Hopp til innhold

Politiet skal etterforska bilbrann på passasjerferje

591 personar var om bord då det begynte å brenna i ein bubil på danskebåten «Bergensfjord». Ingen blei skadd.

Bubilen som brann på Fjord Line

Brannen på ferja «Bergensfjord» starta i denne bubilen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Natt til onsdag fekk naudetatane melding om ein brann om bord i ferja «Bergensfjord».

Ferja var på veg frå Hirtshals i Danmark til Stavanger då det begynte å brenna på bildekket.

– Brannen blei raskt sløkt. Personale om bord gjorde som dei skulle, og sprinklarsystemet fungerte som det skulle. Brannen utvikla seg ikkje utover bilen det handlar om, seier konsernsjef Brian Thorsted Hansen i Fjord Line til NRK.

Brannen braut ut ved midnatt, og snautt 50 minutt seinare var den under kontroll, skreiv Bergens Tidende kort tid etter at det hadde skjedd.

Nær 600 personar var om bord, men reiarlaget opplyser at ingen blei skada.

Fjord Lines ferge Bergensfjord ligger utenfor Kristiansand.

Det tok 50 minutt før brannen på bildekket på «Bergensfjord» var under kontroll.

Foto: RS Bendt R. Rasmussen / Redningsselskapet / NTB

Brannen starta i ein bubil

Då det begynte å brenna endra ferja kurs og gjekk mot Kristiansand, opplyser Agder politidistrikt.

Redningsmannskap frå Stavanger og Larvik vart sende for å hjelpa, i tillegg til røykdykkarar frå Kristiansand.

– Det var ein bubil om bord som brann. Det var ei gassflaske i denne bubilen som vi måtte få kontroll på, seier Andreas Ingsøy frå Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Passasjerar NRK har snakka med fortel at det var fleire som gret, og nokon som skreik.

Les også – Vi måtte sove på gulvet. Det luktet røyk i lugarene.

Mona Storaas Våge og datteren Louise Storaas Våge Handeland etter å ha kommet av MS Bergensfjord onsdag morgen

Skal etterforska kva som har skjedd

Kvart over åtte onsdag morgon la skipet til kai i Risavika utanfor Stavanger, nesten to timar forseinka.

Då gjekk politiet om bord for å gjera undersøkingar.

– Politiet har mottatt bistandsanmodning frå Agder politidistrikt om å etterforska og gjera undersøkingar av åstaden i forbindelse med branntilløpet på MS «Bergensfjord» tidlegare i natt, opplyser Sørvest politidistrikt.

Politiet på plass i Risavika.

Politiet er på plass i Risavika like før klokka 08.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Anten var det hell eller godt arbeid, men brannen er avgrensa til denne bilen. Sjølv om det har vore tett med bilar rundt. Så det har heldigvis gått mykje betre enn ein kunne ha frykta, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Torleif Paulsen etter at dei hadde sett på åstaden.

Nå skal dei undersøka bubilen der brannen starta.

– Me er også i dialog med bileigar for å få ein forklaring frå han på kva som har vore i bilen og kva som har skjedd.

Bubilen som forårsaka brannen på Fjord Line

Her blir bilen transportert ut av skipet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ingen skader på skipet

Nå skal «Bergensfjord» reisa vidare til Bergen.

– Sjøfartsdirektoratet har også vore om bord og undersøkt infrastrukturen på båten og det ser uskadd ut. Det meiner eg og. Så eg tenker at det er trygt at dei kan reisa vidare, seier Paulsen.

Konsernsjef i Fjord Line Brian Thorsted Hansen på plass i Risavika for å ta imot MF Bergensfjord onsdag morgen.

Konsernsjef i Fjord Lines Brian Thorsted Hansen er på plass i Risavika for å ta imot MS Bergensfjord onsdag morgon.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Skipet vil vere i normal drift etter ei forseinking på ein og ein halv time til Bergen, seier konsernsjefen, Thorsted Hansen i Fjord Line.

Onsdag morgon var han også på plass då skipet la til kai i Risavika.

– Nå vil eg gå om bord og snakke med vårt personale og gjestane, for å høyre kva stemninga har vore i løpet av natta og kva som har skjedd.