Hopp til innhold

Bjørn «Stutum» Sand er død

Mannen bak den populære karakteren «Stutum» vart 96 år gammal.

Bjørn Sand

KJENT RADIOSTEMME: Bjørn Sand vart godt kjent som den kverulerande innringaren Stutum.

Foto: Bjercke, Bente / NTB scanpix

Skodespelar og kringkastingsmann Bjørn Sand er død, 96 år gammal.

Sand var mest kjent for si rolle som kranglefanten «Stutum», ein karakter som ringde fast inn til Nitimen på NRK radio på 70-, 80-, og 90-talet.

– Han sovna fredeleg inn på Diakonhjemmet i dag tidleg, fortel sonen Jon Ola Sand til NRK onsdag ettermiddag.

Sand seier faren var klar og seg sjølv til siste stund, sjølv om helsa til 96-åringen skranta litt det siste året.

Bjørn Sand sluttet med karakteren Stutum da han mente politikerne begynte å snakke slik på ekte.

Bjørn Sand slutta med karakteren Stutum då han meinte politikarane begynte å snakka slik på ekte.

Bjørn Sand var gift med skodespelar Unni Bernhoft. Saman fekk dei tre born, tre barneborn og fem oldeborn.

Vann Spellemannpris

Karakteren Stutum vart skapt av Sand tidleg på 70-talet og vart eit fast innslag i Nitimen og fleire av programleiar Totto Osvold sine radioprogram på NRK.

Stutum avbrøyt ofte og sa det folk flest kanskje tenkte, men ikkje turde å seie høgt.

Sketsjane vart spelt inn og totalt fire album vart gitt ut. I 1973 vann Sand og Osvold ein spellemannpris i open klasse for albumet Stutum Speaking.

Sand jobba også som regissør og manusforfattar og produserte fleire radio- og fjernsynsprogram som gjekk på NRK. Frå 1994 til han pensjonerte seg var han nestleiar i Underhaldningsavdelingen.

Stutum og Totto Osvold

Bjørn Sand på telefonen saman med programleiar Totto Osvold.

Foto: NTB, Scanpix

– Ein meister innanfor TV- og radiohumor

Programleiar og komikar Trond Viggo Torgersen jobba saman med Sand i NRK. Dei laga blant anna «Etter Dagrevyen», med humoristiske innslag som den russiske ubåtkapteinen spelt av Harald Heide-Steen jr.

– Me hadde det kjempegøy og han lærte meg mykje. Spesielt lærte eg om kva som var morosamt på TV og ikkje, og at ein alltid må rekna på kor lang tid ting tar, fortel Torgersen.

Han meiner Sand hadde ei heilt spesiell evne til å vera morosam utan sjølv å le.

Bjørn Sand, alias kverulanten Stutum

Kverulanten Stutum ringde inn til fleire radioprogram og fortalte kva han tenkte om det eine og det andre.

Foto: Ivar Aaserud / SCANPIX

– Han hadde eit eksemplarisk ansikt der han ikkje lo av det han sa sjølv. Det var publikum som skulle le. Og lo dei ikkje, var det ikkje morosamt nok, seier Torgersen.

– Han var ein meister innanfor TV- og radioprogram. Og så var han ein frykteleg fin fyr.

Så mykje meir enn Stutum

Mangeårig kollega, skodespelar og programleiar, Andreas Diesen, seier til NRK at beskjeden om Sand sin bortgang er tung.

– Det er den djupaste sorg ein kan ha. For han var så nær. Han var mentoren min, og av og til oppførte han seg som om han var faren min, seier Diesen om kameraten.

– Korleis trur du Sand vil bli hugsa?

Bjørn "Stutum" Sand

Bjørn "Stutum" Sand avbilda i 2015.

Foto: Jan Kristian Vikeiane Schriwer

– Dessverre som Stutum. Det er trist, for han gjorde så mykje meir. Han var ein meget dyktig revyforfattar og ein utruleg skapande programskapar, seier Diesen.

Gav seg då politikarane tok over

Det var på litle julaftan i tidleg på 1970-talet at programleiar Osvold inviterte Sand til å vera med på nattsendinga.

Under sendinga ringde Sand direkte til Osvold og presenterte seg som Stutum.

– Stutum tok heilt av, og det var vanvettig og ellevilt det han gjorde den kvelden. Han sa frå på ein måte som gjorde at folk tenkte «sånn er det».

Bjørn Sand fekk det verkeleg til å svinga som Stutum, fortalde Osvold i eit intervju med NRK på tidleg 2000-talet.

Men etter tre tiår lot Sand Stutum dø ut. Grunnen, sa han sjølv, var at folk hadde overgått dei vanvittige uttalingane til kranglefanten.

Folk skjønte ikkje lenger at det var ein karakter og ein parodi. Virkelegheita hadde overgått satiren.

AKTUELT NÅ