Hopp til innhold

Bombealarmen avblåst på Gardermoen

Politiet har slått fast at det ikkje var noko bombe på toget som vart evakuert på Gardermoen tidlegare i kveld.

Video Bombealarm på Gardermoen

VIDEO: Fleire hundre evakuerte frå tog på Gardermoen.

Politiet fekk melding om bombetrusselen like etter klokka 18 torsdag kveld. All trafikk gjennom jernbanestasjonen vart stansa fram til rundt klokka 22. Trafikken er no i gang igjen.

Det vart funne ein lapp om bord i toget som vart oppfatta som ein trussel om at det var sprengstoff om bord. Lappen vart funnen på toget like etter klokka 18.

Operasjonsleiar Svein Arild Hallås i Romerik politidistrikt opplyser at heile toget er gjennomsøkt, og at det ikkje er fiunne noko. Han fortel at saka vil bli etterforska vidare av politiet på Gardermoen.

Informasjonssjef Åge Christoffer Lundeby i NSB sa tidlegare i kveld at togstansen påverka fleire tusen passasjerar i større eller mindre grad.

NSB om situasjonen på Gardermoen

Opplysningar om sprengstoff

Peter Daatland

Peter Daatland var om bord i toget der bombelappen vart funnen.

Foto: Erling Zahl Urke / NRK

Passasjerar som høyrde lappen bli lesen opp fortel til Romerikes Blad at trusselen kan ha ei kopling til norsk asylpolitikk, men politiet vil ikkje kommentere dette.

Peter Daatland var om bord i toget på veg frå Oslo til Hamar som vart evakuert til flyterminalen på Gardermoen. Han fortaldeat politiet akkurat hadde bede folk om å trekkje seg lenger bort i avgangshallen. Det var sett opp sperringar.

Det evakuerte toget på Gardermoen stasjon.
Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

- Pulsen slo ganske fort

- Eg sat på toget og gledde meg til å kome heim til jul, akkurat som dei fleste andre. Då fekk vi plutseleg beskjed over høgtalaranlegget at det var kome inn ein bombetrussel, og at alle måtte forlate toget på Gardermoen. Eg kjende at pulsen byrja å gå ganske fort, men folk var ganske rolege, sa han til NRK tidlegare i kveld.

Medan han snakka med NRK.no, spurde politiet passasjerane om det var nokon som har sett noko mistenkjeleg. Han fortalde at det var mykje politi der, og at ein del politifolk hadde bevega seg i retning toget.

Han trur helst at bombetrusselen er ein useriøs spøk, men har full forståing for at ein ikkje skal tulle med slikt, spesielt ikkje etter det som nyleg skjedde i Stockholm.

LES OGSÅ: – Ung iraker som var aktiv på nettet

Ved 20.30-tida kunne han fortelje at det var atskilleg rolegare på flyplassen enn tidlegare på kvelden, og at dei hadde fått beskjed om at dei ville bli sende vidare med alternativ transport. Mange hadde alt reist frå flyplassen, fortalde han.

Flytrafikken ikkje ramma

Informasjonssjef ved Oslo lufthavn Gardermoen, Jo Kobro, sa ved 19-tida at dei var informert om hendinga, men at flytrafikken ikkje var påverka.

- Det einaste eg kan seie er at toga ikkje kjem inn på stasjonen vår, sa Kobro ved 1845-tida.

Det var likevel ein del forseinkingar på Gardermoen. Sjekk trafikken på Gardermoen her

Politisperring Gardermoen 23.12. 10.

Politiet har sett opp sperringar rundt stasjonsområdet på Gardermoen.

Foto: NRK

Dan Halle var om bord i eit tog like nord for Gardermoen. Toget stod stille i ein tunnel medan dei ventar på ny informasjon. Han var på veg frå Lillehammer til Oslo.

Han fortel at dei fekk opplyst at det vart funne ein lapp om bord i eit anna tog der det stod at det var sprengstoff om bord.

Alle på stasjonsområdet var evakuerte opp i flyterminalen.

Alle som oppheldt seg på stasjonsområdet vart evakuerte opp i flyterminalen.

Foto: Erling Zahl Urke / NRK
Utolmodige togpassasjerar ventar på Gardermoen 23.12 10.

Utolmodige passasjerar ventar etter evakueringa på Gardermoen i kveld.

Har du bilete, video eller noko å fortelje? Ring oss på tlf. 23047777 eller send sms/mms til 1987 med emneordTIPS.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ