Hopp til innhold

Bondevik vil ha SMK til bibliotek

Kjell Magne Bondevik ønskjer at hans tidlegare arbeidsplass skal bli flytta til Deichmanske bibliotek.

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik har tilbragt over seks år i toppetasjen i Høgblokka, og foreslår no at Stoltenberg skal flytte til nabobygget Deichmanske bibliotek.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

For tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik var det ein spesiell oppleving å sjå at hans tidlegare arbeidsplass vart øydelagt under eksplosjonen 22. juli i fjor. Med sine seks og eit halvt år som regjeringssjef, er Bondevik ein av dei statsministrrane som har hatt kontor lengst i Høgblokka.

I eit intervju med NRK luftar han sine eigne tankar rundt Høgblokka og korleis han ser for seg framtida til Regjeringskvartalet.

Høyblokka

Diskusjonen om framtida til Høgblokka er på ingen måte avslutta.

Foto: Sørbø, Krister / SCANPIX

– Kva tenkjer du når du ser desse enorme øydeleggingane?

– At det er ein forferdeleg tragedie. Og under dagane etterpå å stå å sjå opp mot der ein sjølv har gått inn og ut i mange år skapte ein veldig nærleik til tragedien.

– Kva meiner du bør skje med Høgblokka?

– Dersom det er teknisk og tryggingsmessig forsvarleg så meiner eg at den bør stå og byggjast opp igjen.

Picasso-kunst i Høyblokka

Bondevik meiner som mange at Picasso-kunsten i Regjeringskvartalet bør takast vare på.

Foto: Statsbygg

– For det første representerer den ein byggjestil frå ein tidsepoke i historia vår, og for det andre er den eit landemerke i Oslo, som eit av dei høgste bygga, og for det tredje meiner eg ikkje at terroristen skal lukkast i å øydelegge dette senteret for norsk politisk verksemd som det har vore i mange år.

Bondevik meiner også at Y-blokka bør gjenoppbyggast dersom dette er forsvarleg.

– Det er ein naturleg del av Regjeringskvartalet og det er ein god del historie knytt til bygningen allereie. Og ikkje minst er jo Picasso-teikningane veldig flott å ha i eit regjeringskvartal.

Vil ha statsministeren inn i Deichmanske

Men sjølv om Bondevik ønskjer at Høgblokka skal stå, meiner han det er naturleg at Statsministeren sitt kontor bør bli flytta ut av bygget og inn i nabobygget, Deichmanske bibliotek.

– Det kan tenkjast andre alternativ. Me har jo Deichmanske bibliotek liggjande rett ved sida av Høgblokka. som har ein flott fasade. Innvendig ville det sjølvsagt ha blitt forandra, men eg tykkjer dette bør bli greia ut.

Bondevik seier hat an ikkje har prata med tryggleiksekspertar om forslaget, og tek atterhald mot at forslaget må vere tryggingsmessig forsvarleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Deichmanske bibliotek i Oslo

Her ønskjer Kjell Magne Bondevik at Statsministerens kontor skal flyttast til.

Foto: Borgen, Ørn E. / Scanpix

Får støtte frå byantikvaren

Den tidlegare statsministeren får støtte av byantikvaren i Oslo, Janne Wilberg.

Janne Wilberg

Byantikvar i Oslo, Janne Wilberg, meiner forslaget til Bondevik er spennande.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Å sjå korleis ein skal utnytte området rundt Regjeringskvartalet meiner eg er ein veldig god idé. Deichmanske bibliotek er jo ein naturleg nabo, så det å sjå på tvers av dagens tomtegrenser meiner eg er ein svært god idé, seier ho til NRK.no.

Wilberg, som også vil at Høgblokka skal bli ståande, meiner det ærverdige biblioteket er eit godt eigna lokale for møte mellom regjeringa og folket.

– Det er jo ein fantastisk flott sal inne i biblioteket. Det kan nettopp bli staden der Regjeringa møter folket.

– Er det ikkje fare for å øydeleggje bygget ved å innføre dei strenge tryggingstiltaka eit slikt kontor vil føre med seg?

– Det er jo den antikvariske kvardag å bidra til å skape nytt liv på historisk grunn, og det er klart at alle må ha noko å gi i ein slik samanheng. Så eg tykkjer det er ein spennande tanke som Bondevik kjem med.

Møllergata 19

Møllergata 19.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bondevik meiner også at Møllergata 19, som også ligg i det same området, kan eigne seg som lokale for Statsministaren sitt kontor.

– Dette bygget har også ein flott fassade, seier Bondevik.

Det historierike bygget som vart ført opp i 1862, var Oslo sin hovudpolitistasjon heilt fram til 1978. Under andre verdskrig nytta tyskarane bygget til politisk fengsel for norske fridomskjemparar. Vidkun Quisling overga seg på trappa framføre bygget etter at Tyskland kapitulerte.

– Utanriksdepartementet kan utvidast

DEPARTEMENT

Her, ved Utanriksdepartementet, kan Bondevik tenkje seg eit samla Regjeringskompleks.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bondevik peiker også på Utanriksdepartementet som eit alternativ til ny plassering for kontoret til statsministeren. Her meiner han det kan byggjast ut på baksida slik at det bygget vert stort nok.

– Det bør vere eit mål at alle departementa samlast i dette kvartalet.

– Kvifor det?

– Eg trur det er veldig rasjonelt for arbeidet, og det kan truleg by på tryggingsmessige fordelar. Ein må kanskje kjøpe opp ein del omkringliggjande bygg for å få det til. Men det er viktig at det ikkje vert ein lukka betongørken, men at det byggjast grøne lunger og opne areal kor folk kan ferdast.

– Kva slags Regjeringskvartal ser du føre deg i framtida?

– Eg ser føre meg eit heilskapleg regjeringskvartal som huser alle departementa, om mogleg.

Bondevik understrekar at tryggleiken må vere førsteprioritet, og at det er viktig å ta omsyn til dei tilsette i prosessen.

– Ein arkitektkonkurranse som prøvar å foreine desse ulike omsyna hadde trur eg hadde ført til mange interessante forslag.

AKTUELT NÅ