Hopp til innhold

Stolten­berg: – Vi lever i ei farlegare tid

Israel sitt svar til Hamas må skje innanfor folkeretten, sa Nato-sjefen til Nordisk Råd i dag. Førre fredag var dei nordiske landa ueinige om ei humanitær våpenkvile på Gaza.

y9SQlOpZrJA

Dei nordiske statsministrane samlast i Oslo denne veka.

Foto: NTB

Statsministrane frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Grønland, Åland og Færøyane samlast i dag.

– Det er alltid ei kjensle av å kome heim når vi møtest, opna statsminister Jonas Gahr Støre pressekonferansen tidlegare i dag.

Det nordiske toppmøtet går føre seg for 75. gang. Dei neste dagane skal dei diskutere det nordiske samarbeidet, samt krigen i Ukraina og i Midtausten, uttala Jonas Gahr Støre.

– Vi fordømmer Hamas sitt terrorangrep, seier Jens Stoltenberg, Natos generalsekretær frå talarstolen.

Utanfor Stortinget er det fleire demonstrantar som har møtt opp for å vise støtte til palestinarane på Gazastripa. Slagorda kan ein høyre frå stortingssalen.

Demonstrasjon utanfor Stortinget.

Demonstrasjonen utanfor Stortinget under Nordisk Råds sesjon.

Foto: Håvard Skjerdal / Privat

– Det einaste området Nordisk Råd ikkje har diskutert før er tryggleikspolitikk. No er det endra. Vi er alle snart medlemmar av den same forsvarsalliansen. Vi lever i ei farlegare tid. Aukande rivalisering mellom stormaktene, krig i Europa og ein ny krig i Midtausten.

Jens Stoltenberg er gjestetalar under opninga.

– Det er viktig at Israel sitt svar til Hamas skjer innanfor folkeretten. Sivile må beskyttast og humanitær hjelp må komme fram til Gaza. Lidinga vi har sett minner oss på at vi ikkje må gi opp arbeidet om ei fredeleg løysing på konflikten.

Nato ønskjer humanitære korridorar til Gaza, seier Stoltenberg.

Stortingspresident Masud Gharahkhani opna sesjonen saman med Nordisk råds president, Jorodd Asphjell.

– Nordisk Råd skjer i ei tid der alvoret og uroa i verda pregar oss alle. Våre felles verdiar er under aukande press, seier Gharahkhani i opningstalen.

Demonstrasjons på Eidsvolls plass utanfor Stortinget.

Demonstrantar på Eidsvolls plass utanfor Stortinget under Nordisk Råds sesjon.

Foto: NTB

Ueinige om FN-resolusjonen

Førre fredag stemte FN si generalforsamling over ein resolusjon som ber om ei umiddelbar humanitær våpenkvile på Gaza. Då var det berre Noreg av dei nordiske landa som stemte for.

– Vi er ikkje ueinige i humanitær innsats på Gaza, men førre fredag mangla det eit punkt som fordømte Hamas sitt terrorangrep på mot Israel.

Difor stemde Danmark mot forslaget, seier Mette Frederiksen.

– Vi stemde for. Vi stemde også for den kanadiske formuleringa som sa har Israel har rett til å forsvare seg. Men konflikten er ikkje proporsjonal, og difor var det viktig for oss å stemme for ei humanitær våpenkvile, seier Jonas Gahr Støre og held fram:

– Det er viktig å stå saman. I FN må kvart land gjere opp si eiga meining. Det skjedde førre fredag.

4o38NoJ60c0

Jonas Gahr Støre saman Ulf Kristersson og den islandske statsministeren Katrín Jakobsdóttir.

Foto: NTB

– Det er viktig å stå saman, men mi oppfatting er at det ikkje er ulike meiningar blant oss når det kjem til å hjelpe og støtte dei sivile i Gaza.

På spørsmål om dei nordiske landa er samstemde om krigen i Gaza, svarer Jens Stoltenberg at dei nordiske landa er einige, men ikkje om korleis humanitær hjelp best kjem fram.

– Alle dei nordiske landa er einige i nokre grunnleggande ting: Dei militære operasjonane må gå føre seg innanfor folkeretten, vi fordømmer terrorangrepa mot Israel, og Israel sitt svar må skåne sivile liv:

– Korleis desse prinsippa skal bli gjennomført, er det ulike meiningar om. Alle landa er einige i at vi må få fram humanitær hjelp, men det er usemje om korleis. Det viser kor vanskeleg konflikten er, seier Jens Stoltenberg.

 President for Nordisk råd, Jorodd Asphjell, og NATOs Generalsekretær Jens Stoltenberg på åpningen av Nordisk råds 75. sesjon i Stortinget.

Natos Generalsekretær Jens Stoltenberg på opninga av Nordisk råds 75. sesjon i Stortinget

Foto: NTB

– Vi er bekymra for to krigar

Krigen på Gazastripa må ikkje svekke støtta til Ukraina, seier Stoltenberg.

– Ein ny vinter nærmar seg. Det er ingen teikn til at Russland planlegg for fred. Tvert i mot. Dei planlegg for meir angrepskrig:

– Russland kan stoppe krigen i dag, og det kan ikkje Ukraina. Gjer dei det, blir dei okkupert. Okkupasjon er ikkje fred, og det veit vi her i Norden.

Den islandske statsministeren Katrín Jakobsdóttir seier dei kjem til å bruke mykje tid dei neste fire dagane til å diskutere den internasjonale situasjonen.

Den danske statsministeren Mette Frederiksen seier det er viktig at dei nordiske landa står saman.

– Vi er bekymra for to krigar, men samtidig må vi vere i stand til å handle på andre utfordringar, til dømes klimaet.

Múte Bourup Egede, den grønlandske statsministeren, peika på klimagassutslepp og plassavfall som viktige tema den komande veka.

– Grønland er her og vi er klare. Vi vil ha eit likestilt samarbeid.

F.v.: Ålands statsminister Katrin Sjögren, Færøyenes statsminister Aksel V. Johannesen, Sveriges statsminister Ulf Kristersson, Norges statsminister Jonas Gahr Støre, islands statsminister Katrín Jakobsdóttir, Danmarks statsminister Mette Frederiksen, Finlands statsminister Petteri Orpo og Grønlands statsminister Múte Bourup Egedei på pressekonferansen i regjeringens representasjonsanlegg

F.v.: Ålands statsminister Veronica Thörnroos, Færøyenes statsminister Aksel V. Johannesen, Sveriges statsminister Ulf Kristersson, Noregs statsminister Jonas Gahr Støre, Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir, Danmarks statsminister Mette Frederiksen, Finlands statsminister Petteri Orpo og Grønlands statsminister Múte Bourup Egede på pressekonferansen i regjeringa sin representasjonsbustad.

Foto: NTB

AKTUELT NÅ