toppar Billboard si hitliste over dei mest brukte songane i TikTok-videoar.

Alek Olsen Instagram

TOPPHIT: Alek Olsen toppar hitliste med låten «Someday I'll Get It».

Foto: Skjermdump Instagram

– Det kjennest veldig surrealistisk, hadde aldri sett for meg at det skulle skje!

Det seier artisten Alek Olsen til NRK etter at nyheita kom om listesuksessen.

Han er nummer ein på Billboard si liste over dei mest spelte låtane på TikTok.

Låten hans «Someday I'll Get It» er brukt i mange hundretusen TikTok-videoar og har også over 41 millionar avspelingar på Spotify.

Han ligg dermed før langt meir kjende artistar som G-Eazy og YG Marley.

– Eg er naturlegvis veldig takksam for det, og set pris på alle som lyttar på musikken min, seier Olsen til NRK.

Alek Olsen

Alek Olsen kjem frå området med dei vakre strendene på Jæren, noko Instagrammen hans også ber preg av.

Foto: Instagram

Alek Olsen fylte 30 no i februar, men har halde på med musikk i mange år.

– Eg var i tenåra når eg først begynte å lære meg og spele gitar. Dette tok eg nok etter fleire av familiemedlemmene mine som har drive med musikk på hobbybasis.

Han fortel til NRK at musikken har vore ein fristad og at han har late seg inspirere av artistar som blant anna Ben Howard, Nick Drake og norske Kings of Convenience.

– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg begynte å legge ut musikk på Spotify og liknande, og hadde aldri sett for meg at det skulle utvikle seg slik det har gjort nå, seier Alek Olsen.

Alek Olsen billboard

Alek Olsen kjem frå Stavanger-området og nyt for tida stor suksess som artist.

Foto: Skjermdump Billboard

AKTUELT NÅ