Organisasjonsutvalet har konkludert med at utsegner i samband med nominasjonsprosessen i Oslo Frp, ikkje samsvarer med å vere medlem av partiet.
Utvalet trekk fram utsegna kor Tybring-Gjedde seint i juni sa til TV 2 at «innstillinga frå nominasjonskomiteen er eit bestillingsverk og partipolitisk korrupsjon».
Har ikkje tillit
Nominasjonskomiteen i Oslo Frp foreslo Tor Mikkel Wara og Simen Velle som listetoppar til neste års stortingsval.
– Han har gjentekne gonger, også etter ei formell åtvaring frå organisasjonsutvalet i 2021, ikkje respektert demokratiske prosessar og partivedtak.
– Det er difor slått fast at vi ikkje har tillit til at han skal representere Framstegspartiet, seier organisasjonsutvalets leiar, Anni Skogman, i ein kommentar på nettsidene til partiet.
NRK har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Tybring-Gjedde.
– I Framstegspartiet er vi eitt lag med stor takhøgde for diskusjonar, men vi må respektere vedtak som er fatta. Eg tek til orientering organisasjonsutvalet si avgjerd basert på Oslo Frp sitt vedtak, seier partileiar Sylvi Listhaug.
Partileiar Sylvi Listhaug til avgjerda til orientering.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB– Ingen synest dette er gøy
Ho ønskjer ikkje å uttale seg ytterlegare slik saka no står.
Det var Oslo Frp, med fylkesleiar Arve Lønnum i spissen, som bad organisasjonsutvalet vurdere om utsegnene var i samsvar med medlemskap i partiet.
Lønnum meiner organisasjonsutvalet har gjort ei «grei og grundig avgjerd».
– Eg og ingen av oss som har vore involverte i dette synest dette er gøy. Men vi må ha orden i rekkene, og skilje mellom det som er greitt og ugreitt, seier Lønnum til NRK.
Arve Lønnum, fylkesleiar i Oslo Frp.
Foto: Bjørn Richard JohansenUmiddelbar verknad
Assisterande generalsekretær i Frp, Helge Fossum, opplyser at vedtaket har umiddelbar verknad.
– Samstundes har han ankerett i 14 dagar. Ein eventuell anke vil bli behandla av sentralstyret, seier Fossum til NRK.
– Har han så langt valt å anke avgjerda?
– Vi har ikkje motteke ei anke per no, nei.
– Korleis reagerte han på denne beskjeden?
– Det får vere opp til han kva han sjølv meiner om dette.
Assisterande generalsekretær i Frp, Helge Fossum.
Foto: FrpVedtaket inneber at Tybring-Gjedde no er uavhengig representant på Stortinget.
– Kan han kome tilbake til partiet?
– Eit eksklusjonsvedtak inneber at sentralstyret tidlegast etter to år med 2/3 fleirtal kan vedta at han kan melde seg inn igjen.
– Kva mister partiet ved å ekskludere ein Frp-veteran som Tybring-Gjedde?
– Christian har jo bidratt til mykje positivt i partiet, men når ein no ser denne utviklinga, så er det ei grense som gjorde at organisasjonsutvalet har gjort den tillitsvurderinga dei har gjort.
Åtvara tidlegare
Frp-veteranen har vore stortingsrepresentant sidan 2005 og er tidlegare fylkesleiar i Oslo Frp.
– Sjølv om han har bidrege positivt på mange område i ei årrekke, hadde organisasjonsutvalet ikkje noko anna val enn å reagere med eksklusjon, forklarer Skogman.
Leiar i organisasjonsutvalet, Anni Skogman.
Foto: PRESSEBILDE / NORDNORSK KUNSTMUSEUMHo dreg fram at det ikkje er første gongen partiet vurderer utsegner frå Tybring-Gjedde.
I samband med valkampen i 2021 tilbydde Tybring-Gjedde ei ung kvinne med hijab ein tusenlapp dersom ho tok den av. Den gongen fekk han ein åtvaring, kor det vart slått fast at han hadde:
- brote partiet sitt regelverk på fleire vesentlege punkt
- opptredd på ein måte som set partiet og partiet sine tillitsvalde i forlegenheit
- trakka over grensa for kva partiet sine medlemmar kan uttrykke seg om offentleg, utan å skade partiet sitt omdømme
- bidrege til å undergrave partiet sine interesse
- handla på ein måte som kan bidra til å skade partiet eller partimedlemmane sitt omdømme
– Etter ei heilskapsvurdering har vi difor valt å seie at no er nok, nok. Udokumenterte påstandar om «partipolitisk korrupsjon» er fullstendig uakseptable, slår Skogman fast.