- Det har heile tida vore ei målsetjing at vi skulle oppmode til boikott av dei to første nasjonale prøvene. Det har vi gjort, og oppslutninga i går viser at aksjonen vår har vore svært vellukka, seier Solveig Tesdal i eit intervju med NTB.
Dei nasjonale prøvene held fram komande veke, og skal gå føre seg fram til mai. Tesdal meiner at elevane gjennom dei to boikottane har oppnådd det dei ville, å få vist sin motstand mot prøvene.
Ho meiner dei også har fått vist at prøvene har vore dårleg førebudde frå styresmaktene si side, og at det er eit demokratisk problem når skulepolitikken ikkje er forankra hos dei det vedkjem mest.
Elevorganisasjonen si registering under aksjonen viser at minst 10 prosent av alle elvane boikotta den nasjonale leseprøva for 10. klasse i grunnskulen og på grunnkurs i den vidaregåande skulen.
Minst 14.000 elevar deltok i aksjonen, seier Elevorganisasjonen, av i alt 120.000 elevar.
Utdanningsdirektoratet har enno ikkje fått oversikt over omfanget av boikotten.
Solveig Tesdal meiner utdanningsminister Kristin Clemet bær vere stolt over elevane som boikotta prøvene.
- Ho bør vere stolt over at elevane er kritiske, bevisste og engasjerte. Det er eit sunt teikn at elevane handlar når dei kjenner seg urettferdig behandla, seier ho til NTB.